Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2010

Riksvegnettet: 200 millionar kroner meir til vedlikehald og utbygging

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Forslaget vil styrkja vedlikehaldet av eit vegdekke som ber preg av ein hard vinter. Vi aukar dessutan løyvingane til planlegging for å setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan, seier samferdselsministeren.

- Forslaget vil styrkja vedlikehaldet av eit vegdekke som ber preg av ein hard vinter. Vi aukar dessutan løyvingane til planlegging for å setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Forslaget om 200 millionar kroner i auka løyvingar over statsbudsjettet for 2010 er fordelt slik:

  • 70 millionar kroner til vedlikehald av riksvegnettet. Midlane skal nyttast til å hindra at dei lange kuldeperiodane i vinter fører til forverring av tilstanden på vegane.
  • 50 millionar kroner til planlegging av vegutbygging. Midlane  vil setja Statens vegvesen betre i stand til å gjennomføra prosjekta i Nasjonal transportplan 2010-2019.
  • 80 millionar kroner til utbygging av E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

- Midlane til Kvivsvegen vil sikra god framdrift for prosjektet og opning av vegen i 2012, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. I forslaget om tilleggsløyving blir det vist til at framdrifta for ein del av anleggsarbeidet har blitt raskare enn  rekna med. Dette har ført til større utbetalingar i 2010 enn  føresett i tidlegare vedteke budsjett.

For fleire opplysningar: Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010