Reguleringsplan for Frier-Tråk i Bamble kommune - avgjerd i motsegnssak

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for Frier-Tråk. Departementet legg vekt på at planen legg grunnlag for etablering av industri som kan bidra til det grøne skiftet, og at området har ei attraktiv plassering nær industrimiljøet ved Frierfjorden og viktig infrastruktur som kraftforsyning, hovudveg, industrihamn og kjølevatn. Motsegna frå statsforvaltaren er etter dette ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

Bamble kommune har vedteke detaljregulering for Frier-Tråk med motsegn frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Statsforvaltaren sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet ved brev av 16.11.2022. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje, og kan i samband med dette gjere naudsynte endringar i planen.

Planområdet ligg på vestsida av Frierfjorden, vest for Rafnes industriområde og sør for Herre tettstad. Området er avgrensa mot fylkesveg 353 i aust, og mot høgspentlinje og LNF-område i vest og i sør. Planområdet er om lag 3 700 dekar stort. Av dette er 1 640 dekar regulert til næringsføremål fordelt på tre store og eit lite område (BN1-BN4). Resten av planområdet er regulert til samferdselsanlegg, teknisk infrastruktur, grønstruktur og LNF-føremål.

Planforslaget er utarbeidd av Frier Vest Holding AS som er eid av Bamble kommune og Grenland Havn IKS. Føremålet med planen er å legge til rette for etablering av kraft­krevjande industri- og næringsverksemd som anlegg for produksjon av batteri og andre verksemder innanfor batteriverdikjeda, anlegg for miljøvennlege energiberarar, anlegg for biobaserte råvarer og anlegg for resirkulering og andre anlegg innanfor sirkulær økonomi.

Området er i dag ein skogkledd, kupert åsrygg. Denne skal opparbeidast til næringsområde med fleire platå. Det går fram av planomtalen at forslagsstillar har lagt vekt på å få til så store næringsflater som mogeleg samstundes som det er teke omsyn til naturmangfald, kultur­minne, friluftsliv og landskap. Det er lagt særleg vekt på redusere fjernverknader for lokal­samfunnet Herre og Tveten/Asdal.

Næringsområde BN1 som ligg nord i planområdet, er tenkt nytta til verksemd som produserer battericeller. Området er om lag 900 dekar stort og skal ha minst to terrengnivå, med maksimal byggehøgde på 20 meter. Næringsområde BN2 som ligg midt i planområdet, er mest skjerma og planlagt for verksemd som har behov for avstand til annan verksemd, til dømes eit hydrogenverk. BN2 er om lag 400 dekar stort og skal ha minimum to terrengnivå. Maksimal byggehøgd er 40 meter. Område BN3 som ligg sør i planområdet, er 280 dekar stort og har maksimal byggehøgde 35 meter. Anlegg for biomasse kan vere aktuelt på dette området. Næringsområde BN4 er om lag 42 dekar stort og kan ha maksimal byggehøgde 20 meter. Største tillate grad av utnytting er BYA=90% for alle næringsområda.

Det er planlagd ein intern veg mellom næringsområda og planskild tilkomst til Frier Vest hamneterminal, som er under bygging. Det er òg regulert vegetasjonsskjermar mellom næringsområda, mot fylkesveg 353 og bustader på Tveten/Asdal.

Reguleringsforslaget blei utarbeidd parallelt med revisjon av kommuneplanens arealdel, der området er sett av til næringsføremål. Kommuneplanen blei vedteken 15.12.2022 utan motsegn til næringsområdet.

Statsforvaltaren v/ miljøvernavdelinga fremma motsegn til reguleringsforslaget i brev av 24.03.2022. Statsforvaltaren viser til at det er registrert ei rekke naturtypelokalitetar med nasjonal interesse innanfor planområdet. Førekomstane ligg spreidd i større delar av planområdet, men har ein konsentrasjon i austre del av næringsområde BN2 der 11 førekomstar ligg relativt samla. Blant dei 11 førekomstane er det to førekomstar av raudlista naturtypar og ni førekomstar av naturtypar med sentral økosystemfunksjon med moderat til høy kvalitet. Dette er mellom anna seks førekomstar av hol eik. Statsforvaltaren skriv at førekomstane er av betydeleg nasjonal interesse, og at i høve til konsekvensutgreiinga vil nedbygging føre til alvorleg miljøskade.

Statsforvaltaren meiner at motsegna kan løysast ved at næringsområde BN2 vert endra slik at ein unngår dei 11 naturtypelokalitetane aust i området. Notatet «Vurdering av redusert løsning BN2» viser korleis naturelementa kan sikrast gjennom redusert storleik på BN2 og ny trasé for internvegen gjennom planområdet. Dette vil føre til at BN2 vert om lag 140 dekar mindre, og den samla konsekvensen for naturmangfald vert endra frå stor negativ konsekvens til middels negativ konsekvens.

Statsforvaltaren skriv at planforslaget inneber nedbygging av ni naturtypelokalitetar av nasjonal interesse i tillegg til dei 11 førekomstane aust i område BN2. Dette omfattar fire lokalitetar i BN2 og fem førekomstar som ligg i område BN3 og i traséen for ny tilkomstveg i sør. Blant dei ni områda som vil bli bygd ned er det ei førekomst av rik, open, sørleg jordvassmyr som er sterkt truga på raudlista for naturtypar. Lokaliteten har svært høg kvalitet. Det er òg seks andre førekomstar av raudlista naturtypar. Statsforvaltaren har ikkje fremma motsegn til dei ni førekomstane, men lagt vekt på samfunnsinteressene knytt til verdiskaping og næringsutvikling i forbindelse med det grøne skiftet.

Meklingsmøte blei halde hos statsforvaltaren 29.09.2022 utan at partane blei samde om ei løysing.

Bamble kommunestyre vedtok planen i møte 10.02.2022. Kommunen viser til at det er stor etterspurnad etter område til ny grøn industri, og meiner at detaljreguleringa er viktig i lokal, regional og nasjonal samanheng. Viss området med 11 naturtypelokalitetar av nasjonal interesse aust i område BN2 blir teke ut av planen, vil industriområdet bli redusert med om lag 140 daa. Storleiken på delområda har stor betyding for heilheita, og det har ikkje vore mogeleg å finne betre løysingar. Kommunen vurderer at planforslaget er i tråd med regionale og lokale mål for næringsutvikling. I arealstrategien i samfunnsdelen er området frå Skjerkøya til Herre prioritert for utvikling av arealkrevjande nærings- og industriverksemd. Dette er følgt opp i kommuneplanens arealdel der Frier-Tråk er vist som framtidig næringsområde.

Kommunen vurderer at samfunnsnytta av tiltaket er større enn dei negative konsekvensane for klima og miljø. Som kompenserande tiltak har kommunen sett i gang eit prosjekt for å etablere kultur- og naturløyper i området som grenser mot lokalsamfunnet på Herre. Kommunen foreslår òg å ivareta eiketrea sin økologiske funksjon ved å flytte stokkane til andre område.

Statsforvaltaren har send saka til departementet utan tilråding. Statsforvaltaren forstår kommunens ønskje om å legge til rette for ny grøn industri og næringsverksemd i det aktuelle området som er eit nasjonalt viktig område for storindustri. Området ligg strategisk riktig til tilknytt nasjonalt og regionalt kraftnett og viktig infrastruktur som ny E18 og fylkesveg 353. Det er sikre hamnefasilitetar i Grenland hamn som er den tredje største i landet. Etablering av eit slikt industriområde vil kunne ha stor samfunnsmessig betyding lokalt og nasjonalt. Statsforvaltaren viser òg til at arealendringar og arealbruk er den største trugselen mot naturmangfald i Noreg. Det er viktig at ein tek vare på naturmangfald som er sjeldan eller trua slik at ein kan nå dei nasjonale og internasjonale måla for naturmangfald. Statsforvaltaren har ikkje kompetanse til å vurdere om det å flytte eiketre til andre område slik at artar framleis kan bu i stokkane let seg gjennomføre og er ei tilstrekkeleg løysing i saka.

Synfaring blei gjennomført 31. januar 2023 med deltakarar frå Bamble kommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Kommunal- og distriktsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet.

Klima- og miljødepartementet har uttalt seg til saka i brev av 23. mars 2023 og har seinare konkretisert informasjonen om naturmangfaldet i området. Departementet viser til at lokalisering av verksemder knytt til det grøne skiftet må ta omsyn til naturmangfald og andre miljøomsyn. Departementet støttar motsegna frå statsforvaltaren og viser til at lokaliseringa vil ha store negative konsekvensar for naturmangfald av nasjonal og vesentleg regional interesse. Sjølv om nærleiken til hamna i Frierfjorden vil vere fordelaktig, særleg for hydrogenverket, meiner Klima- og miljødepartementet at samfunnsnytta ved den typen etablering som planen legg opp til, ikkje er tinga av at etableringane vert lokaliserte akkurat her. 

Klima- og miljødepartementet tilrår primært at reguleringsforslaget blir vurdert på nytt og meiner at dette må omfatte endringar i føresegnene om byggehøgder, alternative lokaliseringar i eit regionalt perspektiv og meir omsyn til konsekvensar for naturmangfald.

Med utgangspunkt i det konkrete planforslaget tilrår Klima- og miljødepartementet at næringsområde BN2 vert redusert med 140 dekar i tråd med forslaget i notatet «Vurdering av redusert løsning BN2». Departementet viser til at område BN2 inneheld store naturmangfaldverdiar.

Med ei redusert løysing for område BN2 vil 11 naturtypelokalitetar av nasjonal og vesentleg regional interesse, bli bevarte. Alle lokalitetane har stor verdi, med moderat til høg lokalitetskvalitet i konsekvensutgreiinga. Dette omfattar seks førekomstar av hole eikar, mellom anna ei sjeldan stor skogseik med omkrins på 330 cm, ein førekomst av lågurt-eikeskog som er sårbar på norsk raudliste for naturtypar, ein førekomst av lågurt-alm-lind-hasselskog som er sårbar på raudlista for naturtypar, ein førekomst av lågurt-edellauvskog som er nær trua på raudlista for naturtypar, ein førekomst av gamal granskog med liggande daud ved og ein førekomst av gamal lågurt-granskog. Tre av førekomstane av hole eikar inneheld òg barksoppen ruteskorpe, som er nær trua på norsk raudliste for artar. Dei fire naturtypeførekomstane innanfor område BN2 som òg går tapt ved ei redusert løysing, er ein førekomst av lågurtalm-lind-hasselskog som er sårbar på raudlista for naturtypar, ein førekomst av rik open sørleg jordvassmyr som er sterkt trua på raudlista for naturtypar, ein førekomst av rik svartor-sumpskog som er sårbar på raudlista for naturtypar og ein førekomst av frisk lågurt-eikeskog som er sårbar på raudlista for naturtypar. Førekomsten av rik open sørleg jordvassmyr inneheld òg den raudlista orkideen smalmarihand som er sårbar på raudlista for artar.

Klima- og miljødepartementet tilrår òg at næringsområde BN3 vert teke ut av planen. Området inneheld 12 naturtypelokalitetar med nasjonal og vesentleg interesse, der 11 har stor verdi og ein har svært stor verdi. Sju av dei 12 naturtypelokalitetane vil bli bygde ned heilt eller delvis. Naturtypelokalitetane som vil bli bygde ned er ein førekomst av rik svartor-sumpskog som er sårbar på raudlista for naturtypar, ein førekomst av hole eikar og to førekomstar av lågurt-eikeskog som er sårbar på raudlista for naturtypar. Naturtype­lokalitetane som vil bli delvis bygd ned er ein førekomst av høgstaude-edellauvskog som er sårbar på raudlista for naturtypar, ein førekomst av lågurt-furuskog som er sårbar på raudlista for naturtypar og ein førekomst av naturtypen hole eikar. Klima- og miljø­departementet viser til at Miljødirektoratet vurderer at konsekvensen for område BN3 skulle ha vore alvorleg miljøskade i staden for betydeleg miljøskade, slik det er vurdert i konsekvensutgreiinga til planen.

Klima- og miljødepartementet meiner at byggehøgdene for områda BN1 og BN4 kan aukast viss dette er ønskjeleg som kompensasjon for redusert næringsareal.

Nærings- og fiskeridepartementet har uttalt seg til saka i brev av 27. mars 2023. Departementet viser til at næringslivet i Grenlandsregionen har betydeleg industriell kompetanse, FOU-aktivitet og arbeidskraft som er vand med døgnkontinuerleg verksemd. Gjennom Green Industry Cluster har regionen som mål å bli verdas fyrste klimapositive region. Dette er faktorar som har betydning for å utvikle og tiltrekke seg ny grøn industri. Tyngda av den industrielle verksemda er konsentrert rundt Frierfjorden med Herøya Industripark, Frier Vest og Brevik. I følgje Herøya industripark er det stor interesse for nye grøne prosjekt i området, og tilgangen på areal er ei betydeleg utfordring.

Nærings- og fiskeridepartementet viser til regjeringa sitt «Veikart for grønt industriløft» frå juni 2022, og meiner det er viktig å ha byggeklare industriareal for å være relevant og attraktiv i den internasjonale konkurransen om store, grøne industriprosjekt. Nærings- og fiskeridepartementet meiner at området rundt Frierfjorden med omfattande industri og industrielle kompetansemiljø, hamner og infrastruktur, må vere blant dei mest attraktive områda vi har. Departementet har merka seg at Vestfold og Telemark fylkeskommune meiner at det er få område i landet som er like godt egna for satsing på ny grøn industri som Frier-Tråk området.

Med utgangspunkt i ambisjonane for utvikling av ny grøn industri, kutt av utslepp og auka eksport frå fastlands-Noreg meiner Nærings- og fiskeridepartementet at det er ønskeleg at heile detaljreguleringa for Frier-Tråk vert stadfesta.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal ta stilling til motsegna frå statsforvaltaren og vurdere om forslag til reguleringsplan for industriområdet Frier-Tråk kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Regjeringa har som mål å legge til rette for grøn omstilling, berekraftig verdiskaping og lønsame arbeidsplassar i heile landet. I nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 oppfordrar regjeringa kommunane til å legge til rette for tilstrekkeleg næringsareal med minst mogeleg negative konsekvensar for klima, miljø og samfunn. Oppdatert vegkart for grønt industriløft som regjeringa la fram i juni 2023 skal bidra til å sette fart på omstillinga, skape jobbar, styrke investeringane på fastlandet, auke eksporten og kutte klimagassutsleppa. Det er framheve i vegkartet at norsk industri skal ha tilgang til gode areal og effektiv infrastruktur samtidig som etableringar skal vere mest mogleg skånsame for omgjevnadene som natur og naturmangfald. Regjeringa vil at grøne industrietableringar skal vere arealeffektive og ikkje føre til unødvendig naturbelastning. Kommunane bør ta sikte på å legge til rette for industrietableringar i tråd med klima- og miljøinteresser av nasjonal eller vesentleg regional interesse.

Nasjonale og vesentlege regionale interesser på miljøområdet er omtalte i rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet. Det går fram av rundskrivet at statsforvaltaren skal vurdere motsegn til kommunale planar når ny arealbruk kjem i konflikt med trua naturtypar med unntak av areal som har svært låg kvalitet etter Miljødirektoratet sin kartleggingsinstruks, naturtypar med sentral økosystemfunksjon som har minst moderat kvalitet, utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova § 52 og nær trua naturtypar med minst høg kvalitet.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at det aktuelle området er sett av til næringsføremål i kommuneplanens arealdel, og vurderer at forslaget til reguleringsplan er i tråd med det nasjonale målet om å sikre industrien tilgang til attraktive område for areal- og kraftkrevjande verksemd som kan bidra til det grøne skiftet. Reguleringsforslaget bygger òg opp under fylkes­kommunen sitt mål om auka verdiskaping og sysselsetting gjennom grøn omstilling. Planforslaget legg grunnlag for etablering av nye industri- og næringsverksemder knytt til det grøne skiftet nær det etablerte industrimiljøet ved Frierfjorden. Dette er positivt med tanke på samarbeid og utvikling av kompetanse om grøn industri. Det er òg positivt at det plan­lagde industriområdet ligg nær viktig infrastruktur. Dette omfattar regionalt og nasjonalt straumoverføringsnett som er planlagd styrka, fylkesveg 353 som er planlagd oppgradert hausten 2023 og ny industrihamn som er under bygging. Tilgang på kjølevatn frå eksisterande industriverksemd er òg viktig i høve til etablering av ny, grøn industri.

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til at forslagsstillar har lagt vekt på å få til store, flate tomtar i tråd med etterspurnaden frå nasjonale og internasjonale aktørar innanfor det grøne skiftet. Det har òg vore eit mål å oppnå tilnærma massebalanse og ta omsyn til samfunnstryggleik, landskapstilpassing og fjernverknad av nye bygg. Gjennomføring av planen vil innebere nedbygging av mykje natur og føre til omfattande terrenginngrep med store skjeringar og fyllingar. Størstedelen av planområdet består av produksjonsskog utan store naturmangfaldverdiar, men det er òg mange førekomstar av naturtypar av nasjonal eller vesentleg regional interesse innanfor dei planlagde industriområda. Dette gjeld særleg i område BN2 der det er registrert 15 naturtypeførekomstar av nasjonal eller regional verdi. Gjennomføring av planen vil derfor ha negative konsekvensar for naturmangfald. Dei planlagde industribygga vil bli godt synlege frå sjøen og påverke fjernverknaden av området. Planlagd utbygging vil òg gje store utslepp av klimagassar.

Etter ei samla vurdering godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet reguleringsplanen i tråd med kommunen sitt forslag. Departementet legg vekt på at planen legg grunnlag for etablering av ny, grøn industri nær industrimiljøet ved Frierfjorden og viktig infrastruktur, samstundes som han tek omsyn til massebalanse, samfunnstryggleik og fjernverknader av planlagd utbygging. Departementet legg og vekt på at industriområdet kan bli mindre attraktivt for nasjonale og internasjonale aktørar viss det vert redusert i storleik. Dette gjeld særleg område BN2 som kan bli mindre attraktivt for verksemder som treng ei skjerma plassering ut frå omsynet til samfunnstryggleik og fjernverknad. Motsegna frå statsforvaltaren er etter dette ikkje teke til følgje.

Det går fram av naturmangfaldlova § 7 at dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12 skal leggast til grunn ved utøving av offentleg mynde som rører naturmangfald og gå fram av vedtaket. Kommunal- og distrikts­departementet vurderer at kunnskapen om naturmangfaldet i planområdet og verknadene av planforslaget er god, jf. naturmangfaldlova § 8. Det er gjennomført ei kartlegging av natur­mangfald i tråd med Miljødirektoratet sin instruks for kartlegging av natur frå 2021, og registrert til saman 42 naturtypelokalitetar av nasjonal og vesentleg regional interesse. Mange naturtypelokalitetar med stor verdi og ein lokalitet med svært stor verdi blir øydelagd av tiltaket.

Utbygging i tråd med reguleringsforslaget vil føre til at 15 naturtypeførekomstar av nasjonal og vesentleg regional interesse i næringsområde BN2 går tapt. Planforslaget inneber òg at 7 av 12 naturtypelokalitetar av nasjonal og vesentleg regional interesse i næringsområde BN3 blir heilt eller delvis bygde ned. Miljødirektoratet vurderer at dette vil føre til alvorleg miljøskade.

Etter naturmangfaldlova § 10 skal ein påverknad av eit økosystem vurderast ut frå den samla belastninga som økosystemet er eller vil bli utsett for. Kommunal- og distriktsdepartementet er ikkje kjend med at naturmangfaldet i planområdet vert påverka av andre tiltak eller andre påverknadsfaktorar enn planlagd utbygging, jf. naturmangfaldlova § 10.

Naturmangfaldlova § 12 stiller krav om bruk av miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar og lokalisering som unngår eller avgrensar skader på naturmangfald. Kommunal- og distrikts­departementet viser til at lokalisering av næringsområdet er avklart gjennom kommune­planens arealdel. Føresegna om at det skal ut­arbeidast ein miljøoppfølgingsplan som viser korleis naturførekomstane som er regulert til LNF-føremål med omsynssone naturmiljø skal sikrast, er viktig for å avgrense skader på naturmangfaldet ved utbygging og drift av området. Miljøoppfølgingsplanen skal utarbeidast før det blir gjeve rammeløyve for grunnarbeid. Det er tiltakshavar som må dekke eventuelle kostnader knytt til dette, jf. naturmangfaldlova § 11.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-13 godkjenner Kommunal- og distrikts­departementet reguleringsplan for Frier-Tråk med plankart og føresegner vedteke av kommunestyret i Bamble 16.02.2022.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12.

 

Med helsing
Erling Sande

Kopi: 
Bamble kommune
Klima- og miljødepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Telemark fylkeskommune