Historisk arkiv

Ytterlegare styrka satsing på reiseliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Satsinga på reiseliv blir styrka med 13 millionar kroner neste år.

I 2010 er det sett av 260 millionar kroner til å fremje Noreg som reisemål over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Satsinga på reiseliv blir med dette styrka med 13 millionar kroner neste år.

– Regjeringa held fram med si storsatsing på reiselivet. Under denne regjeringa har løyvingane til Innovasjon Noreg sitt arbeid med reiseliv blitt auka frå 100 millionar kroner i 2005 til 250 millionar kroner i 2010, med andre ord ein auke på 150 prosent, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.

I tillegg til løyvinga gjennom Innovasjon Noreg, foreslår Regjeringa å løyve 2,1 millionar kroner til Svalbard Reiseliv og 8 millionar til ymse prosjektretta tiltak.

Den styrka satsinga på reiselivsnæringa er ei oppfølging av den nasjonale reiselivsstrategien som blei lansert i 2007. Ein ny rapport frå september i år syner statusen for dei 72 tiltaka i den nasjonale reiselivsstrategien.

Det er sett i gang ei rekkje ulike tiltak for å nå måla:

  • Ei eiga arbeidsgruppe ser på moglegheitene for å utvikle fleire heilårlege arbeidsplassar i reiselivsnæringa. Fleire turistkommunar kartlegg korleis dei skal takle utfordringar knytt til sesongvariasjonar og infrastruktur.
  • Innovasjon Noreg gjennomfører i lag med fem destinasjonar eit viktig pilotarbeid for å bidra til målet om å gjere Noreg til eit berekraftig reisemål.
  • Innovasjon Noreg arbeider vidare med eit prosjekt for å gje reiselivsnæringa økonomisk utbytte av store arrangement som blir lagt til Noreg.
  • Fire pilotprosjekt for utvikling av heilskaplege og koordinerte pakketilbod skal bidra med ny kunnskap om samarbeid i reiselivsnæringa når prosjektet blir avslutta ved utgongen av 2010.

Marknadsføring av Noreg som reisemål er avgjerande for å auke kjennskapen til Noreg. Regjeringa styrkar i 2010 ytterlegare satsinga på marknadsføring, og vil i samarbeid med reiselivsnæringa syte for at støtta vert nytta til marknadsføring gjennom ulike kanalar både innanlands og utanlands slik at utbyttet blir best mogeleg.

Dei tre nordlegaste fylka har i 2009 gått saman om å opprette eit felles marknadsføringsselskap, Nordnorsk Reiseliv AS, for å fremje landsdelen som reisemål. For å støtte opp om dette vidareførast satsinga frå i år, der det er slått fast at minst 15 millionar kroner skal gå til marknadsføring av Nord-Noreg.

– Skal vi hevde oss i den harde internasjonale konkurransen om turistane, må vi levere produkt av høg kvalitet, i tråd med det vi lover i marknadsføringskampanjane. Marknadsføringa av Noreg som reisemål resulterer i auka verdiskaping i norske reiselivsbedrifter, seier Brustad.