Høringssvar fra Hjelmeland kommune

HJELMELAND KOMMUNE - HØYRINGSUTTALE OM EIGEDOMSSKATTLEGGING AV ARBEIDSMASKINAR M.M. I VERK OG BRUK

Dato: 16.09.2015

Svartype: Med merknad

Hjelmeland kommunestyre behandla i møte den 9. september høyringssak om eigedomsskattlegging av arbeidsmaskinar m.m. i verk og bruk, og har vedtatt slik høyringsuttale:

  1. Eit bortfall av eigedomsskatt på produksjonsutstyr og på verk og bruk vil innebere eit årleg inntektstap på om lag 3.6 mill. kroner for Hjelmeland kommune, noko som vil vere dramatisk for velferds- og tenesteproduksjonen i kommunen. Lokal fastsetjing av skatt på produksjonsutstyr og installasjonar og på verk og bruk er ein viktig føresetnad for god tilrettelegging og godt samarbeid om nærings- og infrastrukturutbygging, og er eit godt grunnlag for lokalt sjølvstyre og gode velferdstenester.
  2. Hjelmeland kommune ber om at høyringsnotatet sine forslag til endringar i eigedomsskattelova vert trekt, og at dagens definisjon av verk og bruk, samt at det skal vere skatt på produksjonsutstyr og installasjonar, vert vidareført, for å sikre kommunens inntekter.
  3. Hjelmeland kommune ber om at gjeldande takseringsreglar blir del av felles nasjonale forskrifter som sikrar betre likebehandling.
  4. Hjelmeland kommune sluttar seg elles til KS og LVK sine høyringar i denne saka. Kommunen støttar og resolusjon frå LVK's landsmøte av 21.08.2015.
  5. Hjelmeland kommune ønskjer å endre på § 11 og § 12 til at kommunane også kan gi botnfrådrag til f.eks skjerming av småbedrifter og til å kunne gi fritak for nystarta bedrifter.

Vedlegg