Høyring - Endringar i reglane om utflyttingsskatt på aksjar osv. for fysiske personar

Finansdepartementet sender med dette på høyring forslag til endra reglar om skattlegging av latent gevinst og tap på aksjar osv. når personleg eigar flyttar frå Noreg eller overfører slike eigendelar til nokon som er busett eller høyrer heime utanfor Noreg.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 21.05.2024

Vår ref.: 24/1774

Finansdepartementet sender med dette på høyring forslag til endra reglar om skattlegging av latent gevinst og tap på aksjar osv. når personleg eigar flyttar frå Noreg eller overfører slike eigendelar til nokon som er busett eller høyrer heime utanfor Noreg.

Departementet gjer særleg merksam på at dei foreslåtte endringane skal gjelde for dei som flyttar ut eller overfører aksjar osv. til mottakar i utanlandet frå og med i dag, 20. mars 2024.

Framlegget følgjer opp Stortinget sitt vedtak 82, fatta i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2023, der Stortinget ber regjeringa «… utrede og foreslå en utflyttingsskatt som sikrer at urealiserte gevinster opparbeidet i Norge frem til utflyttingstidspunktet, faktisk skattlegges her.»

Høyringsnotatet omfattar to hovudgrep som skal gjere skattlegginga ved utflytting meir effektiv. Det første er at utflyttingsskatten skal betalast innan 12 år. Skattytar får valet mellom å betale skatten med ein gong, i ratar over 12 år utan renter, eller etter 12 år med renter rekna frå utflyttinga. Det andre hovudgrepet er at utflyttingsskatten berre skal bereknast av verdiendringar som oppstår mens skattytar er busett i Noreg. Høyringsnotatet inneheld òg mellom anna framlegg om at aksjesparekonto og fondskonto skal vere omfatta av utflyttingsskatten, og at det skal gjelde ei lågare grense på 100 000 kroner for å fastsetje utflyttingsskatt når aksjar osv. blir overført til nokon som er busett eller høyrer heime utanfor Noreg.

Den einskilde høyringsinstansen blir oppmoda til å vurdera om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar e.l.

Høyringsfristen er 21. mai 2024. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publisert på nettsidene våre.

Med helsing
Cecilie Beck Landet  e.f.
avdelingsdirektør

                                                                                          Hans Peter Lødrup
                                                                                          lovrådgjevar

 

 

Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Energidepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finans Norge (FNO)
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
NMBU v/Senter for skatte- og adferdsforskning (Skatteforsk)
Norges Bank
Norges Bondelag
Norges Handelshøyskole
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Øko-Forum (NØF)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
SMB Norge
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Equinor ASA v/Anne-Ma Tostrup Smith, juridisk kontor
Unio, hovedorg. for universitets- og høyskoleutdannede
Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Forskergruppe skatt og avgift
Universitet i Oslo, Det juridiske fakultet, Institutt for offentligrett
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS
ØKOKRIM
Økonomiforbundet
Regjeringsadvokaten
Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
Handelshøyskolen BI
Norges Handelshøyskole
Universitetet i Tromsø
Det juridiske fakultet
Verdipapirforetakenes Forbund
IKT-Norge
Aksjonærforeningen i Norge
Norsk Kapitalforvalterforening (NKFF)
Kommunal Landspensjonskasse
Tax Justice Network – Norge
Oslo Børs ASA
Verdipapirsentralen (VPS) ASA
NTNU
Civita
Tankesmien Agenda
Manifest tankesmie
Norsk Venturekapitalforening