Historisk arkiv

Omdømmearbeid på dugnad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

omdømme

I løpet av eit halvt år har ei gruppe eldsjeler greidd å mobilisere både pengar, politikarar og Førde-samfunnet. Målet er at dugnaden skal spreie seg til skular og arbeidsplassar.

Glad ungdom

I løpet av eit halvt år har ei gruppe eldsjeler greidd å mobilisere både pengar, politikarar og Førde-samfunnet. Målet er at dugnaden skal spreie seg til skular og arbeidsplassar.

Mange kommunar er usikre på korleis ein omdømmeprosess skal angripast. Spørsmåla er mange. Korleis startar vi opp? Bør vi hyre inn konsulentar? Kva kostar ein slik prosess? Slike spørsmål finnes det ingen fasit på. Og rundt om i landet medverkar både kommunar, bedrifter, arrangement, organisasjonar og privatpersonar i omdømmeprosessar.

Førde-varianten
I Førde har ei gruppe eldsjeler frå organisasjons- og næringslivet teke initiativ til ein toårig dugnad for å styrke Førde og starte ein debatt om korleis byen skal utvikle seg. Omdømme er eit sentralt stikkord i arbeidet, som har fått namnet ”Førde Framover”. Bakgrunnen var samansett.
– For det fyrste er Førde ein ung by med mange tilflyttarar. Tenåringane som er vakse opp her byrjar å få ein Førde-identitet, men denne manglar hjå mange vaksne. For det andre har byen vakse fort, og opplevd nokre veksesmerter når det gjeldt arkitektur. For det tredje ynskjer vi å utnytte den krafta som finnes i Førde-samfunnet. Vi trur også det er eit sprik mellom korleis vi sjølve oppfattar Førde og korleis omverda ser på oss, fortel Anne-Mette Hjelle.
Ho er koordinator i dugnadsgruppa bak Førde Framover, og har heile tida nytta sin kompetanse som kommunikasjonsrådgjevar i arbeidet. - Vi er ei gruppe privatpersonar som er fulle av energi og krefter og ynskjer å nytte kompetansen vår til å lyfte Førde-samfunnet, seier ho engasjert.

Ny aktør
- Korleis har de vorte motteke?
- Vi dukka opp som ein ny aktør i det etablerte systemet, og snakka om tema som både næringsliv og kommune føler eit ansvar for. Dette må vi ha respekt for, vi ynskjer ikkje å hamne i ei betrevitarrolle. Derfor har vi heile vegen lagt vekt på openheit og kommunikasjon. Vi har vore opptekne av å fortelje om kven vi er, kva målsetting vi har, og at vi gjerne vil ha med oss heile Førde, seier Anne-Mette Hjelle. Prosjektet har vorte presentert i formannskap, for næringslivet og på andre arenaer, heile tida grundig førebudd og med vekt på fagkunnskap.
Dette har resultert i at Førde Framover har vorte møtt med interesse og nysgjerrigheit. Ein og anna skeptikar var det i starten, men gjennom tett dialog med alle involverte partar, blir arbeidet no sett på som ein nyttig ressurs og som ein del av det øvrige utviklingsarbeidet i Førde. 
Ordførar Nils Gjerland fortel at kommunen helsar initiativet velkomen. - At innbyggarane i Førde syner eit slikt engasjement er kjempeflott. Innsatsen gjennom Førde Framover tilfører heile Førde ei ny breidde og ein ny dimensjon i arbeidet for at Førde skal vere ein god stad å leve og bu. Førde Framover bidrar til å skape medvit kring viktige spørsmål, seier han.  

Mobilisert
At arbeidet vert gjort på dugnad, er eit medvite val. – For oss er dette eit poeng i forhold til å ha truverd. Kvar dag er det mange eldsjeler i organisasjonslivet som står på for å gjere Førde til ein god plass å bu. Vi har same mål, og synes det blir feil å skulle ha betalt for det, fortel koordinatoren. Sjølv om arbeidet er dugnadsbasert, har det vore behov for midlar til å gjennomføre ei innbyggarundersøking og til sekretariattenester. Desse har kome frå det kommunale næringsfondet og frå eit fond mynta på regional utvikling i regi av næringslivet.

Ny energi

Å styrke Førde sitt omdømme er ein av tre innfallsvinklar i Førde Framover. Dei to andre er å utarbeide mål og visjonar for Førde, og å arbeide med utforminga av byen. Så langt har det vore gjennomført to opne møter, samt ei innbyggarundersøking. Seinare i prosjektet vil dei mest truleg kartlegge kva folk utanfor Førde tenkjer om byen. Gjennom dette arbeidet ynskjer dugnadsgruppa å finne ut kva som er bra med Førde, og korleis ein kan ta tak i det som kan bli betre.
Prosjektet har ein horisont på to år. Då skal Førde Framover levere ein rapport til kommune og næringsliv med sine tilrådingar for vegen vidare. – Men prosessen undervegs er vel så viktig. Alt no meiner vi å merke  ny energi i Førde. Vi prøver å få skular og arbeidsplassar til å diskutere korleis dei kan bidra i arbeidet. At dugnaden spreier seg, er eit viktig resultat i seg sjølv, seier prosjektkoordinatoren.

Biletet:
Ung by: Medan den yngre generasjonen har utvikla ein Førde-identitet, manglar denne hjå mange vaksne. Foto: Stig Roger Eide.