Høringssvar fra Lærdal kommune

Dato: 13.11.2019

Svartype: Med merknad

Innspel til høyring om endring i barnehagelova om barns psykososiale miljø

  1. Fleire vaksne i barnehagen.

    Positive forslag om endringar som tydeleggjer ansvaret. Men med dei nye krava til systematisk arbeid med førebygging, undersøking, handling og oppfølging må departementet i forlenginga av lovendringa ruste barnehagane til å vere i stand til å utføre oppdraget.

    I dag er det ofte slik at det skjer uheldige episodar, men barnehagen har ikkje nok vaksne til å gripe inn og følge opp. Personalet burde og vere i forkant mange gonger for å førebyggje og forhindre uheldige epsiodar.

    Systematisk observasjon er tidkrevjande og handling/tiltak i barnegruppa krev at vaksen er tett på og kan gripe inn og retteleie borna heile dagen. I store deler av dagen er det færre vaksne til stades.

    Med eittåringar som korkje kan gå, eller gi verbalt uttrykk for sine behov, er det krevjande å jobbe førebyggjande og med god oppfølging.

    Det er behov for fleire vaksne som er tettare på slik lovkravet legg opp til.

Det vil vere naturleg å gå vidare med lovkrav om grunnbemanning i heile opningstida som eit minimum. Då vil ein sikre at alle barnehagar kan vere i stand til å drive etter lovkrava.

2. Rettstryggleik for dei tilsette i barnehagen

Det er viktig at departementet sikrar rettstryggleiken for dei tilsette med bakgrunn i trygging av miljøet i barnehagen. Dette gjeld særleg i situasjonar der barn/foreldre peikar på namngjevne tilsette knytt opp til årsaksforhold for barnet sin mistrivsel. Dei tilsette har krav på ei forsvarleg behandling i saker som skulle oppstå.

Lovkravet utløyser nokre problemstillingar som departementet lyt tydeleggjere;

  • Å «angi» medarbeidarar eller rettleie til betre praksis

  • Krenkingar kontra grensesetjing; Små born treng hjelp til regulering og treng nokre gonger å verte stoppa frå å skade seg sjølv eller andre born. Korleis bruke fysisk makt utan å krenke?