Historisk arkiv

Anslår 311 milliardar kroner i petroleumsinntekter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

RNB 2011

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 311 milliardar kroner i 2011. Dette er 23 milliardar høgare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet for 2011.

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 311 milliardar kroner i 2011. Dette er 23 milliardar høgare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet  for 2011.

- Petroleumsnæringa er den største og viktigaste næringa i Noreg. Ein høg oljepris og eit høgt aktivitetsnivå legg til rette for høg verdiskaping. Ein anslår at næringa i 2011 vil bidra med over 311 milliardar  kroner til statskassa. Dette tilsvarar meir enn ti samferdslebudsjett, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Auken i inntektene er i all hovudsak skulda ein høgare oljepris.  Av kontantstraumen er skattar og avgifter 189 milliardar kroner. Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) er rekna til109 milliardar kroner. Foreslått utbyte frå Statoil er vel 13 milliardar kroner. For 2012 er statens netto kontantstraum forventa å vere vel 300 milliardar kroner.
 
Oljeprisen har auka mykje frå i fjor til i år. Gjennomsnittsprisen på nordsjøolje ligg så langt i 2011 på nær 620 kroner per fat. Ein reknar med at oljeprisen vil være relativt høg også i resten av 2011. I det reviderte budsjettet er oljeprisføresetnaden oppjustert med 90 kr og ein legg nå til grunn ein oljepris på 575 kr per fat i 2011.

- Sterk vekst i etterspørselen etter olje, stans i oljeeksporten frå Libya og uro i andre oljeeksporterande land i Midtausten og Nord-Afrika bidreg til prisauken, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Oljeproduksjonen frå norsk sokkel (inkludert NGL og kondensat) er anslått til 2,1 millionar fat oljeekvivalentar (o.e.) per dag i 2011, ein nedgang på fire prosent. Gassproduksjonen har auka noko frå 2010 og ein forventar ein produksjon i år på 109 milliardar Sm3. Gassproduksjonen vil i 2011 utgjere om lag 48 prosent av den samla petroleumsproduksjonen. Dei totale utvinnbare ressursane på norsk sokkel er i ressursrekneskapen for 2010 berekna til om lag 12,8 milliardar Sm3 oljeekvivalentar.

Investeringane i petroleumsnæringa er viktig for norsk økonomi. I Revidert nasjonalbudsjett er investeringane i 2011 anslått til om lag 145 milliardar kroner.
Aktiviteten er høg innan alle fasar av petroleumsverksemda.

- Å maksimere ressursuttaket frå felt i produksjon er ein sentral del av regjeringa sin petroleumspolitikk. Nye utbyggingar og oppgraderingar på eksisterande felt gjev eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel. I tillegg er leiteaktiviteten høg og det blir gjort fleire lovande funn. Dette skapar arbeidsplassar og ringverknader over heile landet og legg grunnlag for ei næring i fleire tiår framover, både til havs og på land, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.