Historisk arkiv

20 milliardar til garantiordning for kraft i industrien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa vil etablere ei statleg garantiordning for kjøp av kraft på langsiktige vilkår innanfor kraftintensiv industri.

Regjeringa vil etablere ei statleg garantiordning for kjøp av kraft på langsiktige vilkår innanfor kraftintensiv industri. Ordninga vil ha ei ramme på 20 milliardar kroner.

– Den nye garantiordninga vil sikre arbeidsplassar i industrien. Med dette har vi fått ei god ny ordning som bidreg til langsiktige kraftavtalar, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Industrien har påpeikt at det i marknaden i dag er vanskeleg å inngå langsiktige kraftavtalar, mellom anna fordi det er vanskeleg å skaffe nødvendig, langsiktig finansiering i marknaden. I revidert budsjett 2009 varsla regjeringa at ho ville vurdere om det er mogleg å etablere statlege finansieringsordningar for kjøp av kraft på langsiktige vilkår innanfor kraftintensiv industri. Dette blir nå følgd opp.

– Ei statleg garantiordning av dette omfanget vil bidra til investeringar og verdiskaping i norsk industri over heile landet, seier Sylvia Brustad.

Ordninga skal gjelde for kraftintensiv industri innanfor trevare og trelast, treforedling, kjemiske produkt og metallproduksjon som har eit årleg kraftforbruk på minimum 10 GWh. Garantiar skal berre gis til kraftavtalar med ei lengde på minst 7 år.

Ordninga skal vere på kommersielle vilkår og i tråd med fastsette prinsipp i EØS-regelverket. I tråd med EØS-reglane kan garantien til kvar tid maksimalt dekke 80 prosent av den uteståande finansielle forpliktinga som garantien svarar mot.

Garanti-Instituttet for Eksportkreditt skal forvalte ordninga.

Det er regjeringa si intensjon at den innkjøpte krafta, saman med andre eigedelar skal kunne stilast som sikkerheit for garantien. Dette er eit av fleire element som må på plass før ordninga vil være operativ. Ordninga vil bli notifisert til ESA før etablering.

I samband med revidert budsjett 2009 etablerte regjeringa ei ny støtteordning på 40 millionar kroner under Innovasjon Noreg. Målet med ordninga er å leggje til rette for etablering av innkjøpskonsortium for kjøp av kraft ved at Innovasjon Noreg kan gi bagatellmessig støtte til bedrifter som deltek i innkjøpskonsortium for kjøp av kraft.