Høringssvar fra Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen

Høyringsvar Studentparlamentet ved UiB - Endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning.

Dato: 29.09.2016

Svartype: Med merknad

Kvoter eller tilleggspoeng for underrepresentert kjønn.

Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB) har lagt seg på linje med Norsk Studentorganisasjon (NSO). NSO meiner at målretta rekruttering, kjønnspoeng og andre kvoteringstiltak kan nyttast dersom det er kritisk ubalanse på eit studium. Kritisk ubalanse er dersom eit kjønn er representert med under 25% av den opptatte studentmassen på studiet. [1]

SP-UiB er positiv til innføring av ei femårig forsøksordning med ei kvote på 30% for menn ved profesjonsstudia i psykologi, eller til at menn skal få to tilleggspoeng. SP-UiB meiner at ujamn kjønnsbalanse hovudsakleg må motarbeidast med haldningskapande arbeid, miljøarbeid og aktiv rekruttering, men at det skal nyttast kjønnspoeng eller kvotering dersom det er under 25% av eit kjønn. [2] Sidan profesjonsstudia i psykologi har kritisk låg kjønnsbalanse med 16% menn, og sidan det ikkje er mangel på mannlege søkjarar, så meiner vi at det er rom for å nytte kvoteringsordningar. SP-UiB meiner at dei psykologane universitetet utdannar framleis vil halde høg kvalitet, sidan UiB har søkt om ei nedre poenggrense på 60 poeng i ordinær kvote, og 50 poeng i kvote for førstegongsvitnemål.

For SP-UiB er det ikkje kritisk om det er tilleggspoeng eller kvote som blir nytta, men vi vil gjere merksam på at ei kvote kan vere meir effektiv enn tilleggspoeng på studium der poenggrensa for å kome inn er høg.  

UiB har fleire studium med kritisk ubalanse innanfor realfag, helsefag, data- og teknologiutdanningar. Det er 20 studieprogram på UiB som har under 20% representasjon av det eine kjønnet. På spørsmålet om det er andre studium enn profesjonsstudia i psykologi som er aktuelle for kvotering så er det SP-UiB sin meining at kvotering berre bør nyttast der ubalansen ikkje er skapt av mangel på søkjarar. Dersom det er tilfelle må ein nytte målretta rekruttering og miljøtiltak sidan kvotering vil ha avgrensa verknad. Samtidig bør ein vere bevisst på universitetet sitt samfunnsansvar og vurdere kvoteringstiltak til studium der ein må ta omsyn til samfunnsmessige behov, det kan til dømes vere innanfor helse eller utdanning.

Vi vil trekke fram spesialpedagogikk og bachelor i pedagogikk som døme på studium som kan vere aktuelle for kvote eller tilleggspoeng. På desse studieprogramma består opptaket av høvesvis 92,5% og 79,1% kvinner. Ved begge studieretningane må det arbeidast for å auke talet på mannlege søkjarar, og ein bør vurdere kvoteringstiltak dersom desse ikkje har utjamnande effekt.  

[1] NSO sin mangfalds-, inkluderings- og likestillingspolitiske plattform: http://www.student.no/dokumenter/mangfold-inkludering-likestillingspolitisk-plattform/

[2] SP-UiB sin resolusjon “Tiltak for en mer kjønnsbalansert studentrekruttering”: http://spuib.no/sites/default/files/Resolusjon%20-%20Tiltak%20for%20en%20mer%20kj%C3%B8nnsbalansert%20studentrekruttering.pdf