Historisk arkiv

Næringsutvikling: Vegvisar for nyskaping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Næringsutvikling: Kom-an.no er ein portal for alle som ønskjer å utvikle forretningsidear eller samfunnsnyttige utviklingsprosjekt saman med andre i Hordaland. Tradisjonell mat, Inn på tunet, skog og bioenergi er blant dei viktigaste satsingsfelta.

Næringsutvikling: Kom-an.no logoNæringsutvikling: Kom-an.no er ein portal for alle som ønskjer å utvikle forretningsidear eller samfunnsnyttige utviklingsprosjekt saman med andre i Hordaland. Tradisjonell mat, Inn på tunet, skog og bioenergi er blant dei viktigaste satsingsfelta.

Hordaland er eit mangfaldig fylke med mange næringar og sterk gründerkultur. Innovasjon og entreprenørskap har derfor blitt ei fokusert oppgåve for det regionale verkemiddelapparatet.

Starte - støtte - vise
Under dei tre fanene starte - støtte - vise på portalen Kom-an.no finn ein alt ein treng av informasjon og inspirasjon til utvikling og oppstart. I portalen kan ein finne ut meir om moglege rådgjevings- og finansieringsordningar i Hordaland og få oversyn over eit mangfald av utviklingsaktørar. Ein kan orientere seg i viktige satsingsområde og relaterte program og prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling.

Fylkesmannen i Hordaland skal leggje til rette for utvikling av bygdene i fylket, og at gardsbruk og landbruksbaserte bedrifter med potensiale for nyskaping og lønsam drift får utvikle seg optimalt. Våre viktigaste målgrupper er kommunane i Hordaland, samt folk i landbruket og landbruksrelaterte næringar.

Næringsutvikling: Kom-an.no er ein portal for alle som ønskjer å utvikle forretningsidear eller samfunnsnyttige utviklingsprosjekt saman med andre i Hordaland.