Høringssvar fra Hjartdal kommune

HØYRING - ENDRING AV LOV OM EIGEDOMSSKATT TIL KOMMUNANE. FRAMLEGG OM Å FJERNE EIGEDOMSSKATT PÅ PRODUKSJONSUTSTYR MV I VERK OG BRUK

Dato: 03.09.2015

Svartype: Med merknad
  1. Hjartdal kommune støttar ikkje framlegget til endringar i regelverket for eigedomsskatt.

 

  1. Framlegget vil føre til eit inntektstap for Hjartdal kommune på kr 1.314.000,-. For mange andre enkeltkommunar vil framlegget føre til betydeleg større inntektstap. Omkring halvparten av inntektstapet vil bli overført staten i form av auka selskapsskatt og særskatt og vil ikkje kome dei næringsdrivande til gode.

 

  1. Hjartdal kommune meiner at kommunane etter lokaldemokratiske avvegingar på behalde retten og fleksibiliteten til å skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk, inklusiv produksjonsutstyr.

 

  1. Framlegget inneberer at føresetnadane for kommunane sitt sjølvstyre ver redusert. Framlegget strider soleis mot regjeringa sitt løfte i Sundvollen-erklæringa om at kommunane skal behalde ein større del av dei inntektene som vert skapt lokalt.

 

  1. Framlegget oppfyller ikkje departementet sine målsettingar om at eigedomsskatte-taksering skal vere føreseielig og skape likehandsaming.

 

  1. Hjartdal kommune støttar framlegget frå KS om at viss lovsaka gjeng vidare, må det opprettast ein brei samansett lovkomitè med eit tydeleg mandat.

 

  1. Hjartdal kommune krev at kommunesektoren må kompenserast fullt ut for ei eventuell innskrenking i retten til å skrive ut eigedomsskatt. Slik kompensasjon må stadfestast og synleggjerast i ei eventuell sak til Stortinget.