Meld. St. 13 (2023–2024)

Bustadmeldinga — Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet

I Meld. St. 13 (2023–2024) ‘Bustadmeldinga – Ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk for heile landet’ legg regjeringa fram tiltak som skal legge til rette for ein heilskapleg og aktiv bustadpolitikk lokalt, regionalt og nasjonalt. Det overordna målet med bustadpolitikken er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken; 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Regjeringa vi sikre at kommunane har dei føresetnadene og rammevilkåra dei treng for å kunne ta ei aktiv bustadpolitisk rolle ut frå lokale forhold, prioriteringar og nasjonale mål. Meldinga forelår òg ei rekke grep for å gjenreise og fornye Husbanken.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg meldinga på Stortinget