Ål kommune – motsegn til detaljregulering for H7 Rødungstølen gnr. 91 bnr. 4

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for fritidsbustader H7 Rødungstølen. Dei fire nye fritidsbustadene blir liggjande innanfor eit område med fritidsbustader, og verknadene for landskap og villrein vert difor avgrensa. Motsegna frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken er ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for H7 Rødungstølen i Ål kommune er sendt til departementet frå Stats­forvaltaren i Oslo og Viken i brev av 11. februar 2022, på grunn av ei uløyst motsegn frå statsforvaltaren. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for utbygging av fire nye fritidsbustader innanfor gjeldande reguleringsplan for Rødungstølen sameige. Planen legg òg til rette for betre internveg, omlegging av skiløype og auka utnytting av eksisterande tomter.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken fremja motsegn i brev 24. mars 2021. Motsegna er  grunngjeven med at planen kjem i konflikt med omsyn til landskap, leveområdet til villrein og regionale retningsliner om ikkje å byggje nye fritidsbustader i snaufjellet.

Mekling vart gjennomført 27. september 2021, utan at partane kom til ei løysing. Statsforvaltaren foreslo å ta ut to tomter, og eventuelt redusere storleiken på fritidsbustadene som planen opnar for. Kommunen kunne godta lågare utnytting, men ynskte ikkje å redusere talet på nye tomter. Statsforvaltaren meinte lågare utnytting ikkje var nok for å imøtekomme motsegna, og meklinga førte ikkje fram.

Ål kommune godkjente reguleringsplanen 21. oktober 2021. Kommunen meiner at ei fortetting med fire nye tomter i eit byggjeområde i gjeldande kommuneplan med opparbeidd infrastruktur, har små verknader for natur og landskap. Planen vil gi føremoner for friluftsliv, ved at utbyggjar flyttar og forbetrar eksisterande skiløypetrasé. Kommunen har vedteke føresegner om utforming og materialbruk som minskar fjernverknaden. Det er mellom anna sett krav om mindre bygningsmasse for små tomter, og krav til torvtak og fargeval som ikkje dominerer i terrenget.

Statsforvaltaren i Oslo og Viken rår i oversendingsbrevet 11. februar 2022 til at motsegna ikkje vert teken til følgje. Statsforvaltaren viser til at det er føresegner om tilpassing til terreng og landskap, og meiner at planen ikkje vil forverre situasjonen for villrein nemneverdig.

Møte og synfaring vart gjennomført 18. august 2022  med representantar frå Ål kommune, Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet har i si tilråding 26. september 2022 synt til at denne typen små utbyggingar i område med villrein-, landskaps- og friluftslivsinteresser er uheldig, men har ut frå ei samla vurdering kome fram til at motsegna ikkje bør takast til følje. Dersom Ål ønskjer fleire hyttetomter, bør kommunen heller leggje desse til område under skoggrensa utan villrein-, landskaps- og friluftslivinteresser, og gjerne der det allereie er fritids­bustader i dag.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til reguleringsplanen skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Det går fram av nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023 at utbygging av fritidsbustader bør skje på ein måte som sikrar kvalitet i områda, mellom anna ved bevaring av samanhengande grønnstruktur og god landskaps- og terrengtilpassing. Av omsyn til friluftsliv, landskap og naturmangfald er det viktig å unngå etablering av nye hytteområde over skoggrensa. Fortetting av eksisterande fritidsbustader betyr mindre press på natur- og friluftsområde.

Det er utarbeidd ein regional plan for Nordfjella med Raudafjell (2014-2025). I retningslinene § 2.9 står det at konsekvensane for villrein skal utgreiast for planar som kan påverke villreinområdet. Når eksisterande planar vert endra, bør ein setje fokus på om endringa vil kunne påverke villrein. I retningslinene § 3.2.1 står det at tidlegare godkjente reguleringsplanar gjeld, og rammer for fritidsbustader i gjeldande kommuneplanar kan vidareførast ved neste rullering. Det skal ikkje byggjast nye fritidsbygg ut over det som går fram av gjeldande kommuneplanar. Kommuneplanane gir rammer for ombygging, mindre tilbygg og gjenoppbygging for etablerte fritidsbustader. Regional plan for areal og transport i Buskerud 2018-2035 seier at kommunane gjennom sin arealplanlegging skal leggje til rette for utmarksnæringar, reiseliv og friluftsinteresser. Det skal òg takast omsyn til biologisk mangfald og landskapets sårbarheit ved å ikkje tillate nye fritidsbustader og andre større inngrep over tregrensa eller i det høgastliggjande skogbeltet.

Planområdet er i arealdelen til kommuneplanen for Ål kommune 2010-2022 avsett som eksisterande byggjeområde for fritidsbustader. Området ligg i omsynssone – randsone villrein. I gjeldande reguleringsplan er området regulert til byggjeområde for fritidsbustader med ni fritidsbustader og ei utleigehytte. På synfaringa den 18. august 2022 var alle tomtene utbygd. 

Føremålet med ny reguleringsplan H7 er å leggje til rette for utbygging av fire nye fritidsbustader innanfor gjeldande reguleringsplan. Planen legg òg til rette for betre internveg, omlegging av skiløype og auka utnytting av eksisterande tomter.

Plan­området ligg i ei liside med vidt utsyn. For å redusere dei negative verknadene på landskapet, har kommunen vedteke føresegner knytt til grad av utnytting, maksimal mønehøgde og takretning m.m. Departementet vurderer at fire nye fritidsbustader vil auke preget av utbygging i H7. På grunn av eksisterande inngrep i området, tomtene si plassering i etablert hyttefelt og føresegna i reguleringsplanen, vurderer departementet likevel at landskapsverknadene av utbygginga vert avgrensa.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Departementet vurderer at kunnskapsgrunnlaget om villreinen sitt leveområde i Nordfjella og påverking på villreinen frå ulike aktivitetar er god, jf. naturmangfoldlova § 8. Tilstanden til villreinstamma i Nordfjella villreinområde er vurdert som dårleg i følgje kvalitetsnorm for villrein, og menneskeleg påverknad er vurdert som ei viktig årsak til dette (jf. vurdering etter kvalitetsnorm for villrein, delnorm 3). I 2022 er det ikkje villrein i Nordfjella fordi den er skoten ned på grunn av skrantesjuke. Leveområda skal likevel takast vare på for framtida.

Viken fylkeskommune har i 2021 sett i gang eit arbeid med ein heilskapleg sti- og løypeplan for Nordfjella med Raudafjell. Denne vil inkludere områda ved Rødungsjøen og Bergsjøen. Formålet er å betre villreinens moglegheit til å bruke funksjonsområda innanfor leveområdet, og til trekk innanfor og mellom funksjonsområda. Departementet vurderer at styring av menneskeleg ferdsel er eit viktig avbøtande tiltak for å redusere forstyrring av villreinen i sårbare villreinområder. Ål kommune har starta arbeidet med å revidere kommuneplanens arealdel. Det er viktig at arbeidet med ny sti- og løypeplan for Nordfjella blir følgt opp i arealplanen, og at nye og eksisterande ubygde byggeområde og reguleringsplanar blir vurdert på nytt ut frå omsyn til villrein.

Kommunal- og distriktsdepartementet har vurdert den samla belastinga som påverkar villreinens leveområde, jf. naturmangfoldlova § 10. Den negative påverkinga på samla belasting frå dei fire planlagde hyttene i eit område som allereie er prega av stor aktivitet vil vere avgrensa, og er ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å støtte motsegna ut frå omsyn til villrein.

Departementet har vurdert planen sin påverknad på vassførekomstane. Dei nye fritids­bustadene skal koplast til avlaup, men har eigen vassforsyning. Den nye skiløypa skal gå i bru over ein utløpbekk frå nærliggande regulerte vassmagasin. Departementet vurderar at tiltaket ikkje vil påverka vassforekomsten, og at vassforskrifta § 12 derfor ikkje kjem til anvending.

Kommunal- og distriktsdepartementet har etter ei samla vurdering kome fram til at motsegna til detaljregulering H7 Rødungen ikkje blir tatt til følgje. Departementet viser til at mykje av sjølve planområdet alt er utbygd. Planen legg til rette for fire nye tomter som ei fortetting mellom eksisterande fritidsbustader, og kjem i mindre grad i konflikt med omsyn til villrein og landskap.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet Ål kommunestyre sitt vedtak 21. oktober 2021 om regulerings­plan for H7 Rødungstølen.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 andre ledd.

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Ål kommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet