Høringssvar fra Statped

Forslag til endringer i barnehageloven mv,

Dato: 31.01.2018

Svartype: Med merknad

Høring av endringer i barnehageloven mv. (norskferdigheter for styrer og pedagogisk leder, og barnehagetilbud til barn med alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

 

.

Statped gjev si støtte til at Lov om barnehager gjennom ein tilleggsparagraf i lova tydleggjer/presiserer rettane til barn med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK). Vår erfaring frå tilsvarande endring i opplæringslova er at dette har hatt stor betydning for både merksemd på elevar som har behov for ASK, og skuletilbodet til svært mange i denne elevgruppa. Vi ser likevel at det er viktig å fokusere på at ASK blir lært på samme måte som anna språk, og at ein sikrar tilgang på eit språkmiljø. Dette er noko ein har fått til kring bruk av teiknspråk, og vi ønskjer derfor at det vert tatt inn i lova at ein også skal bli møtt med bruk av ASK

Tidleg innsats som pedagogisk prinsipp er svært vesentleg for å sikre utviklinga til barn med behov for ASK, og Statped ønskjer at lovformuleringa vert endå meir presis enn det som er foreslått:

  • Det er viktig å tydeleggjere at barnehagebarn med behov for ASK må vere i eit aktivt språklæringsmiljø, og vi ønskjer at det skal tydeleggjerast i paragrafen at dei treng å bli møtt med dei aktuelle kommunikasjonsformene og kommunikasjonsmidla som dei skal nytte
  • Retten som vert foreslått er parallell til den retten som barn med teiknspråkopplæring har og bør ha likeverdig innhald for å sikre språkutvikling og moglegheiter for kommunikasjon
  • Lovparagrafen bør innehalde eit punkt om rett til foreldrerådgjeving frå PPT
  • Retten må gjelde om barnet er heime, men også om dei er på sjukehus eller i institusjon.

Statped foreslår:

  • 19 j Barn med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK)

Barn under opplæringspliktig alder som heilt eller delvis mangler funksjonell tale og som treng alternativ og supplerende kommunikasjon skal møtas med, få opplæring i, og få bruke egna kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmidler for å fremme den kommunikative og språklege utviklinga. Retten skal omfatte tilbod om rådgivning til foreldre.

Før kommunen fatter vedtak om alternativ og supplerende kommunikasjon, skal det utarbeides ei sakkyndig vurdering av den pedagogisk-psykologiske tenesta.

Retten gjelder uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje.

Før det blir utarbeida ei sakkyndig vurdering skal det innhentas samtykke frå barnets foreldre. Foreldrene skal ha rett til å gjera seg kjent med innhaldet i den sakkyndige vurderinga og til å uttale seg før det blir fatta vedtak.

 

Spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerende kommunikasjon.