Bamble kommune - avgjerd i motsegn til reguleringsplan for Gladhaug - Ekstrand

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje detaljregulering for Gladhaug Ekstrand i Bamble kommune. Departementet meiner at bygging på delområde BFS4 i kjem i konflikt med naturmangfald av nasjonal interesse. Det er registrert artar av kvitrot og grenmarasal i område BFS4, og det må gjerast tiltak for ivaretaking av desse artane før utbygging kan finne stad. Motsegna frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er teken til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for Gladhaug Ekstrand i Bamble kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev 21. desember 2022, på grunn av uløyst motsegn frå statsforvaltaren. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje og kan gjere naudsynte endringar i planen.

Planområdet på ca. 11 daa ligg i eit bustadområde mellom Stanghelle og Langesund, om lag 5 km frå kommunesenteret Langesund. Planområdet er bygd ut med tre bustader, samt ein garasje og ein nettstasjon. Resterande delar av planområdet er i ein gjeldande reguleringsplan Eik Korsalen frå 1977 hovudsakleg regulert til friområde. Terrenget fell bratt mot vest og det er ei høgdeforskjell på ca. 25 meter innanfor planområdet.

Føremålet med planen er å leggje til rette for bygging av inntil 6 einebustader med tilhøyrande infrastruktur i delar av dagens friområde. Planen skal òg leggje til rette for leikeareal, og for gangveg mellom Harald Hårfagres veg og Langesundvegen.

Det er gjennomført ein kartlegging av naturmangfaldet i området. Undersøkingsområdet består blant anna av naturtypelokaliteten engprega erstatningsbiotop. Lokaliteten er gitt verdien B (regionalt viktig). Vidare er det registrert enkelte førekomstar av arten kvitrot og to førekomst av arten grenmarasal. Kvitrota er ein fleirårig urt som i all hovudsak er å finne langs Langesundsfjorden i Noreg. Asalen har òg ei avgrensa utbreiing i Grenlandsområdet. Treet er vurdert som nær trua fordi den har relativt få førekomstar konsentrert til eit område med sterkt nedbyggingspress. Begge artane er raudlista.

I planen er det satt eit rekkefølgjekrav om at grenmarasalen i BFS4 vert flytta til friområde o_GF1 før løyve til igangsetting vert gitt.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark fremja i brev 6. mai 2022 motsegn til planen. Statsforvaltaren peikar på at dei kartlagde førekomstane av kvitrot og grenmarasal er av nasjonal interesse, og at desse vil bli skada, og truleg gå tapt ved den planlagde utbygginga i området. Statsforvaltaren meiner det òg vil være vanskeleg å få med seg nok uskadde røter til at grenmarasalen vil overleve ei flytting, slik det er føreslått i planen.

Statsforvaltaren viser til at utgreiinga knytt til naturmangfald har enkelte forelda verdivurderingar, og ein manglande klassifisering av naturtypar etter gjeldande norm. Begge høve fører til ei nedvurdering av verdien av naturførekomstane. Statsforvaltaren meiner at motsegna vil kunne løysast ved at naturmangfaldet vert vurdert ut frå gjeldande metode for kartlegging av naturmangfald, og at planområdet vert avgrensa til dei delane som ikkje har naturkvalitet på nasjonalt nivå.

Mekling er gjennomført 29. september 2022, utan at partane kom til einigheit om ei løysing.

Bamble kommune vedtok planen 15. september 2022. Kommunen viser til at planområdet har bustader på begge sider, og ein veg som skil området frå sjøen, og meiner at moglegheita for fortetting bør nyttast. Vidare peiker kommunen på at kartlegging av naturmangfaldet berre har vist einskilde plantar i området. Kommunen er usikker på om desse har nasjonal verdi.

Kommunen viser til at det er ein målkonflikt mellom fortetting i bybandet med kollektivdekning og omsynet til grønstruktur og biologisk mangfald. Kommunen meiner det er ein fordel med ei fortetting som gir lågare privatbiltransport, og ei auka moglegheit for bruk av eksisterande infrastruktur. Sjølv om bustadreservane i kommunen er stor ligg fleire av dei alternative areala utanfor bybandet. Kommunen meiner òg at planforslaget tar omsyn til grønstruktur med offentlege stiar og leikeområde.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark kjem i oversendingsbrev 21. desember 2022 ikkje med ein tilråding i saka, men peikar på at det er viktig i arealforvaltninga at naturmangfald som er sjeldan eller trua blir teke vare på. 

Møte og synfaring blei gjennomført 31. januar 2023 med representantar frå Bamble kommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet tilrår i brev 3. mars 2022 å ta motsegna delvis til følgje. Departementet meiner at artane grenmarasal og kvitrot må bli varetekne. Artane har ein fragmentert og avgrensa utbreiing, og er registrert som raudlista artar. Grenmarasal er òg ein norsk ansvarsart, med få individ. Departementet viser til at asalen i planområdet har rotfeste i bergsprekkar, og meiner at ei flytting truleg ikkje vil være mogleg. Vidare vil ei flytting av asalen berre ta vare på éin av dei to artane som motsegna gjeld.

Klima- og miljødepartementet vurderer samfunnsnytta med ei bygging av inntil 6 einebustader som relativt låg sett opp mot konsekvensane planforslaget vil ha for naturverdiane. Med ei meir effektiv utnytting av areala, og med ei anna type bustadbygging, vil det truleg være mogleg å byggje utan at dette fører til nedbygging av trua natur. Departementet meiner difor at planforslaget bør justerast slik at ein unngår nedbygging av førekomstane.

Departementet finn derimot at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tungtvegande grunnar for å krevje ei ny kartlegging av naturmangfaldet i området, og meiner at statsforvaltaren sitt krav om dette ikkje bør takast til følgje.

 

Kommunal- og distriktsdepartementets vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til reguleringsplan for Gladhaug Ekstrand skal takast til følgje, eller om kommunen sitt vedtak skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

I rundskriv frå Klima- og miljødepartementet T-2/2016 er nasjonale og vesentlege regionale interesser på miljøområdet klargjorde. Av rundskrivet går det fram at motsegn blant anna skal vurderast når planforslaget er i konflikt med trua naturtypar etter nasjonal raudliste for naturtypar, og med trua artar og deira leveområde.

Kommunal- og distriktsdepartementet finn at omsynet til vern av dei to artane må vege tungt i denne saka. Begge artane er raudlista og med avgrensa geografiske lokasjonar. Artane grenmarasal og kvitrot er begge kategorisert som sårbare på den norske raudlista for artar frå 2021. Artane har òg avgrensa geografiske lokasjonar, hovudsakeleg i Grenlands-regionen. Det er få førekomstar av artane, og utbreiinga av dei er kraftig fragmenterte. I kartlegginga av naturmangfald 21. januar 2022 er det vurdert at planforslaget samla sett vil ha stor negativ konsekvens for naturmangfaldet i planområdet. Både naturtypen engprega erstatningsbiotop og førekomstane av kvitrot og grenmarasal i delområde BFS4 vil bli nedbygd. Departementet vurderer at kunnskapen om naturmangfaldet og verknaden av planlagd utbygging er god, jamfør naturmangfaldlova § 8, og at føre-var-prinsippet i § 9 ikkje kjem til bruk.

Som eit avbøtande tiltak er det gitt føresegn i planen om at grenmarasalen vert flytta til området som blir regulert til friområde, o_GF1, i planen. Klima- og miljødepartementet meiner at eit slikt avbøtande tiltak ikkje i tilstrekkeleg grad tar omsyn til eit vern av asalen.

Flytting av grenmarasalen vil vidare ikkje ta vare på førekomstane av kvitrot eller naturtypen engprega erstatningsbiotop, og desse vil gå tapt i planområdet gjennom den planlagde utbygginga. Departementet vurderer difor at den samla belastninga for naturmangfaldet, med tap av førekomsten av to raudlisteartar og naturtypen engprega erstatningsbiotop, er for høg til at samfunnsnytten av å leggje til rette for bustadbygging på staden kan leggjast avgjerande vekt på.

Departementet meiner at det gjennom ei endring av planen bør være mogleg å gjere tiltak for å unngå negative verknader for dei trua artane, og samtidig opne for noko fleire bustader innanfor planområdet. Det føreligg imidlertid ikkje eit alternativt planforslag som i stor nok grad tek vare på naturmangfaldet, og som departementet kan vurdere. Dersom tiltakshavar og kommunen ønskjer å gå vidare med ei avgrensa utbygging i delområde BFS4, må det difor utarbeidast eit nytt planforslag som i tilstrekkeleg grad tek omsyn til dei kartlagde naturverdiane. Planarbeidet må i tilfelle gjerast i nær dialog med statsforvaltaren som miljøstyresmakt. Det er tiltakshavar som har ansvaret for og skal bere kostnadane ved å hindre eller avgrensa skade på naturmangfaldet, jf. naturmangfaldlova §§ 11 og 12.   

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet detaljregulering for Gladhaug Ekstrand, vedteken av Bamble kommunestyre den 19. september 2022.

Departementets avgjerd er endeleg, og kan ikkje klagast på.

 

Med helsing

Erling Sande

 

Kopi:
Bamble kommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Vestfold og Telemark fylkeskommune