Historisk arkiv

Rassikring i Oppdølstranda: Anleggsstart i vår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Arbeidet med ny veg og tunnel langs Oppdølstranda kan ta til i vår og vil vera ferdig ved årsskiftet 2013/2014, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Arbeidet med ny veg og tunnel langs Oppdølstranda kan ta til i vår og vil vera ferdig ved årsskiftet 2013/2014. Utbygginga er med på å hindra at det skjer ulukker og er særleg viktig for dei mange som dagleg må ferdast på veg under farlege fjell, til og frå skule og arbeid.

Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at det i statsråd i dag er lagd fram eit forslag om kostnadsramme for prosjektet riksveg 70 Oppdølstranda i Sunndal kommune i Møre og Romsdal.      

Prosjektet omfattar bygging av ein om lag ni kilometer lang veg, medrekna ein tunnel på om lag 7,6 kilometer.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei kostnadsramme for prosjektet på 945 millionar 2011-kroner.

For fleire opplysningar – sjå:

Prop. 75 S (2010-2011) Kostnadsramme for prosjektet rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal

Pressevakt: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)