Historisk arkiv

Meir til stavkyrkjer og kartdata i revidert nasjonalbudsjett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa foreslår meir pengar til mellom anna sikring av stavkyrkjer og frigjeving av kartdata på Miljøverndepartementet sitt område i revidert nasjonalbudsjett. Det blir også pengar til meir effektiv handsaming av søknader om bustader hos fylkesmennene.

Regjeringa foreslår meir pengar til mellom anna sikring av stavkyrkjer og frigjeving av kartdata på Miljøverndepartementet sitt område i revidert nasjonalbudsjett. Det blir også pengar til meir effektiv handsaming av søknader om bustader hos fylkesmennene.

Det er eit stort behov for å minske handsamingstida hos fylkesmennene for å få meir fart på bustadbygging og samferdsle. Regjeringa foreslår difor ti millionar kroner ekstra til dei 18 fylkesmannsembeta i 2013, slik at dei kan auke kapasiteten, sikre betre samordning og få raskare handsaming av klagesaker og innsigelser.

Brannsikring av stavkyrkjer
Regjeringa foreslår ti millionar koner til betre brannsikring av stavkyrkjene våre. Pengane skal gå til utskifting og utbetring av utstyr for brannsikring og overvaking.

Gjennom programmet for bevaring av stavkyrkjene blir det gjennomført eit omfattande og kostbart arbeid. Stavkyrkjene var sterkt prega av forfall som fylgje av dårleg vedlikehald då programmet starta i 2007. Arbeidet med å sette kyrkjene i stand er no godt i rute og vil bli avslutta i 2015. Brannsikring på høgt nivå er naudsynt for å bevare dei uerstattelege kulturminneverdia som stavkyrkjene representerer.

Klimaforhandlingane
Noreg ønskjer å ha ei leiande rolle i forhandlingane fram mot ei ambisiøs global klimaavtale i 2015. Norge kan spele ei viktig rolle mellom anna som brubyggjar. Regjeringa vil auke innsatsen på dette området med tre millionar kroner. Dette skal gå til å byggje alliansar og fagleg utgreiingsarbeid.

Etablering av genbank i Hardanger
Det er naudsynt at bestanda av villaks og sjøaure i Hardangerfjorden blir sikra i genbank. Bestandar av villaks og sjøaure i Hardangerfjorden er i dårleg forfatning.. Det er naudsynt at bestanda blir sikra i genbank.

Direktoratet for naturforvaltning har vurdert at fire laksebestandar og åtte sjøaurebestandar har behov for og er egna for oppbevaring i levande genbank. Det er vurdert at ti andre bestandar av sjøaure bør vere i frossen genbank. Alle bestandar i levande genbank blir også lagt inn i frossen genbank.

Regjeringa foreslår no i revidert nasjonalbudsjett tre millionar kroner til oppstart av prosjektet, i tillegg til ein fullmakt på opp mot 40 millionar kronar for kontrakt om etablering av genbanken.

Sentre for verdsarven
Miljøverndepartementet har motteke søknader om etablering av verdsarvsentre frå Vegaøyan, Alta bergkunst og Vestnorsk fjordlandskap. Desse er under etablering, men har ikkje nok pengar til investering. I budsjettet for 2013 er det sett av fem millionar kroner til sentre, og regjeringa foreslår å auke dette med elleve millionar for å skre tilstrekkeleg finansiering.

Betre tilgang til kartdata
Regjeringen ønskjer å frigi enkelte sentrale kartdata. Dette kan bidra til betre og billegare varsling, utrykking og beredskap, både for offentlege og private. Mellom anna foreslår regjeringa å frigi datasett frå hovedkartserie for landområda (N50), vegdata og adressedata. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med ti millionar kroner.

Auka vrakpant
Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplassslik at bilvraket kan takast han om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast.. Vrakpanten blei auka med 500 kroner både frå 1. januar 2012 og frå 1. januar 2013, og er no på 2 500 kroner per kjøretøy. I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa ei ytterligare auke på 500 kroner, slik at vrakpanten no blir på 3000 kroner.