Historisk arkiv

For ein framtidig miljøvenleg skipsfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa sin maritime strategi «Stø kurs» vert vidareført med ei satsing på maritim forsking, innovasjon og kompetanse i 2010.

Regjeringa held fram satsinga på maritim forsking og innovasjon, og foreslår å løyve 187,6 millionar kroner til dette. Marknadsføring av NIS-registeret blir vidareført for at fleire skip skal registrerast under norsk flagg. Rammevilkåra for skipsfarten ligg fast ved at regjeringa vidarefører nettolønnsordninga og skatteregimet.

– Det maritime Noreg bør gå føre i utviklinga av ny miljøvenleg skipsfart. Eit løft for maritim forsking, innovasjon og kompetanse vil danne eit fundament for næringa si konkurransekraft no og i framtida, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Regjeringa sin maritime strategi «Stø kurs» vert vidareført med ei satsing på maritim forsking, innovasjon og kompetanse i 2010.

– Regjeringa foreslår å styrka løyvingane til MAROFF-programmet under Noregs Forskingsråd, og vidarefører Innovasjon Noreg si ordning for miljøprosjekt i dei maritime næringane og utvikling av nærskipsfartsflåten, seier Brustad.

Målet er at Noreg skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, og at dei norske maritime næringane skal levere dei mest innovative og miljøvenlege løysingane for framtida.

– Det er viktig med ei satsing på ein sektor som har blitt hardt ramma av finanskrisa. Tiltaka i den maritime strategien vil bidra til å styrke heile den maritime klynga, frå verft og utstyrsleverandørar til skipsfart og maritime tenester, seier Brustad.

Tilgang på konkurransedyktig eksportfinansiering er særleg viktig for dei maritime næringane. Regjeringa legg til rette for dette gjennom det offentlege tilbodet om eksportfinansiering som er betydelig styrka det siste året.

Regjeringa vidarefører ramma på 110 milliardar kroner for GIEKs alminnelege ordning neste år, medan ramma for byggjelånsgarantiordninga for skip settast til 6,5 milliardar kroner.