Høringssvar fra Hå kommune

Dato: 12.11.2019

Svartype: Med merknad

Svar på høring om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll frå Hå kommune

Departementet vil lovfesta at barnehagane skal arbeida systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremmar helse, trivsel og læring for alle barn. Departementet vil lovfesta eit uttrykkeleg krav om nulltoleranse mot krenkingar som utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Nulltoleranse skal vera eit viktig prinsipp for å arbeida systematisk med førebyggande arbeid, og det blir innført aktivitetsplikt. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn blir krenka.

Departementet har vurdert ulike alternativ til korleis foreldre og barn kan få oppfylt ein individuell rett til eit trygt og godt barnehagemiljø, og føreslår at det ikkje blir innført ein individuell rett med enkeltvedtak og klagesystem.

Hå kommune støttar forslaget om at ein sikrar retten til eit trygt og godt barnehagemiljø gjennom lovkrav. Det vil gje ei tydelig retning for barnehagene, og understreka behova for gode rutinar og system i dette viktige arbeidet. Hå kommune har i tillegg følgjande kommentarar til forslaget:

  • Departementet føreslår å ikkje innføra ein individuell rett med enkeltvedtak og klagesystem, Hå kommune støttar forslaget.

  • Departementet føreslår i staden at det blir innført ei aktivitetsplikt som skal sikra at barnehagen handlar raskt og rett når eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Aktivitetsplikta skal bestå av spesifikke og skriftlege punkt med ulike tiltak. Det blir i tillegg føreslått ei skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenker eit barn. Hå kommune støttar forslaget om aktivitetsplikt.

  • Del 2 Andre forslag

Krav om at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligga samla

Departementet meiner det bør innførast eit krav om at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligga samla. Det vil i praksis seia at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligga samla og at avstanden ikkje kan vera større enn at barnehagen står fram som ein barnehage. Barnehagar som i dag består av fleire einingar eller avdelingar som er lokalisert ulike stader, må gjere kvar ekelt eining eller avdeling om til sjølvstendige barnehagar med eige organisasjonsnummer. Kravet skal gjelda både kommunale og private barnehagar. Dette heng saman med kravet i Lov om barnehagar når det gjeld grunnbemanning og pedagogisk bemanning. I høyringa er det sagt at dette ikkje vil føra til auka i kostnadar for eigar.

Hå kommune støttar forslag om at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligga samla. Det er likevel ei auke i kostnadar, og Hå kommune ber om at det følgjer med ressurser for å dekke opp auken.

Krav til internkontroll i barnehagen

Departementet føreslår å innføra eit krav om at barnehagen skal ha internkontroll for å sikra at barnehagen oppfyller krava i barnehagelova med forskrifter. Den som er ansvarleg for barnehagen skal ha ansvar for internkontroll i barnehagen.

Hå kommune støttar forslaget om at barnehagane skal ha internkontroll for lettare å sikra at krava i barnehagelova blir fulgt.

Krav til kommunen som barnehagemynde

Departementet meiner det er behov for å profesjonalisera kommunen si rolle og oppgåver som mynde innan barnehageområdet. For å klara dette vil departementet innføra særlege reglar for kommunen som barnehagemynde.

Barnehagemynden skal ha tilsyn med at både private og kommunale barnehagar følgjer regelverket. Praksis i dag inneber at kommunen som eigar og tilsynsmynde fører tilsyn med eigne barnehagar.

Departementet føreslår å lovfesta at kommunen skal organisera oppgåvene den har som barnehagemynde uavhengig av oppgåvene den har som barnehageeigar. Ein ønskjer å sikra at kommunen som barnehagemynde har tilstrekkeleg uavhengig forhold til dei kommunale barnehagane. I tillegg føreslår departementet å lovfesta at personar eller kommunale einingar som er i direkte kontakt med barnehagane ikkje skal utføra oppgåver som kjem inn under rolla som barnehagemynde.

Departementet meiner det bør innførast krav om at oppgåvene som mynde skal ivaretas av eit organ som er tilstrekkeleg uavhengig av personar eller avdelingar som ivartar oppgåver knytta til drift, eksempelvis eit interkommunalt selskap. Departemenet ber spesifikt om tilbakemelding på om dette vil vera realistisk å få til i små kommunar.

Hå kommune støttar intensjonane i lovforslaget, men synes forslaget omhandlar mange elementer som burde vore gjennomgått grundigare i ei eiga høyring. Hå kommune har følgjande kommentarar:

  • Mange ulike problemstillingar vert drøfta i forslaget utan det vert gitt klare konklusjonar. Hå kommune synes departementet sitt forslag om å ha eit tilstrekkeleg uavhengig forhold til kommunale barnehagar blir utfordrande og utydeleg, men er einig i at ein bør ha fokus på å ikkje blanda dei ulike rollene kommunen har som eigar og barnehagemynde.
  • Hå kommune er einig i forslaget om å lovfesta likeverdig behandling av kommunale og private barnehagar.
  • Hå kommune støttar departementets vurdering om at tilsynsoppgåva ikkje bør utførast av ein styrer.
  • Hå kommune meiner at det må vera krav om barnehagefaglig bakgunn for den/dei som skal utføra tilsyn i barnehagane.
  • Mynderolla/oppgåvene vert omtalt veldig generelt. Det er ønskeleg at departementet presiserer i lovforslaget når det gjeld kva oppgåver som må skiljast ut frå eigarrolla.
  • Departementet sitt forslag om at oppgåvene som barnehagemynde skal ivaretas av eit uavhengig organ er ressurskrevjande og svært utfordrande å gjennomføra. Det er små og mellomstore kommunar som ikkje har definerte stillinger til oppgåver som barnehagemynde innanfor barnehageområdet. Dette vil derfor kunna bli ei dyr og omfattande endring. Hå kommune støttar ikkje dette forslaget.

Hå kommune meiner ein kan mista noko ved å skilja heilt mellom rolla som barnehagemynde og eigar. Døme på oppgåver kommunen har som barnehagemynde er blant anna samordna opptak, spesialpedagogisk hjelp, godkjenning og tilsyn. Desse oppgåvene blir utført i nært samarbeid med barnehagane og krev barnehagefaglig kompetanse. Oppgåvene som barnehagemynde er knytta til rettleiing og oppfølging av kommunale og private barnehagar.

Informasjon og kunnskap ein får i den eine rolla kan nyttast positivt i den andre med tanke på barnehagebasert kompetanseutvikling for alle barnehagane i kommunen. Tilsyn er den oppgåven barnehagemynden har der det er utfordrande å være både eigar og mynde. Ein moglegheit innanfor tilsyn er å etablera eit tettare samarbeid på tvers av kommunane, slik at ein unngår å gå på tilsyn i eigen kommune.

Del 3 Felles

Departementet skriv i høyringa at det vil vera behov for oppdatering av instruksar, rettleiingar og informasjonsmateriell, men at dette må må løysast innanfor eksisterende budsjett.

Departementet meiner vidare at ingen av lovforslaga vil innebera vesentlege konsekvensar økonomisk eller administrativt. Det vil vera av begrensa omfang.

Hå kommune støttar delvis forslaget, men vil presisera at det vil bli auka kostnader når det gjeld krav om at barnhagen sine lokaler skal ligga samla.