Historisk arkiv

Opna Dyrsku’n 2011 i Seljord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk slo på klokka som markerer at Dyrsku’n 2011 er opna. – Dyrsku’n er 145 år med historie og samtidig ein framtidsretta marknadsplass, sa Brekk i si opningshelsing i Seljord i formiddag.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk slo på klokka som markerer at Dyrsku’n 2011 er opna. – Dyrsku’n er 145 år med historie og samtidig ein framtidsretta marknadsplass, sa Brekk i si opningshelsing i Seljord i formiddag.

150 utstillarar av maskiner og utstyr, 60 utstillarar på Mattorget og eit stort tal godkjende nyhende understrekar at 145-åringen heng med i tida. Husdyrutstillinga er også sjeldant stor i år med 76 kyr, 30 geiter og 82 hopper påmeldt til dømming.

- Å ta med husdyr på utstilling er eit teikn på ambisjonar. Det er flott at så mange satsar, sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk, som også sa seg fornøgd med ein dyrehelsesituasjon i Norge som gjer at det ikkje er problematisk at det er meldt inn dyr frå store delar av Sør-Norge.

- Korkje maskinutstillarar eller produsentar av lokalmat stiller på Dyrsku’n for å være greie. Alle gjer det for å tene pengar. Det er bra, sa Brekk.

Landbruks- og matministeren nytta også høvet til å uttrykke kor fortvila det er for bøndene på Austlandet som slit med å få hausta korn, poteter og grønnsaker og alt anna som er modent.

- Eg har køyrt gjennom åkerlandskap med djupe hjulspor etter treskar og traktor. Eg har vondt av alle som slit med å få inn avlingene i det heile, og med at det de får inn, har fått kraftig forringa kvalitet, sa landbruks- og matministeren.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk Dyrskun 2011
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og Terje Riis-Johansen på Dyrskun 2011

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk trivdes godt i folkelivet på Dyrskun, der han blant anna var innom både husdyravdelinga og klokkeselgarane. (Begge foto: Landbruks- og matdepartementet)