Prop. 80 L (2023–2024)

Endringar i rettsgebyrloven (justering av multiplikator for forliksklage og forkynning av betalingsoppmoding)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til endringar i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr (rettsgebyrlova). Endringane gjeld justering av multiplikator for handsaming av saker i forliksrådet og forkynning av betalingsoppmoding (konkursvarsel) etter lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkurslova) § 63. Forslaga skal sikre at gebyra svarar til dei gjennomsnittlege kostnadane staten har ved å produsere dei aktuelle tenestene (sjølvkost).

Gebyra er knytt til rettsgebyret (R). Rettsgebyret er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for visse offentlege tenester. Gebyret som betalast for tenestene, er sett saman av grunngebyret og ein multiplikator. Rettsgebyret er i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet fastsett til 1 277 kroner frå 1. januar 2024, jf. forskrift 15. februar 1983 nr. 86 etter rettsgebyrlova m.m. (rettsgebyrforskriften) § 2-1.

Departementet foreslo i Prop. 1 S (2023–2024) å oppjustere gebyra for handsaming av ei sak i forliksrådet og forkynning av betalingsoppmoding til sjølvkost sidan dei var prisa for lågt. Fastsetjing av nye multiplikatorar for desse tenestene må sjåast i samanheng med Stortingets budsjettvedtak for 2024.

Departementet foreslår å endre gebyret for handsaming av ei sak i forliksrådet etter rettsgebyrlova § 7 fyrste ledd frå 1,1 R til 1,54 R (1 966,58 kroner). Vidare foreslår departementet at gebyret for forkynning av betalingsoppmoding etter rettsgebyrlova § 25 fyrste ledd andre punktum vert endra frå 0,4 R til 0,5 R (638,50 kroner). I tillegg foreslår departementet å rette ein inkurie i rettsgebyrlova § 10 fyrste ledd nr. 6. Det vert foreslått at lovendringane tek til å gjelde frå 1. juli 2024.