Høringssvar fra Aurland kommune

Fråsegn til høyringsdokument eigedomsskatt arbeidsmaskiner

Dato: 03.09.2015

Svartype: Med merknad
  • Aurland kommune  rår til at departementet legg  til grunn at alternativa i høyringsnotatet (endringar i eigedomsbeskatning på arbeidsmaskinar mv. i verk og bruk), ikkje får anvending på vasskraftanlegg.  Det er viktig at særreglar  for vasskraftanlegg i eigedomsskattelova §8 B ikkje vert endra jmf skattelova §18 B. Dette gjeld og produksjonsrelaterte nettanlegg.

 

 

  • Aurland Kommune er oppteken av at nettanlegg er underlagt eigedomsskatt, og vi anmodar om at lovendringa må ta omsyn til dette. Både regional, distribusjon og sentralnettsnivå må såleis vere utskrivingskategori og verdsetjast etter dei takseringsprinsipp som er gjeldande etter noverande rettspraksis.

 

 

  • Å unnta slike faste installasjonar for eigedomsskatt er etter Aurland kommune sitt syn ikkje i samsvar med intensjonen med endringa, nemleg å auke verdiskapinga også for lokalsamfunna. Store areal og naturområde er stilt til disposisjon for omfattande anlegg og installasjonar. Slike tiltak og anlegg føreset lokal støtte og goodwill som  er viktig for alle partar..  Eigedomsskatt på desse anlegga er eit viktig verkemiddel og sikrar at kommunane får sin naturlege og rettkomne del av verdiskapinga, jfr. og prinsippet om ”benefit-sharing” ved utnytting av naturressursar..  Å fjerne eigedomsskatt på denne typen anlegg vil bryte med etablerte og historiske ordningar for kompensasjon til kommunane. Det vil og gjere det lite attraktivt for kommunane å seie ja til framtidige anlegg av denne typen.