Høringssvar fra Gol kommune

Dato: 12.11.2019

Svartype: Med merknad

Høyring: Forslag til endringar i barnehagelova (Innføring av lovreglar om psykososialt barnehagemiljø og internkontroll m.m.)

Svar frå Gol kommune etter politisk behandling 30.10.19:

§ 3 (nytt fjerde ledd) Barns rett til medverknad og omsynet til barnets beste

Gol kommune støttar endringa i § 3 som fastslår at barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i barnehagen sitt arbeid.

§ 7c Krav til samla barnehageanlegg

Gol kommune støttar ny paragraf som fastslår at barnehagen sine lokale og uteareal skal ligge samla med mindre det ligg føre særlege omsyn som tilseier at dei bør ligge på ulike stader.

Gol kommune støttar også at private barnehagar som må søkje ny godkjenning på bakgrunn av denne paragrafen om samla barnehageanlegg, ikkje mistar sitt tidlegare tilskot til barnehagedrift jf. Forskrift og tildeling av tilskot til private barnehagar ny § 6a.

§ 7d Internkontroll i barnehagen

Gol kommune støttar ny paragraf som fastslår at det skal utførast internkontroll for å sikre at barnehagelova med forskrifter blir følgd.

§ 8a Krav til uavhengighet og likebehandling

Gol kommune støttar ikkje forslag i fyrste ledd om at kommunen skal organisere oppgåvene som barnehagemyndigheit uavhengig av oppgåvene kommunen har som eigar av ein eller fleire barnehagar, fordi det betyr at ein person ikkje kan inneha begge oppgåvene.

Dette fordi det betyr at ein person ikkje kan ha begge oppgåver. Spesielt i små kommunar vil dette bli umogleg å gjennomføre, fordi det er få personar i administrasjonen å spele på, og fagmiljøet kan bli smuldra opp når dei få fagpersonane som er tilsett i administrasjonen heller ikkje kan vere organisert under same leiar. Dessutan kan stillingane bli så små når dei må delast mellom fleire personar, at dei bli lite attraktive for fagpersonar å søkja på.

Ei betre løysing er å halde fram som i dag med eit forpliktande interkommunalt samarbeid der barnehagemyndigheita har med seg ein objektiv part som har ansvar for tilsyn. Det er også eit regionalt samarbeid om kompetanseheving både pedagogisk og administrativt for både private og kommunale barnehagar. Fylkesmannen i Buskerud har arrangert kurs og vidareutdanning for barnehagemyndigheita for å styrke objektiviteten og kunnskapen på dei ulike områda.

Gol kommune meiner at det må vere ein mogelegheit for små kommunar å organisere oppgåvene som i dag, dvs. at ein person kan inneha begge oppgåvene.

Fleire små kommunar har få eller ingen private barnehagar. Det vil difor verke lite føremålsteneleg (sjå argument over) viss ein må ha ulike personar til å utføre oppgåvene som barnehagemyndigheit og eigar for barnehagane.

I følgje barnehagelova § 9 skal Fylkesmannen føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit. Difor sikrar ein også gjennom denne paragrafen at oppgåvene blir utført objektivt og forsvarleg.

Gol kommune støttar forslag i andre ledd i § 8a at kommunen skal likebehandle private og kommunale barnehagar når den utfører oppgåver som barnehagemyndighet.

§ 12 Tredje og fjerde ledd Likeverdig behandling og forskriftsheimel

Gol kommune støttar forslag om likeverdig behandling av private og kommunale barnehagar.

§ 20 Nulltoleranse og plikt til fremjande og førebyggande arbeid

Gol kommune støttar forslag til ny paragraf om at barnehagane skal ha nulltoleranse mot krenkingar som systematisk utestenging, mobbing, vold, diskriminering og trakassering, og at barnehagen skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og arbeide for å førebyggje krenkingar.

Gol kommune støttar forslaget om at det vert innført tydelege pliktar utan å innføre ein individuell rett og eit system for handheving av enkeltsaker.

§ 21 Aktivitetsplikt når eitt eller fleire barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø

Gol kommune støttar forslag til ny § 21. Det er viktig at alle vaksne følgjer med på om barna har eit trygt og godt barnehagemiljø, og at dei varslar barnehagen sin dagleg leiar/styrar ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det bra. Vidare støttar Gol kommune at dagleg leiar/styrar skal varsle vidare til den som er ansvarleg for barnehagen i alvorlege tilfelle.

Gol kommune støttar at saka skal undersøkjast, at det vert laga ein skriftleg plan, at det settast inn tiltak, og at det ikkje vert innført plikt til dokumentasjon utover dette.

Gol kommune ønskjer å endre ordet «aktivitetsplikt» til «handlingsplikt» da dette er eit meir dekkande ord om at noko må gjerast. Dette er i tråd med handlingsplanar som barnehagane allereie brukar i sitt systematiske arbeid.

Til § 22 Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein tilsett krenkar eit barn

Også her ønskjer Gol kommune å endre ordet «aktivitetsplikt» til «handlingsplikt».

Gol kommune støttar elles forslaget i § 22 om å varsle barnehagen sin daglege leiar/styrar ved mistanke om at ein som arbeider i barnehagen utsettar eit barn for krenkingar, eller til den som er ansvarleg for barnehagen viss det er mistanke til dagleg leiar/styrar. Viss det etter nærare undersøkingar visar seg å stemme – må det straks vurderast ulike tiltak retta mot den aktuelle tilsette.

Det er viktig at barnehagane har tilsette som er autoritative vaksne, dvs. som setter grenser, men samtidig er varme og trygge.

Forslag til endringar i forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar – Ny § 6a

Gol kommune støttar at kommunen skal gje tilskot til private barnehagar som søkjar om ny godkjenning som følgje av kravet til samla barnehageanlegg, jf. barnehagelova § 7c.