Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

387 millionar meir til Noregs klima- og skogsatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

I statsbudsjettet for 2012 bli regjeringa si Klima- og skogsatsing auka med 387 millionar kroner.

Noreg styrker innsatsen i det internasjonale klimaarbeidet, og aukar klima- og skogsatsinga til 2,6 milliardar kroner, ei auke på 387 millionar kroner. I tråd med klimaforliket frå 2008, vil ein frå norsk side halde fram med å vere ein aktiv aktør for å sikre internasjonal oppslutning om reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD+).

- Klima- og skogsatsinga har gitt gode resultat så langt, og har mellom anna bidrege positivt i klimaforhandlingane. Så godt som alle dei viktigaste regnskogslanda har engasjert seg i arbeidet for å få ned klimagassutsleppa frå øydelegging av skogen. Regjeringa held fast ved målet om å bidra med tre milliardar kroner årleg til dette arbeidet. Budsjettauken i 2012 betyr at vi er i rute mot dette målet, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Med auken i 2012 vil klima- og skogprosjektet søkje å styrke sitt samarbeid med nokre få utvalde afrikanske land som viser stor interesse for REDD+. Noreg vil mellom anna søkje å auke innsatsen i Kongobassenget, det nest største regnskogsområde i verda etter Amazonas. I tillegg er Mekong-regionen eit sentralt regnskogområde som vil kunne bli prioritert. Samstundes blir den store satsinga i Brasil, Guyana og Indonesia ført vidare, saman med ei betydeleg støtte til prosjekt i regi av det sivile samfunnet, og til store multilaterale initiativ i regi av FN og dei multilaterale utviklingsbankane.

Les òg UD si pressemelding om klima- og skogsatsinga her.

Les mer om mål i miljøpolitikken i brosjyren "Norske miljømål": 

Norske miljømål logo. 

Norske miljømål logo. (Miljøverndepartementet)