Historisk arkiv

Mindre matjord blir bygd ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I 2011 vart det bygd ned 6067 mål matjord. Det er det lågaste talet sidan ein tok til med slike registreringar i 1976. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk er nøgd med at regjeringa sin politikk gir gode resultat. Han ser eit sterkt jordvern som ei av sine viktigaste oppgåver framover.

I 2011 vart det bygd ned 6067 mål matjord. Det er det lågaste talet sidan ein tok til med slike registreringar i 1976. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk er nøgd med at regjeringa sin politikk gir gode resultat. Han ser eit sterkt jordvern som ei av sine viktigaste oppgåver framover.

Dette går fram av førebels tal frå Statistisk sentralbyrå. Endelege tal vil vere klare i juni 2012. Sidan 2. verdskrigen er det bygd ned 1,2 millioner mål dyrka og dyrkbar mark i Norge. Det utgjer over 10 prosent av dyrkamarka. Det meste av dette er av dei beste areala, dei  som høver til dyrking av matkorn. Nedbyggjinga har falle sterkt dei seinare åra, og var i 2011 47 prosent lågare enn snitt-tala igjennom ein 10-årsperiode fram til 2004.

Grunnlag for all matproduksjon
– Matjorda er grunnlaget for all matproduksjon. Derfor har regjeringa sett det som svært viktig å styrke jordvernet, og har i løpet av dei seinare åra gjennomført ei rekkje tiltak. I 2004 vart det sett eit mål om å halvere nedbyggjing av matjord. Med dei tala som nå ligg føre for 2011 er vi godt som på dette målet,  seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Brekk er svært nøgd med at kommunane i stor grad tykkjest å ha teke omsyn til dei nye signala frå regjeringa. Han poengterer at statleg vegutbyggjing i nokre fylke står for mykje av omdisponeringa, og at dette ikkje er noko kommunane og fylka kan lastast for.

– Det blir viktig å halde trykket oppe på jordvern i åra som kjem, seier Brekk. – Det er eit sterkt, og aukande  utbyggjingspress i mange byregionar der vi har særs verdfulle jordbruksareal. Det er også mange samferdsleprosjekt under planlegging som kan kome til å gå hardt utover matjorda dersom ein ikkje tek nok omsyn til dette, seier Brekk.

Knapp ressurs
– Mange trur at det er nok av jord å ta av i Norge, og at det kan dyrkast ny jord som kan erstatte den vi byggjer ned. Begge deler er heilt galt, understreker Brekk. – Dei beste areala, matkornjorda, er i all hovudsak forlengst dyrka opp, og nå er det gjerne nettopp desse areala vi øydelegg. Dyrkingsreservene ligg i område med langt dårlegare veksttilhøve og skrinnare jordsmonn. God matjord er derfor ein av dei knappaste ressursane vi har i Norge, understrekar landbruks- og matministeren.

– Det er ingen gitt å seie sikkert korleis vilkåra for matforsyning vil vere for våre etterkomarar. Dei som i dag tillét at god matjord blir rasert, tek derfor på seg eit stort ansvar i høve til komande generasjonar, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Dei beste jordbruksfylka byggjer ned mest
Nettopp derfor er det så uheldig at dei beste jordbruksfylka er dei som byggjer ned mest matjord. For tredje året på rad er Rogaland  det fylket med mest omdisponering, og Sør-Trøndelag har gjennom flere år vore mellom dei fylka som har omdisponert mest.

– Målet om å auke matproduksjonen i Norge i takt med den sterke folkeauken blir svært vanskeleg å nå dersom ein held fram å byggje ned dei beste jordbruksareala i same omfang. Vi må derfor ta nye grep i arealpolitikken, spesielt i dei største pressområda, for å halde nedbyggjinga på dagens nivå og helst redusere den enda meir, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Om Statens landbruksforvaltning
Statens landbruksforvaltning (SLF) skal ta hand om direktoratsoppgåver for Landbruks- og matdepartementet (LMD).

Åkerlandskap

I 2011 vart det bygd ned 6067 mål matjord. Det er det lågaste talet sidan ein tok til med slike registreringar i 1976. (Foto: Øyvind Antonsen/Samfoto)