Historisk arkiv

Styrka satsing på romverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa vil satse på romverksemd og foreslår å løyve 775 millionar kroner til formålet.

Regjeringa vil satse på romverksemd og foreslår å løyve 775 millionar kroner til formålet. Det er 309 millionar meir enn i 2009.

– Målet med norsk romverksemd er å bidra til verdiskaping, kunnskapsutvikling, miljø og samfunnstryggleik. Satsinga vil utløyse ei rekkje kontraktar og oppdrag for norske høgteknologiske bedrifter, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

Ein stor del av auken i løyvinga til romverksemd går til å sikre Noreg si deltaking i utbygginga av det europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo, som mellom anna kjem til å gje merkbart betre dekning av nordområda.

– Romverksemd speler ei stor og stadig viktigare rolle i nordområdesatsinga til Regjeringa. Den er viktig både for å hevde suvereniteten vår, for ressursforvalting og for næringsutvikling, seier Brustad.

Regjeringa foreslår også å løyve 15 millionar kroner til Andøya Rakettskytefelt. Løyvinga skal i fyrste rekkje brukast til å oppgradere infrastrukturen ved skytefeltet, men skal også stimulere norske forskarar til auka bruk av Andøya.

Regjeringa føreslår vidare å løyve 6 millionar kroner til arbeidet med å utvikle Automatisk Skipsidentifikasjon (AIS) via satellitt. AIS  er i dag basert på installasjonar på land, og kan berre identifisere skip innafor ei sone på inntil 60 nautiske mil frå land.

– Bruk av satellittar vil kunne gje betre oversikt over maritim aktivitet i norske havområde. Dette vil betre tryggleiken på sjøen, mellom anna i samband med redningsoperasjonar, seier Brustad.