Høringssvar fra Gloppen kommune

Endring i reglane om eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale frå Gloppen kommune

Dato: 16.09.2015

Svartype: Med merknad

Gloppen kommune v/formannskapet ber regjeringa legge vekk framlegget om at produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar ikkje lenger skal reknast med i skattegrunnlaget for eigedomsskatt og framlegget om å avvikle omgrepet vek og bruk som eigen kategori for eigedomsskatt.

Gloppen kommune viser til uttalane frå KS og LVK og sluttar seg til desse.

For Gloppen kommune sitt vedkomande vil departementet sitt endringsframlegg gje eit inntektsbortfall på opp mot 2 millionar kroner i året. Dette er vesentleg for ein kommune som strevar med balanse i drifta.

Dersom framlegga frå departementet likevel blir gjennomførte, legg Gloppen kommune til grunn at skattetapet til kommunane fullt og heilt blir kompensert utan at dette går ut over dei generelle inntektene til kommunane.

Vedlegg