Høringssvar fra Levekårsutval i Flora kommune

Dato: 05.11.2019

Svartype: Med merknad

Høyringsuttale frå Levekårsutvalet i Flora kommune, samrøystes vedteke i sak 025/19

Kunnskapsdepartementet har sendt framlegg til endringar i barnehagelova med forskrifter på offentleg høyring.

Målet med endringane er:

  • Å sikre alle barnehagebarn eit trygt og godt barnehagemiljø

  • Å sikre at dei som driv barnehagar har internkontroll med barnehageverksemda

  • Å sikre at kommunen som barnehagemyndigheit likebehandlar private og kommunale barnehagar

  • Understøtte tidlegare framlegg om at kvar barnehage skal vere eige rettssubjek

Levekårsutvalet i Flora kommune gjer slike vurderingar som uttale til framlegg til endringar i barnehagelova med forskrifter;

Om psykososialt barnehagemiljø

Barnehagelova og rammeplanen stiller krav til barnehagen om å legge til rette for sosial deltaking og å fremje eit inkluderande og stimulerande miljø der alle barn skal oppleve å bli sett og få delta i leik.

  • Det fysiske og psykososiale miljøet skal støtte opp om barns lyst til å leike, utforske, lære og meistre.

  • Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggande funksjon for å jamne ut sosial ulikskap, og bidra til barns trivsel, livsglede, meistring og følelse av eigenverd, uavhengig av bakgrunn.

  • Barnehagen skal førebygge krenking og mobbing, og om barn opplever krenking og mobbing skal barnehagen handtere, stoppe og følgje dette opp.

  • Barn har rett til medverknad gjennom å aktivt ta del i og uttale seg i planlegging og vurdering av barnehageverksemda.

    Barnehagelova og rammeplanen stiller krav til at personalet jobbar målretta og systematisk for å skape eit godt barnehagemiljø. Slikt arbeid handlar m.a. om observasjon og vurdering av barn sin trivsel og allsidige utvikling. Dette vert sett i ein heilskap når personalet gjennom dokumentasjon skal synleggjere vurderings-, refleksjons- og planleggingsarbeidet for å oppfylle krav i barnehagelova og rammeplanen.

    Eit trygt og godt barnehagemiljø for det enkelte barn vert best ivaretatt med å ha fokus på gruppedynamikk og førebyggjande arbeid. Vi meiner det er positivt at barnehagen sitt systematiske arbeid for å skape eit godt miljø i barnegruppene vert vektlagt framfor rettigheitsfesting og handhevingsordning for enkeltbarn.

    Det er også viktig at alle som arbeider i barnehagen har plikt til å gripe inn når barn vert utsett for krenking, også når ein barn vert utsett for krenking frå ein tilsett.

    Gjennom ei aktivitetsplikt vil personalet/barnehagen få plikt til å følgje med, varsle, undersøke, sette inn eigna tiltak og plikt til å utarbeide skriftleg plan for å følgje opp, dersom det er mistanke om eller vert avdekka at barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.

    Med bakgrunn i oppdraget som barnehagen har for å sikre at alle barn har eit trygt og godt barnehagemiljø, støtter vi framlegget til Kunnskapsdepartmentet om å tydeleggjere barnehagen si plikt for å sikre dette gjennom lovendring.

  • Omsynet til barnets beste skal vere grunnleggande i barnehagen sitt arbeid (§ 3 – endring)

  • Nulltoleranse og plikt til fremjande og førebyggjande arbeid (ny § 20)

  • Aktivitetsplikt for å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (ny § 21)

    Krav om at barnehagens lokaler og uteareal skal ligge samla

    Det er viktig å sikre at kvar eining som i praksis fungerer som ein barnehage blir eit sjølvstendig rettssubjekt. Slik unngår ein mistydingar i høve krav til innhald og kvalitet slik det går fram av barnehagelova m/forskrifter

    Vi støttar departementet sitt forslag om å innføre krav om at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligge samla (ny § 7.c). Kommunalt tilskot til private barnehagar som må søkje om ny godkjenning som følgje av krav til samla barnehageanlegg, vert fulgt opp og sikra i ny § 6a i Forskrift om tildeling av tilskot til private barnehager.

    Departementet ber om innspel på kva type omsyn som kan leggast til grunn dersom det skal gjerast unntak frå lovforlaget. Vi meiner at det ikkje kan gjerast unntak utover formulering om at avstand mellom ulike avdelingar og uteområde ikkje må vere større enn at barna og dei tilsette enkelt kan bevege seg mellom dei ulike avdelingar/område.

    Departementet ber også om innspel til lengda på "rimeleg overgangsperiode" før kravet trår i kraft. Vi kjenner ikkje til kor mange eksisterande barnehagar som vert omfatta av lovendringa. Det er viktig at både barnehageeigarar som må søkje om ny godkjenning og kommunar som skal godkjenne barnehagar på nytt, får tid til dette. Vårt innspel er ei overgangsperiode på 1 år frå lova trer i kraft.

    Krav til interkontroll i barnehagen

    Det er viktig at barnehageeigar legg til rette for og følgjer opp at barnehagen oppfyller krav i regelverket, inkludert barnehagelova m/forskrifter. Vi støttar derfor Kunnskapsdepartementet sitt framlegg om å innføre krav til internkontroll med barnehagen sitt arbeid som er i samsvar med bestemmelsane i kommunelova § 25-1, (ny § 7 d i barnehagelova).

    Dei tilsette i barnehagane er kjent med internkontrollsystem knytt til anna regelverk. Ved innføring av interkontroll for å sikre at barnehagelova m/forskrifter vert fulgt opp, må dette sjåast i ein heilskap slik at ein unngår parallelle system. Det må vere eit mål å få til eit internkontrollsystemet som synleggjer handlingar og ansvarsfordeling gjennom rutiner og prosedyrar ein har for følgje opp føringar i dei ulike lovverka/føreskriftene som er knytt til barnehagedrifta.

    Regulering av kommunen som barnehagemyndigheit

    Barnehagetilbodet er del av kommunen sine ansvars- og forvaltningsoppgåver. Ut frå gjeldande rett skal kommunen som lokal barnehagemyndigheit påse (godkjenne, rettleie og føre tilsyn) at kommunale og private barnehagar følgjer regelverket, og har ansvaret for finansieringa av barnehagane.

    Kunnskapsdepartementet meiner at det er behov for å profesjonalisere kommunen si ivaretaking av oppgåver som barnehagemyndigheit ved å innføre særlege reglar om kommunen som barnehagemyndighet. Målet er å bidra til objektivitet, nøytralitet og tillit i situasjonar der kommunen fører tilsyn med kommunale barnehagar og private barnehagar (konkurrent).

    Lovframlegget skal sikre at personar eller kommunale tenester som har direkte ansvar for barnehagar som kommunen er ansvarleg for, ikkje bør utføre oppgåver kommunen har som barnehagemyndigheit. Dette vil gjelde styrar, eller kontor/etat som ivaretek oppgåver med å drifte kommunale barnehagar.

    Kunnskapsdepartementet ber om tilbakemelding på om myndigheitsoppgåvene i små kommunar kan ivaretakast gjennom interkommunalt samarbeid, kommunalt oppgåvefellesskap eller vertskommunesamarbeid etter komunelova, ev at oppgåver vert delegert til eit interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskaper.

    Barnehagemyndigheita skal sikre kvaliteten i barnehagane i kommunen, og må ha god kunnskap om barnehagane og kjenne til lokale tilhøve som ligg til grunn for barnehagedrifta. Innføring av internkontroll for å sikre at krav i barnehagelova m/forskrift vert følgt opp, vil t.d. gjere arbeidet med tilsyn enklare for kommunen. Vi meiner at det kan vere problematisk for små kommunar å ivareta rolla som barnehagemyndigheit gjennom interkommunalt samarbeid, kommunalt oppgåvefellesskap, vertskommunesamarbeid eller interkommunalt selskap. I den grad kommunar ønskjer å samarbeide om å ivareta rolla som barnehagemyndigheit, må dette kunne avtalast mellom dei kommunane det gjeld, utan at det vert eit lovkrav.

    I høve lovframlegget har vi innspel til at første ledd i ny § 8a Kommunen skal organisere oppgavene den har som barnehagemyndigheit uavhengig av oppgavene kommunen har som ansvarlig for en eller flere barnehager vert tatt bort. Ei slik formulering vil føre til at svært mange kommunar (små kommunar) må ha ei eiga avdeling for oppgåver tillagt barnehagemyndigheitsrolla, som ikkje er organisert under kommunalsjef med ansvar for barnehagesektoren (jf avsnitt over).

    Vi støttar andre ledd Kommunen skal likebehandle private og kommunale barnehager når den utfører oppgaver som barnehagemyndighet.

    Formuleringa i andre ledd vil sikre at kommunen likebehandlar private og kommunale barnehagar uavhengig av korleis barnehagemyndigheitsoppgåvene er organisert. Formuleringa vil gjere det mogleg for kommunen å organisere oppgåvene som tilsynsmyndigheit ut frå eit heilskapsomsyn for å sikre kvalitet i utøvinga, og samstundes sikre objektivitet og tillit.