Historisk arkiv

Ny næringsrådsstilling i Washington

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Næringsråden vil sikre samarbeid og utvikling på det maritime området mellom Noreg og USA.

Regjeringa opprettar ein næringsråd i Washington. Stillinga skal dekke bilaterale forhold knytta til Nærings- og handelsdepartementets ansvarsområde, med hovudvekt på maritime saker. Næringsråden vil sikre samarbeid og utvikling på det maritime området mellom Noreg og USA.

– USA er ein viktig marknad for norsk skipsfart. Samstundes er USA ein sentral aktør for utviklinga av internasjonal skipsfart. Dette er ei stilling som både skal ivareta og vidareutvikle forholdet til maritime myndigheiter og næringskontaktar i USA, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Fleire norske maritime utstyrs- og tenesteleverandørar har sterke marknadsposisjonar innanfor sine område. Dei maritime næringane har stor innovasjonskraft og eit sterkt internasjonalt fokus. Næringsråden skal bidra til å fremje norske maritime utstyrs- og tenesteleverandørar i den amerikanske marknaden.

– Stillinga skal også bidra til meir næringsretta forskingssamarbeid med amerikanske nærings- og forskingsmiljø innan miljøteknologi og andre høgteknologiske område, seier Brustad.