Rettleiar om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting og val til folkevalde organ

Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ein rettleiar om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting og val til folkevalde organ.

Hausten 2023 er det val til nye kommunestyre og fylkesting. Når valet er gjennomført, er det avklart kven som er nye medlemer i kommunestyret og fylkestinget. Etter valet skal dei nye kommunestyra og fylkestinga konstituera seg. I det konstituerande møtet vel kommunestyret og fylkestinget ein rekke medlemer til ulike folkevalde organ.

I denne rettleiaren gjer departementet greie for føresegnene som gjeld valet av medlemer og kven som kan veljast til folkevalde organ. Departementet vil òg seie noko om andre relevante føresegn, mellom anna kva som skjer dersom ein medlem trer ut av eit folkevald organ.

Rettleiar om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting og val til folkevalde organ (pdf)