§ 21-5 - Samordningsplikt

Vi viser til e-post av 08.04.2011. I e-posten blir det stilt spørsmål om tolking av byggjesakshandsamingsforskrifta (SAK10) § 6-2, andre ledd.

Det følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 21-5 fyrste ledd at når det er eit vilkår at tiltaket skal ha løyve eller samtykkje frå anna styresmakt, eller når planar for tiltaket skal leggjast fram for slik styresmakt, kan kommunen vente med å avgjere saka inntil det ligg føre avgjerd eller samtykke som nemnt. Kommunen kan også gi rammeløyve innanfor ansvarsområdet sitt, med atterhald om at igangsetjingsløyve ikkje vil bli gitt før forholdet til andre styresmakter er bringa i orden, jf. pbl. § 21-4 fjerde ledd. Kommunen skal i tilfelle som nemnt leggje saka fram for dei styresmaktene som følgjer av forskrift, dersom ikkje avgjerd eller fråsegn er innhenta på førehand.

Det følgjer vidare av tredje ledd at andre styresmakter innan 4 veker frå oversending må fatte avgjerd eller gi fråsegn. I særlege tilfelle kan kommunen forlengje fristen før denne er stoppa. Når det ikkje er eit vilkår at tiltaket må ha løyve eller samtykkje frå andre styresmakter, kan saka avgjerast når fristen er ute.

Føresegna i pbl. § 21-5 andre ledd presiserer kva særlovsstyresmakter som blir omfatta av kommunen si samordningsplikt, jf. SAK10 § 6-2 første ledd. Kommunen si samordningsplikt omfattar alle søknadspliktige tiltak, og er i hovudsak ei vidareføring av tidlegare rett. Opplistinga av sektorstyresmakter i SAK10 § 6-2 er uttømmande.

Der forholdet til sektorstyresmakter ikkje er avklart, kan kommunen velja å vente med endeleg løyve eller gi rammeløyve med atterhald om at igangsetjingsløyve ikkje vil bli gitt før nødvendig avgjerd eller fråsegn frå sektorstyresmakt ligg føre.
Oppdeling av tiltaket er likevel berre aktuelt når tiltakshavar ønskjer det, jf. pbl. § 21-4 fjerde ledd. Kommunen kan ikkje velje å gi rammeløyve med atterhald, og avvente endeleg løyve, dersom tiltakshavar ønskjer ei eitt-trinnshandsaming. Om tiltakshavar skulle ønskje rammeløyve med atterhald som nemnt over, bør kommunen gi slikt løyve.

Kommunen har ei generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova til å informere tiltakshavar eller ansvarleg søkjar om kva særlovsstyresmakter søknaden må leggjast fram for. Kommunen har også eit overordna koordinerings- og samordningsansvar overfor sektorstyresmaktene og skal innhente nødvendig løyve, samtykke eller fråsegn frå desse dersom dette ikkje allereie er gjort.

Vi viser og til Ot. prp. nr. 45 (2007-2008) om lov om planlegging og byggjesaksbehandling (plan- og bygningslova)(byggjesaksdelen), der det går fram av  punkt 5.5.3 at ”Gjeldende ordning med at tiltakshaver har rett til å innhente uttalelse fra sektormyndigheter, foreslås videreført. Dette er blant annet et vilkår for å få behandlet en sak innen tre uker.” Vidare står det at ”Gjeldende frist på fire uker for særlovsmyndighetene til å fatte vedtak eller avgi uttalelse videreføres, og det presiseres at fristen gjelder uavhengig av om det er kommunen eller tiltakshaver/ansvarlig søker som forelegger saken for disse.”

Det vises også til Rundskriv H-1/10 ”Ikraftsetting av ny byggesaksdel i plan- og bygningsloven”, punkt 6.5.

Departementets konklusjon er at tiltakshavar eller ansvarleg søkjar kan velje å hente inn samtykke, løyve eller fråsegn frå sektorstyresmakter før søknad blir sendt kommunen etter plan- og bygningslova. Dette følgjer også direkte av SAK10 § 6-2 andre ledd; ”Søker kan selv forelegge saken for berørte myndigheter”. Departementet understrekar at sektorstyresmaktene ikkje er gitte høve til å gi mellombelse uttaler i påvente av at saka blir presentert av kommunen. Sektorstyresmaktene skal gi fråsegn innan fristen på 4 veker i pbl. § 21-5, uavhengig av om det er tiltakshavar, ansvarleg søkjar eller kommunen som ber om det.