Historisk arkiv

Støre og Fischer på Europakonferansen onsdag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre innleier og Joschka Fischer er hovudtalar på Europakonferansen 2009. Tema er ”Finanskrisa – politiske konsekvensar for EU”, og konferansen finn stad i Gamle Logen 20. mai frå klokka 10.00 til 13.30. Konferansen kan sjåast på nett-tv.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre innleier og Joschka Fischer er hovudtalar på Europakonferansen 2009. Tema er ”Finanskrisa – politiske konsekvensar for EU”, og konferansen finn stad i Gamle Logen 20. mai frå klokka 10.00 til 13.30.

Europakonferansen er eit årleg arrangement med høgprofilerte europeiske gjester. I 2008 var presidenten i Europakommisjonen, José Manuel Barroso, hovudtalar. I år har Joschka Fischer, den tyske utanriksministeren frå 1998 til 2005, takka ja til å vera hovudgjest.

Utviklinga av EU har vore ein kjerneinteresse for Joschka Fischer i ei årrekke, noko som speglast i både kunnskapsnivået og engasjementet hans. Han vil halde eit framtidsretta innlegg om problemstillingar som er like relevante for Noreg som for medlemslanda.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre vil halde det andre hovudinnlegget og eit skandinavisk panel med blant anna Siv Jensen blant deltakarane, vil møtast til samtale.

Pressekontakt: Presserådgivar Anders Rikter, mobil 920 84 996.