Historisk arkiv

Sogndal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

 

Tema: Kompetanse og rekruttering (omdømme)

Prosjektleiar: Bente Bakke

Bakgrunn: Sogndal er ein skulestad, der det i skuleåret i tillegg buset seg 3.000 studentar frå heile landet. Kommunen har 600 tilsette som utfører 490 årsverk. Vi har positiv folketalsutvikling. Rekrutterer godt på nokre område - dårlegare på andre. Godt omdøme m.a. knytt til friluftsaktivitetar har ført til etablering av nye arbeidsplassar og rekruttering til kommunale stillingar. Ser at det er ein samanheng mellom godt omdøme og rekruttere/behalde. Vi vil knyte arbeidet opp til rekruttering og kompetanseutvikling, og ønskjer først og fremst å fokusere på kommunen sitt omdømme som arbeidsgjevar.

Vi vil byggje vidare på verdien «gjennom samarbeid får vi ting til».  Dette ønskjer vi å kommunisere gjennom kortforma Bli med på laget!

Mål:

  • Vi har betra rekrutteringa gjennom ein heilskapleg strategi for omdømebygging.
  • Vi har betre rekruttering til pleie/omsorgssektoren og barnevern.
  • Vi beheld tilsette - dei er stolte av arbeidsplassen sin.
  • Vi tek i bruk den arbeidskraftreserven flyktningane representerer.
  • Kommunen vert sett på som ein attraktiv læreplass for ungdom.
  • Vi har skapt eit godt omdøme gjennom å levere gode resultat og formidle desse – og
  • Vi har skapt ein kultur for å fortelje dei gode forteljingane – hjå politikarar, tilsette og tillitsvalde. 
  • Prosjektet skal resultere i ein strategisk kompetanseplan, der denne og skal brukast som mal for dei andre einingane i kommunen. 

Tiltak:

  • Gjennomføre risikokartlegging – vurdering av gjennomføring av prosjektet
  • Gjennomføre risikokartlegging – vurdering av implementering/gevinstrealisering
  • Behov for fagleg påfyll  -  Temadagen
  • Utarbeide informasjons- og kommunikasjonsplan
  • Kartlegge alle tenesteområda – prioritere og utarbeide framlegg til tiltak
  • Fullføre kompetansekartlegginga
  • Prosjekt «Eit arbeidsretta introduksjonsprogram» i regi av NAV
  • Reinhaldsprosjektet – flyktningtenesta
  • Plan for utvikling av kommunen si ordning med lærlingar og Ung Jobb
  • Kommunen si netteside
  • Plan for strategisk kompetanseutvikling
  • Innarbeide systematisk arbeid med kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, rekruttering og kompetansestyring som ein del av verksemdsstyringa vår (årshjulet).