Historisk arkiv

Ny giv for Andøya Rakettskytefelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Andøya Rakettskytefelt.

Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Andøya Rakettskytefelt. - Pengane skal brukast til å revitalisere rakettskytefeltet, som har vore ein viktig del av norsk romverksemd heilt sidan 1962, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Løyvinga skal i første rekkje gå til å betre infrastrukturen ved skytefeltet som i dag står fram som lite føremålstenleg.

– Vi vil oppgradere infrastrukturen og stimulere norske forskarar til å bruke skytefeltet meir enn dei gjer idag. Målet er å sikre Andøya Rakettskytefelt som ein internasjonalt konkurransedyktig institusjon for atmosfære-, klima- og nordlysforsking, seier Brustad.

Andøya Rakettskytefelt er organisert som eit aksjeselskap der staten eig 90 prosent og Kongsberg Defence and Aerospace AS dei resterande 10 prosent. I tillegg til installasjonane på Andøya eig og driv selskapet også Svalbard Rakettskytefelt. Forutan rakettoppskytingar driv selskapet også slepp av forskingsballongar i atmosfæren.

Andøya rakettskytefelt er leverandør av romrelaterte tenester i dei polare områda.