Prop. 28 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med om lag 1,4 mrd. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med høgare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år.

Under programområde 03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om auka støtte til Gaza og dei palestinske sjølvstyremyndigheitene. Det er store behov for bistand grunna krisa i Midtausten. Det blir difor gjort framlegg om å flytte 160,5 mill. kroner frå andre tilskuddsposter på bistandsbudsjettet til naudhjelp og humanitær bistand til Gaza. I tillegg aukar støtta til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene med 100 mill. kroner og støtta til Gaza med 100 mill. kroner. Nye overslag tilseier at flyktningutgiftene i Noreg som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) blir lågare i år enn budsjettert etter revidert nasjonalbudsjett for 2023 (RNB) og det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga.

Til forsida