Høringssvar fra Nord-Trøndelag fylkeskommune

Høyringsfråsegn - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Dato: 28.09.2016

Svartype: Med merknad

Kvoter/tilleggspoeng for underrepresentert kjønn:

Nord-Trøndelag fylkeskommune meiner tilleggspoeng for underrepresentert kjønn bør nyttast for å nå målet om å utjamne kjønnsforskjellar.

 

Kap. 3 Unntak frå krav om generell studiekompetanse:

Nord-Trøndelag fylkeskommune støttar forslaget om å gi unntak frå krav om GSK i nokre relevante studium, slik som studium ved Den norske filmskolen ved Høgskolen i Lillehammer.

 

Kap. 4 Spesielle opptakskrav:

Nord-Trøndelag fylkeskommune støttar forslaget om at spesielle opptakskrav for tannteknikarutdanninga vert fjerna, men foreslår at ein heller kan legge nødvendig undervisning i relevante tema i kjemi og fysikk inn i undervisninga på studiet.

Fylkeskommunen støttar også forslaget om at nye krav gjeld frå og med opptak til studieåret 2018-2019, men understreker nødvendigheta av å innføre overgangsreglar i ein periode, slik at elever som ikkje har hatt muligheit til å føresjå desse endringane ikkje blir negativt påverka av dei.

 

Kap. 7 Rangering av søkjarar ved opptak

Nord-Trøndelag fylkeskommune støttar forslaget om endring i første setning.