Prop. 128 S (2010–2011)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2011

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2011.

Departementet viser til forskrift 27. mai 2011 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer og satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2011 fastsett ved Kongeleg resolusjon same dagen.

Grunnbeløpet er auka frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai, det vil seie med 4,73 prosent. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 4,73 prosent.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 4,73 prosent og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 prosent frå 1. mai 2011.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 4,73 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 4,21 prosent. Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 7 230 mill. kroner.

Til forsida