St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

4 Det norske og nordiske språklandskapet

4.1 Språk og språkvariantar i Noreg

4.1.1 Innleiing

Verken ved folketeljingar eller liknande offentlege registreringar av personar i Noreg blir det spurt om kva språk innbyggjarane nyttar til dagleg, og dermed heller ikkje kor mange som kan karakteriserast som fleirspråklege. Det finst heller ikkje systematisk forsking som kan gje oss direkte opplysningar om slike tilhøve. 1

Endå vanskelegare enn opplysningar om talemålet er det å finna påliteleg og nøyaktig informasjon om kva språk eller språkvariant folk bruker i skriftleg samanheng. Dette kan også variera avhengig av skrivesituasjonen, og eit viktig skilje går truleg mellom det å skriva privat jamført med i utdanning og yrke. Det siste er i større grad bestemt av ytre omstende; språkbrukarane står ikkje utan vidare fritt.

Særleg når ein skal gje oppgåver over talet på minoritetsspråkbrukarar av ulike slag, er det eit problem at språkbruk ikkje er nærare registrert eller kartlagd. Slike tal må difor byggja på skjøn og overslag med utgangspunkt i kjelder som primært dreier seg om noka anna enn språkbruk.

4.1.2 Norsk – bokmål og nynorsk

I dag er norsk morsmål for over 90 prosent av befolkninga i Noreg. 2 Norsk er dermed eit majoritetsspråk som slik sett har ein overlegen og dominerande posisjon i landet vårt.

I utgangspunktet er morsmål ei nemning for talemålet, men etter kvart som eit barn lærer å skriva, blir også skriftspråket rekna for å vera ein del av morsmålet og morsmålskompetansen.

Som morsmål omfattar norsk talemål eit rikt spekter av dialektar, også kalla målføre, Dialektane og talemålsgrunnlaget står tradisjonelt sterkt i Noreg, sterkare enn i dei nordiske grannelanda våre. Denne tradisjonen fekk ei viktig språkhistorisk forankring då Stortinget alt i 1878 vedtok å be regjeringa sjå til at undervisninga i den dåverande «allmugeskulen» så langt råd var, skulle «meddeles paa Børnenes eget talesprog».

Som standardspråk er norsk kløyvd i to offisielle skriftspråk, bokmål og nynorsk, også kalla målformer, dessutan ein privat riksmålsnormal. Denne fell i dag i all hovudsak saman med moderat bokmål. Den nokså vide valfridommen innanfor offisiell rettskriving gjer at det er klart større skilnad mellom moderat og radikalt bokmål enn mellom riksmål og moderat bokmål.

Som skriftleg bruksspråk er variantar av bokmål og riksmål sterkt dominerande samanlikna med nynorsk. I underkant av 14 prosent av elevane har nynorsk som opplæringsmål i skulen. Og det er indikasjonar på at opp mot tredjedelen av dei som får den første skriftlege opplæringa si på nynorsk, går heilt eller delvis over til å skriva bokmål seinare i livet.

I 2005 intervjua TNS Gallup eit utval på vel 4000 personar, som fekk følgjande spørsmål: «Når du skriver i private sammenhenger – benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge former omtrent like mye?» Den same undersøkinga var gjennomført også fem og ti år tidlegare. I 1995 og 2005 var det 7,5 prosent som svarte nynorsk, i 2000 8,5 prosent, medan dei som svarte at dei nytta begge målformene omtrent like mykje, auka frå 5,0 prosent i 1995 via 5,3 prosent i 2000 til 5,5 prosent i 2005.

Tek ein omsyn til ein sannsynleg feilmargin på eitt prosentpoeng, gjev desse tala eit bilete av ein nokså stabil situasjon på landsbasis. Når ein slår saman dei reine nynorskbrukarane og dei som svarte at dei brukte både nynorsk og bokmål, blir resultatet 12,5 prosent i 1995, 13,8 prosent i 2000 og 13,0 prosent i 2005. Eit tal på 13,0 prosent tilsvarer om lag 600 000 personar. I publikasjonar frå Nynorsk kultursentrum blir det til vanleg operert med eit tal på 640 000 nynorskbrukarar.

I tillegg kjem at mange offentleg tilsette med bokmålsbakgrunn er pålagde å nytta nynorsk i samsvar med gjeldande målbruksreglar.

4.1.3 Samisk – nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk

Samane er urfolk i Noreg, og jamvel om norsk i dag er det dominerande majoritetsspråket i landet vårt, har dermed samisk språk også i høg grad ei historisk særstilling på norsk territorium.

Det samiske språkområdet går på tvers av riksgrensene. Dei samiske språkbrukarane bur såleis spreitt over eit stort geografisk område fordelt på fire statar. Det samiske busetjingsområdet strekkjer seg nordover frå Femunden i Noreg og Dalarna i Sverige, til Utsjok i Finland, Varanger i Noreg og Kolahalvøya i Russland.

Trass i spreidt samisk busetnad, særleg i sør og vest, heng det samiske språkområdet likevel saman på den måten at opphavlege nabodialektar overalt er gjensidig forståelege, og det finst såleis ingen absolutte språkgrenser. Det går likevel an å skilja mellom heile ti hovuddialektar eller språk, og riksgrensene går på tvers også av desse språkgrensene, jf. elles kap. 4.3.3 om samisk som eitt eller fleire språk.

Både i Noreg, Sverige og Finland er nordsamisk mest vanleg, og i Sverige og Noreg har vi elles sørsamisk og lulesamisk. Dei som talar lulesamisk i Noreg, er anslått til ca. 500, medan sørsamisk blir snakka av nokre hundre personar til saman i Noreg og Sverige.

I Sverige finst dessutan umesamisk, og pitesamisk har også tyngdepunktet sitt i Sverige. Talet på språkbrukarar er i begge tilfelle svært lite. I Finland er enno enaresamisk og skoltesamisk i bruk, og det finst også ein viktig skoltesamisk/austsamisk tradisjon i Noreg, konsentrert om Neiden-området i Sør-Varanger, men denne tradisjonen har i dag svært få aktive språkbrukarar. 3

I Russland er kildinsamisk mest utbreidd, medan eit lite fåtal eldre samar framleis snakkar tersamisk. Akkalasamisk, som vart brukt i same område som kildinsamisk, er på det næraste utdøydd.

Det er varierande overslag over kor mange som alt i alt bruker samisk språk i Noreg i dag. Tala svingar mellom 10 000 og 20 000, dvs. mellom 0,2 og 0,4 prosent av folketalet i landet. 4

4.1.4 Kvensk, romani og romanes

Utanom det samiske urfolket finst i Noreg fem mindretalsgrupper som har opphavleg eller langvarig tilknyting til landet, og som difor har fått status som nasjonale minoritetar. Desse kan i større eller mindre grad identifiserast gjennom ein annan språkleg bakgrunn enn norsk, men det varierer i kva grad desse språklege tradisjonane deira framleis er i levande bruk.

Kvensk er i dag den offisielle nemninga for språket til kvenene, etterkomarar etter finske innvand­rarar gjennom fleire hundreår, hovudsakleg til Nord-Noreg.

Det skal i dag vera 10 000–15 000 som reknar seg for å ha slik bakgrunn. Talet på brukarar varierer mellom 2000 og 8000 avhengig av kva kriterium og metodar som blir lagde til grunn for utrekninga. Det lågaste talet gjeld dei som bruker språket som daglegspråk.

Ei undersøking gjennomført i 2004–2005 viser at det er nærare 10 000 som snakkar språket. 5

Ein annan nasjonal minoritet med opphavleg finsk bakgrunn er skogfinnane. Dei er etterkomarar etter finnar som utvandra på midten av 1500-talet, spesielt frå området Savolax, og slo seg ned over store delar av Austlandet, men mest på Finnskogen på begge sider av svenskegrensa.

Skogfinnane snakka opphavleg finsk, men språket deira vart gradvis borte fram til første halvdel av 1900-talet. Det blir i dag ikkje lenger rekna for å vera i kommunikativ bruk, 6 men ein del finske ord og uttrykk blir framleis nytta på Finnskogen.

Også når det gjeld den jødiske minoriteten i Noreg i dag, er det slik at dei fleste bruker norsk. Av dei om lag 1100 medlemmene i det mosaiske trussamfunnet finst det likevel nokre få eldre som kan snakka det opphavlege jiddisk, og nokre få hundre kan snakka moderne hebraisk.

I tillegg til kvenene står vi då att med to andre minoritetar med kvar sin opphavlege språktradisjon som er så mykje intakt at språket deira har fått særskild folkerettsleg vern, jf. kap. 4.2.6 og 4.2.7. Desse er norsk romani og romanes.

Romanés blir her i landet brukt som nemning på språket til folkegruppa rom, også kjend som sigøynarar. Dei er etterkomarar etter utvandrarar frå India for ca. 1000 år sidan, som spreidde seg over store delar av verda. Det er rekna at romfolket i Noreg tel 300–400 personar, og at anslagsvis 90 prosent av dei snakkar romanes. 7 Internasjonalt blir språket også omtalt som romani chib, såleis i Sverige, eller berre romani.

Den siste nemninga kan dermed lett forvekslast med den norske nemninga på språket til romanifolket, også kjent som tatarar eller dei reisande. Norsk romani, som også blir omtalt berre som romani, er likevel eit anna språk, ulikt romanes eller romani chib. Romanifolket har vore i Noreg i fleire hundreår. Overslaga over dei som kan tala norsk romani, varierer frå nokre hundre til eit par tusen.

4.1.5 Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er nemninga på det språket som primært blir brukt av norske døve. Det er utvikla spontant ved at døve menneske i Noreg har kommunisert med kvarandre. Norsk teiknspråk er både likt og ulikt andre teiknspråk; det har mest til felles med det danske teiknspråket.

Teiknspråk er språk som kan tileignast naturleg av personar som ikkje oppfattar tale og lyd gjennom høyrsla. Eit teiknspråk er eit gestuelt-visuelt språk, basert på produksjon av synlege rørsler i hender, munn, auge, bryn, hovud og overkropp. Det er laga fleire system for nedskriving av ytringar på teiknspråk, men det finst enno ingen teiknspråksamfunn der slike system er tekne i allmenn bruk av eit stort tal språkbrukarar.

Norsk teiknspråk er eit eige språk oppbygd på sin eigen måte; det er såleis ikkje ei attgjeving av det norske verbalspråket gjennom eit anna medium. Det er eit språk for seg, ikkje gestikulering eller pantomime. Det er eit ekte språk, eit språk som har verdi i seg sjølv, også som ein del av den norske kulturarven.

For den døve eller tunghøyrde er ikkje teiknspråket berre eit verktøy for å overvinna ei nedsett funksjonsevne. Teiknspråket er ein del av identiteten til dei som har det som morsmål.

Dei fleste barn som har norsk teiknspråk som førstespråk, har foreldre som ikkje sjølve er døve, og desse foreldra må også læra seg teiknspråket for å kunna kommunisera med barnet sitt. Dess­utan kan norsk teiknspråk også vera førstespråket til høyrande barn av døve foreldre.

Her i landet reknar Noregs Døveforbund med at det finst ca. 5000 døve. I tillegg reknar dei med at det er om lag dobbelt så mange – 10 000 personar – som sjølve er høyrande, men som bruker teiknspråk fordi dei er i familie med eller er venner til døve. Overslaget frå Døveforbundet omfattar dessutan 1 500 fagfolk som bruker teiknspråk i yrkesutøvinga si.

Det totale talet på teiknspråkbrukarar i Noreg blir etter dette ca. 16 500. Norsk teiknspråk er altså eit nokså stort minoritetsspråk i Noreg.

Vi viser ellers til kap. 10.5.2.3.

4.1.6 Nyare innvandrarspråk

Heller ikkje for den delen av befolkninga som har nyare innvandrarbakgrunn, finst det eksakte opplysningar om språk og språkbruk.

Derimot har vi statistikk over kor mange innbyggjarar som er fødde i utlandet, eller som har foreldre som begge er fødde utanlands. Vi veit også kva land desse har bakgrunn frå, og vi har kjennskap til dei språklege tilhøva i dei fleste av desse landa. Ein del kan ha skifta språk, slik at dei ikkje lenger er minoritetsspråkbrukarar. Vi må likevel kunna leggja til grunn at det store fleirtalet av både innvandrarane sjølve og barna deira meistrar og i større eller mindre grad bruker dei aktuelle minoritetsspråka.

Den norske befolkningsstatistikken viser at det pr. 1. januar 2008 var registrert 459 614 personar som verken hadde foreldre eller besteforeldre som var fødde i Noreg. Dette utgjer vel 9,7 prosent av folketalet. Om lag 1 prosent hadde bakgrunn frå Sverige eller Danmark, 1,4 prosent frå andre vestlege land og 7,3 prosent frå ikkje-vestlege land. Dette betyr at 346 594 personar, eller vel 75 prosent av gruppa innvandra og førstegenerasjons nordmenn, hadde såkalla ikkje-vestleg bakgrunn. Ikkje-vestleg er i befolkningsstatistikken definert som land i Aust-Europa, Asia inkludert Tyrkia, Afrika og Sør- og Mellom-Amerika.

Dei ikkje-vestlege landa som hadde flest innvandrarar i Noreg, er Polen med 32 069, Pakistan med 29 134, Irak med 22 881, Somalia med 21 795, Vietnam med 19 226, Bosnia-Hercegovina med 15 649, Iran med 15 134, Tyrkia med 15 003, Sri Lanka med 13 063 og Russland med 12 823. Til saman er desse ti landa representerte med 196 777 innvandrarar i Noreg.

Det fanst personar med innvandrarbakgrunn i alle kommunar, men to av kommunane, Beiarn og Osen, har ingen med ikkje-vestleg bakgrunn. I tjue­fem kommunar utgjer innvandrarbefolkninga meir enn 10 prosent. Av desse ligg Oslo klart høgast med 25,0 prosent, etterfølgd av Drammen med 19,3 prosent og Lørenskog med 16,8 prosent. Oslo og Drammen ligg også på topp når ein berre tek med personar med ikkje-vestleg bakgrunn.

Oslo har altså klart flest personar med innvand­rarbakgrunn, både absolutt og relativt. Det absolutte talet er 139 878 personar, og av desse utgjer personar med ikkje-vestleg bakgrunn 115 574. Det betyr at 18,9 prosent av befolkninga i Oslo har såkalla ikkje-vestleg bakgrunn.

I Oslo har ca. 35 prosent av elevane i grunnskulen og ca. 30 prosent av elevane i vidaregåande skule minoritetsspråkleg bakgrunn. Dei representerer over 120 ulike språk, og opphaldet deira i Noreg er av svært variabel lengd. 8 Alt i alt reknar ein med at den nyare innvandrarbefolkninga i Noreg har morsmålsbakgrunn frå til saman meir enn 150 ulike språk. Mellom dei største innvand­rarspråka målte etter talet på brukarar i Noreg er urdu/panjabi, svensk, engelsk, dansk, vietnamesisk, bosnisk-kroatisk-serbisk og albansk, alle med meir enn 15 000 brukarar. 9

Etter opplæringslova har elevar i grunnskulen med anna morsmål enn norsk og samisk rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgja den vanlege opplæringa i skulen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Pr. 1. oktober 2005 var det 37 342 elevar som fekk særskild norskopplæring og i alt 20 717 som fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. Urdu og somalisk var dei to språka som det var flest elevar som fekk morsmålsundervisning eller tospråkleg fagopplæring i. Urdu hadde såleis 2521 elevar og somalisk 2175. Dei største språka deretter var arabisk, kurdisk, vietnamesisk, albansk, tyrkisk, bosnisk og tamil, alle med over 750 elevar. Endå 18 språk hadde meir enn 100 elevar, og i alt vel 40 språk hadde meir enn 20 elevar på landsbasis. 10

4.2 Formell status for språka i Noreg

Det kan nyttast ulike merkelappar for å karakterisera den status som dei ulike språka har i Noreg i dag.

4.2.1 Hovudspråk og nasjonalspråk

I kraft av sin soleklare majoritetsposisjon som morsmål er norsk utan tvil hovudspråket i landet vårt.

Dette uttrykket – hovudspråk – er elles den grunnleggjande nemninga som vart brukt om det svenske språket i Sverige i det språkpolitiske vedtaket i Riksdagen frå desember 2005.

I førearbeida til dette vedtaket heiter det at denne nemninga strekar under verdien av det svenske språket, og at omgrepet gjev tydelege signal om at svensk er det språk som blir talt av det store fleirtalet av innbyggjarane, samstundes som det minner om at det også finst andre språk å ta omsyn til. 11 Det same kan gjerne seiast om norsk som hovudspråk i Noreg.

Norsk kan også omtalast som nasjonalspråket i Noreg. Poenget med omgrepet nasjonalspråk er å få fram at dette er eit språk som fungerer som eit fellesspråk innanfor ein nasjonalstat, på tvers av interne språkgrenser, det språket som også språklege minoritetar må kunna bruka, særleg dersom dei skal kunna gjera seg gjeldande på den offentlege arenaen. Norsk har slik sett tilnærma same stillinga i Noreg som dansk i Danmark og svensk i Sverige.

4.2.2 Offisielt språk

At eit språk er offisielt, tyder at det er formelt autorisert, eller at det er godkjent av ansvarlege styresmakter. Uttrykket gjev ikkje utan vidare svar på i kva funksjon, for kva formål, til kva bruk det er autorisert eller godkjent.

Alle språk kan difor seiast å ha ein offisiell status dersom dei direkte eller indirekte er omfatta av eit eller anna slags tiltak som det offentlege er ansvarleg for å tilby i medhald av lov, forskrift eller på anna formelt grunnlag.

Likevel blir uttrykket offisielt språk kanskje oftast brukt om språk som i kraft av vedtak eller sedvane har rettsleg status som offentleg administ­rasjonsspråk i eit land. Dette er som regel identisk med majoritetsspråket i landet, såleis norsk i Noreg, svensk i Sverige og dansk i Danmark. At språket er offisielt, tyder då at staten har nærare definerte plikter og språkbrukarane nærare definerte rettar til å bruka dette språket i ulike former for språkleg kommunikasjon dei imellom.

Her i landet blir dessutan samisk rekna som offisielt språk i kraft av den særskilde grunnlovsføresegna og gjennom føresegna i samelova som seier at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vera likestilte språk etter dei nærare reglane i den same lova. Gjennomgåande har likevel ikkje samisk og norsk same funksjonar som administrasjonsspråk i det norske samfunnet. Jamført med norsk er det offisielle bruksområdet for samisk avgrensa gjennom dei nærare språkreg­lane i lova.

Det at Noreg har ratifisert den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk, og at ratifikasjonen i tillegg til samisk er gjord gjeldande også for kvensk, romani og romanes, inneber at Noreg har teke på seg visse plikter overfor desse språka. På den måten har også desse fått ei form for offisiell status her i landet.

Vi ser av dette at uttrykket offisielt språk kan nyttast om språk med svært ulik formell og reell status, og at tydinga av uttrykket og dei substansielle følgjene av det kan variera mykje. Det typiske for den offisielle status som ulike språk kan seiast å ha, er at han har ulik innretning og ulik styrke for dei ulike språka, og at også rettsgrunnlaget kan vera ulikt. Slik sett blir uttrykket offisielt språk noko diffust.

4.2.3 Lovforankring av språk

Det norske språkets status er ikkje slått uttrykkjeleg fast i lov eller anna formelt regelverk. Rett nok kan lova om målbruk i offentleg teneste indirekte oppfattast som ei slags formalisering av ein offisiell status. Men denne lova nemner ikkje og regulerer ikkje bruk av norsk språk generelt; ho regulerer forholdet mellom bruk av bokmål og nynorsk.

Som utgangspunkt slår lova fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. På den måten gjev lova dei to norske skriftspråka kvar for seg eit offisielt bruksstempel, og ho byggjer dermed på den uuttalte føresetnaden at norsk er offisielt språk i Noreg.

Når det spesielt er skriftspråket vi har i tankane, kan vi gjerne også seia at bokmål og nynorsk er offisielle språk i Noreg, dvs. at vi har to offisielle norske skriftspråk. Det går også an å seia at vi i Noreg har tre offisielle samiske skriftspråk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Samisk språk har elles eit klarare ankerfeste i lovverket enn hovudspråket norsk. Særleg tungt veg det at samisk språk er verna i Grunnlova. I grunnlovsføresegna frå 1988 heiter det at «det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv».

Men i tillegg er det slått fast i samelova at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vera likestilte språk etter dei føresegnene som går fram i eit eige kapittel om samisk språk i lova sjølv.

Uttrykka likeverdig og likestilt er dei same som i mållova. Det mønsteret som teiknar seg, er såleis at det er det språket som står svakast, som har motivert eit særskilt lovvern. Det kan seiast å gjelda både for nynorsk i høve til bokmål, gjennom mållova, og for samisk i høve til norsk, gjennom samelova.

4.2.4 Språkleg forvaltningsområde

Sjølv om samisk er offisielt språk og likestilt med norsk, gjeld likevel klare juridiske og geografiske avgrensingar. Det er såleis dei særskilde språkreg­lane i kap. 3 i samelova som nærare fastset kva konkrete rettar dei skal ha, som ønskjer å bruka samisk i kontakt med offentlege styresmakter. Dessutan gjeld dei fleste av desse rettane berre innanfor det som lova definerer som forvaltningsområdet for samisk språk.

Gjeldande forskrift fastset at dette området omfattar Finnmarks-kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana, dessutan Kåfjord i Troms, Tysfjord i Nordland og Snåsa i Nord-Trøndelag.

Tysfjord vart innlemma i forvaltningsområdet frå 1. januar 2006 og Snåsa frå 1. januar 2008. Etter dette er no også ein lulesamisk og ein sørsamisk kommune representert innanfor forvaltningsområdet. Dei tidlegare seks kommunane ligg alle innanfor det nordsamiske busetjingsområdet.

Lavangen kommune i Troms har søkt om å bli innlemma i forvaltningsområdet frå 1. januar 2009.

4.2.5 Urfolksspråk

I tillegg til nasjonalt grunnlovs- og anna lovvern har samisk språk i Noreg eit folkerettsleg vern ved at den samiske folkegruppa i Noreg er definert som urfolk etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar. Noreg ratifiserte konvensjonen 20. juni 1990.

Konvensjonen godkjenner mellom anna urfolks ønske om å ha kontroll over sine eigne institusjonar, si eiga livsform og økonomiske utvikling, og om å halda oppe og utvikla vidare sin identitet, sitt språk og sin religion innanfor ramma av dei statane dei lever i.

Konvensjonen fastset i artikkel 28 at barn som tilhøyrer vedkomande urfolk, skal læra å lesa og skriva på sitt eige opphavlege språk eller på det språket som er mest brukt i den gruppa dei høyrer til, så sant dette er praktisk mogleg.

Samstundes heiter det at det skal treffast fullgode tiltak for å sikra at det er mogleg for dei som høyrer til vedkomande urfolk, å uttrykkja seg flytande på nasjonalspråket eller på eit av nasjonalspråka i landet. Endeleg heiter det at det skal treffast tiltak for å bevara og fremja utvikling og bruk av det opphavlege språket for vedkomande folk.

4.2.6 Språk knytte til nasjonale minoritetar

I folkeretten blir omgrepet minoritet brukt om ei gruppe menneske som ikkje berre i tal er underlegen majoritetsbefolkninga, men som også har etniske, språklege, kulturelle og/eller religiøse særtrekk som gjer at dei i vesentleg grad er ulike resten av befolkninga i den staten der dei er busette. 12

For at ein minoritet skal reknast som nasjonal, blir det i tillegg normalt stilt krav om statsborgarskap og at gruppa har opphavleg eller langvarig tilknyting til det aktuelle statsterritoriet. 13

I samband med den norske ratifikasjonen av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999 vart det konkludert med at kriteria i konvensjonen var oppfylte for dei norske minoritetsgruppene kvener, skogfinnar, romanifolket (tatarar/dei reisande), rom og jødar.

Desse fem gruppene vart dermed omfatta av konvensjonen som nasjonale minoritetar. Som nemnt under kap. 4.1.4 ovanfor er det likevel berre tre av dei som har ein opphavleg språkbakgrunn som er så mykje intakt at også språket deira har fått særskilt folkerettsleg vern. Det er kvensk, norsk romani og romanes.

I rammekonvensjonen heiter det i innleiinga at eit pluralistisk og genuint demokratisk samfunn ikkje berre bør respektera den etniske, kulturelle, språklege og religiøse identiteten til kvar enkelt person som høyrer til ein nasjonal minoritet. Staten bør også leggja tilhøva til rette for at dei kan uttrykkja, bevara og utvikla denne identiteten.

Etter artikkel 5 i konvensjonen pliktar Noreg å fremja dei føresetnader som er nødvendige for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, kan bevara og utvikla sin kultur, dessutan bevara dei grunnleggjande delane av sin identitet, dvs. deira religion, språk, tradisjon og kulturarv. Konvensjonen har elles ei rad andre føresegner om ulike språklege rettar.

Som urfolk i minoritetsposisjon må også samane etter folkeretten reknast som ein nasjonal minoritet. Under førebuinga av den norske ratifikasjonen av konvensjonen gav likevel det norske Sametinget uttrykk for at samane ikkje ønskte å bli inkluderte i ei eventuell norsk erklæring om kva grupper som var omfatta av konvensjonen.

Grunnen var at dei heller ønskte å vareta sin status som urfolk og verna om den styrkte rettsstillinga som var oppnådd for urfolk gjennom ILO-konvensjonen som er nemnd ovanfor. Det er likevel klart at minoritetskonvensjonen vil gjelda fullt ut også for dei grupper eller enkeltpersonar blant samane som ønskjer å ta han til inntekt for seg. 14

4.2.7 Historiske regions- eller minoritetsspråk

Både samisk, kvensk, romani og romanes kjem også inn under ein omfattande minoritetskonvensjon i Europarådet som meir spesifikt tek sikte på språkvern. Det er den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk, også omtalt som minoritetsspråkkonvensjonen.

Konvensjonen vart vedteken i 1992 og ratifisert av Noreg året etter, men vart først sett i kraft frå 1. mars 1998. Han har tre delar. Del I inneheld generelle føresegner, del II omfattar mål og prinsipp som statane skal leggja til grunn og streva etter å realisera, medan del III omfattar konkrete tiltak for å fremja bruken av regions- eller minoritetsspråk i offentleg verksemd, og denne delen legg rettsleg bindande plikter på styresmaktene.

Del III vart i samband med den norske ratifikasjonen gjord gjeldande for samisk, nærare bestemt nordsamisk. Ved ratifikasjonen vurderte Noreg det slik at dei pålagde pliktene alt var oppfylte gjennom språkreglane i samelova. 15 Pliktene gjeld ulike tiltak for bruk av vedkomande språk innanfor utdanning, domstolar, administrative styresmakter og offentlege tenester, medium, kulturaktivitetar og kulturanlegg, innanfor det økonomiske og sosiale liv og når det gjeld grenseoverskridande kontaktar.

Ved sida av nordsamisk, som altså har vern på nivå III i pakta, har sørsamisk og lulesamisk vern på nivå II. Det same har kvensk, romani og romanes. Men dette vernet legg altså ikkje rettslege plikter på ratifikasjonsstatane.

Gjennom artikkel 15 er det fastsett at statane med jamne mellomrom skal leggja fram ein rapport for generalsekretæren i Europarådet om den politikken som er ført når det gjeld føresegnene i del II og III. Den første norske rapporten vart lagd fram i 1999, den andre i mars 2002 og den førebels siste i april 2005. Departementet held no på med å førebu den fjerde rapporten.

Rapportane blir til vanleg følgde opp ved at ein ekspertkomité i regi av Europarådet vitjar Noreg og møter både departementet og representantar for dei aktuelle minoritetsspråka.

4.2.8 Nyare innvandrarspråk i Noreg

Kravet om langvarig tilknyting til den aktuelle staten sitt territorium gjer at relativt nykomne innvand­rarar til landet og etterkomarane deira ikkje blir rekna som nasjonale minoritetar som kjem inn under dei aktuelle folkerettskonvensjonane. Mange nye innvandrargrupper er likevel kulturelle og språklege minoritetar i den staten dei lever, med eit anna morsmål enn majoritetsspråket og det eller dei aktuelle nasjonalspråka.

Jamvel om alle dei nyare innvandrarspråka i Noreg ikkje har nokon formalisert status slik som omtalt ovanfor, representerer dei ikkje desto mind­re eit viktig tilskot til det norske språklandskapet. Dei er i høg grad med på å teikna biletet av det moderne Noreg som eit mangespråkleg og fleirkulturelt samfunn. Den nasjonale språk­rikdommen som har vakse fram dei siste tiåra, representerer eit verdifullt kulturelt mangfald for det norske samfunnet.

Det er først og fremst innanfor skule- og utdanningssystemet at omsynet til dette språklege mangfaldet kan seiast å ha materialisert seg i meir formelle ordningar og tiltak. I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet er det nemnt at det totalt er 117 språk som er representerte som morsmål i grunnopplæringa. 16

Etter opplæringslova har elevar i grunnskulen med anna morsmål enn norsk og samisk rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgja den vanlege opplæringa i skulen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven til vanleg går ved. Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan gjevast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt det er mogleg, leggja til rette for anna opplæring som er tilpassa føresetnadene til elevane.

4.2.9 Andre nordiske språk i Noreg

Personar med bakgrunn frå Sverige og Danmark har eit morsmål som ligg så nær opptil norsk at dei knapt kan reknast som ein språkleg minoritet i eigentleg meining. At norsk, svensk og dansk i stor grad er gjensidig forståelege språk, gjer at svens­kar og danskar i Noreg normalt kan snakka og skriva sitt eige språk i det norske samfunnet, dvs. at dei ikkje har behov for å tileigna seg norsk som andrespråk.

Det finst likevel ein nordisk språkkonvensjon, som tok til å gjelda frå 1987. Konvensjonen gjev nordiske borgarar rett til å nytta heimlandets språk i kontakt med styresmakter i eit anna nordisk land. Ved behov skal styresmaktene syta for gratis tolke- og omsetjarteneste. Pr. i dag omfattar konvensjonen språka norsk, dansk, svensk, islandsk og finsk. 17

Konvensjonen har i praksis mest å seia for dei som ikkje har eit skandinavisk morsmål.

4.2.10 Eit mindre brukt språk

I mange samanhengar er det formålstenleg å omtala nynorsk og bokmål som eigne språk. Vi snakkar også spesielt om nynorsk skriftkultur og om nynorsk språk og kultur. Dei som bruker nynorsk som det faste skriftmålet sitt, har behov for å identifisera dette som eit eige språk, ulikt frå det dominerande skriftmålet i landet, bokmålet.

Ofte ser ein også uttrykket minoritetsspråk brukt om nynorsk. Men etter folkeretten kan ikkje dei som bruker nynorsk, definerast som ein minoritet. Skiljet mellom nynorsk og bokmål i Noreg reflekterer inga form for etnisk kløyving i folket. Det er geografi, familiebakgrunn og språkideologiske haldningar som i hovudsaka avgjer kva for eit av dei to norske skriftspråka folk vel. Difor bør ein også unngå å kalla nynorsk eit minoritetsspråk.

Nynorsk er formelt sett fullt ut jamstilt med bokmål, og i delar av landet er nynorsk det dominerande språket. I nasjonal målestokk er likevel nynorsk mindre brukt enn bokmål, og det er helst slik ein bør omtala nynorsk språk i Noreg, som eit mindre brukt språk.

Det bør nemnast at uttrykket mindre brukt språk ikkje er eit norsk påfunn; det blir også nytta i europeisk samanheng. I Brussel finst ein organisasjon med namnet The European Bureau for Lesser-Used Languages, forkorta EBLUL, som arbeider for å fremja språkleg mangfald innanfor EU-området. Her dekkjer uttrykket mindre brukt språk rett nok også dei eigentlege minoritetsspråka, men ikkje berre desse.

4.2.11 Status for teiknspråk

Særskilde spørsmål reiser seg når det gjeld teiknspråk. På den eine sida er det her tale om språk for menneske med ei nedsett funksjonsevne. På den andre sida ser vi i dag ei utvikling også internasjonalt som går i retning av å definera døve som ein språkleg minoritet.

Dette spørsmålet er nærare drøfta i kap. 10.5.

4.3 Kva er eit eige språk?

4.3.1 Kvensk som eige språk

Av og til – og i ulike samanhengar – reiser spørsmålet seg om kva som er eit eige språk og ikkje berre ein variant av eit anna språk.

I 2001 vart Noreg av ministerkomiteen i Europarådet bedt om å klargjera om kvensk er å sjå på som ein finsk dialekt eller eit eige språk. Bakgrunnen var at norske styresmakter til vanleg brukte dobbeltnemninga kvensk/finsk, mellom anna fordi kvenene sjølve har brukt både kvensk og finsk som nemning.

Initiativet frå Europarådet førte til at saka i 2003 vart nærare utgreidd av ein særskild ekspert på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

Utgreiingsrapporten konkluderte med at dei samfunnstilhøva og dei språklege tilhøva som gjeld for den kvenske minoriteten, gjer at det ikkje er noko i vegen for å sjå på kvensk som eit eige språk. Språkstrukturelle skilnader mellom kvensk og finsk talte også for ein slik konklusjon.

Rapporten var på høyring i 2004, og dei fleste som uttalte seg, var positive til å godkjenna kvensk som eige språk. Dette var også eit ønske hos kvenene sjølve, og ved kongeleg resolusjon av 24. juni 2005 vart det formelt vedteke å godkjenna kvensk som eige språk. Språket skulle framleis ha vern på nivå II i minoritetsspråkpakta.

4.3.2 Norsk, dansk og svensk – bokmål og nynorsk

Det finst likevel ingen opplagd definisjon på kva som er eitt språk med mange dialektar eller ulike skriftformer, og kva som er fleire språk. Til dels avheng nemningsbruken av kva ein ønskjer å oppnå med omtalen.

Det er ikkje eingong opplagt at norsk, dansk og svensk må definerast som eigne språk, i og med at dei i stor grad er gjensidig forståelege. Når det likevel er vanleg å rekna dei som sjølvstendige språk i høve til kvarandre, er det fordi dei eksisterer som ulike skriftspråk i kvar sin nasjonalstat.

Bokmål og nynorsk er òg ulike skriftspråk, men dei blir brukte i den same nasjonalstaten. Opphavleg vart dei standardiserte uavhengig av kvarandre, men seinare har dei utvikla seg i nært samarbeid og nær kontakt, og dei er gjensidig vortne nærma til kvarandre på eit talemålsgrunnlag som er vorte meir og meir felles.

Eit språk kan altså definerast ut frå ulike kriterium. Det eine er lingvistisk avstand til andre språk, det andre er om språket eksisterer som ein sjølvstendig standardisert språkvarietet, det vil i praksis seia som skriftspråk. 18

4.3.3 Samisk – eitt eller fleire språk

I kap. 3.1.3 har vi nytta hovuddialekt om dei ulike varietetane av samisk språk. Trass i at nabodialektane er gjensidig forståelege, finst det likevel skilnader innanfor det samiske busetjingsområdet som har fått språkforskarar til å snakka om fleire samiske språk i staden for dialektar av det same språket.

Slike skilnader trer først fram når ein samanliknar hovuddialektar av samisk som geografisk ligg langt frå kvarandre, som til dømes nordsamisk og sørsamisk. For å illustrera den språklege avstanden mellom desse har ein samanlikna med skilnaden mellom norsk og islandsk, medan skilnaden mellom nordsamisk og lulesamisk kan samanliknast med tilhøvet mellom norsk og svensk.

Omsynet til samisk einskap og samkjensle kan tilseia at ein nyttar samisk språk i eintal. Det kan vera med på å understreka at samane er eitt folk. 19 Derimot kan praktisk språkstyrkings- og språkdyrkingsarbeid trekkja i motsett lei, for samisk språkpolitikk i Noreg omfattar i stor grad spesifikke tiltak retta mot nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk kvar for seg.

Også det at nordsamisk, lulesamisk og sør­samisk har ulikt vern etter den europeiske minoritetsspråkpakta, og at det blir rapportert til Europarådet for kvart av dei, kan dra tanken i retning av eigne språk. Dei har også kvar sine skriftnormalar.

Her skal også nemnast at ved ei lovendring i samelova som tok til å gjelda frå 1. januar 2003, nytta departementet bevisst uttrykket samiske språk i fleirtal. Den føresegna som då kom inn i lova, påla Sametinget å arbeida for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg.

Det heitte i proposisjonen at departementet med å nytta fleirtalsforma ville presisera at ein i Noreg har fleire samiske språk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk og austsamisk/skoltesamisk. Poenget var å få fram at arbeidet til Sametinget skulle omfatta alle desse.

4.4 Nordisk kontekst

4.4.1 Språka i Norden

I innleiinga til den nordiske språkdeklarasjonen er det gjeve eit grovt oversyn over språk i Norden og kva status dei ulike språka har, både formelt og med omsyn til det faktiske bruksområdet deira i samfunnet.

Det er presisert at Norden i denne samanhengen omfattar fem statar, Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige, tre sjølvstyrte område, Færøyane, Grønland og Åland, og eit samanhengande samisk kultur- og språkområde på norsk, svensk og finsk territorium.

4.4.2 Alle språk i Norden

Deklarasjonen har som utgangspunkt alle språk som blir talte av personar som bur permanent i Norden, og omtaler desse som alle språk i Norden. Dette uttrykket dekkjer då totaliteten av språk i heile Norden, og deklarasjonen reknar med at dette omfattar så mange som om lag 200 utanomnordiske eller ikkje-nordiske språk.

Dette store språkmangfaldet er eit resultat av den aukande innvandringa til Norden gjennom dei siste tiåra.

4.4.3 Nordens språk

Om alle dei resterande språka i Norden bruker deklarasjonen uttrykket Nordens språk, og dei inkluderer mellom anna alle språk som er knytte til grupper med status som nasjonale minoritetar i eit nordisk land, og dessutan alle dei nordiske teiknspråka.

Gruppa av språk knytte til nasjonale minoritetar omfattar i tillegg til dei som finst i Noreg, kvensk, romani og romanes, og også meänkieli (tornedalsfinsk) og jiddisk i Sverige og tysk i Danmark.

4.4.4 Samfunnsberande språk

Den tredje gruppa av Nordens språk omfattar to språk som deklarasjonen reknar for å vera samfunnsberande, men ikkje komplette språk innanfor dei respektive språksamfunna sine.

Desse er samisk20og grønlandsk. Deklarasjonen definerer samfunnsberande som eit språk som blir nytta til offisielle formål, som undervisning og lovgjeving.

4.4.5 Samfunnsberande og komplette språk

For at eit samfunnsberande språk i tillegg skal vera eit komplett språk, må det også fungera og kunna nyttast på alle område av samfunnslivet.

Deklarasjonen reknar med seks nordiske språk som både er samfunnsberande og komplette, og desse seks omfattar mellom anna færøysk. Færøysk fell likevel i ein kategori for seg i denne klassifiseringa, fordi Færøyane ikkje er eigen stat.

4.4.6 Statsberande språk

Vi står dermed att med fem språk, som i tillegg til å vera både samfunnsberande og komplette, også er statsberande språk. Desse fem er finsk, islandsk, svensk, dansk og norsk.

4.4.7 Dei skandinaviske språka

Innanfor denne sistnemnde gruppa er det likevel rimeleg å skilja ut dei tre skandinaviske språka, svensk, dansk og norsk, ikkje minst fordi det er dei som utgjer grunnlaget for den gjensidige språkforståinga i Norden, og som dermed er basis for det nordiske samarbeidet generelt og det nordiske språksamarbeidet spesielt.

Fotnotar

1.

Kulbrandstad, Lars Anders 2003.

2.

Höglin, Renée 2002: 12.

3.

Nordisk samisk språknemnd legg til grunn at det er svært få personar i Noreg som har austsamisk som morsmål. Dei fleste austsamane bur i Finland og Russland, der språket framleis er i bruk.

4.

Ei undersøking gjord av Samisk nærings- og utgreiingssenter i 2000 for Samisk språkråd, anslår samiske språkbrukarar i Noreg til ca. 25 000. Omtrent halvparten av desse både snakkar, les og skriv samisk, medan det for dei andre først og fremst er eit talespråk. Nordsamisk er mest utbreidd av dei samiske språka i Noreg. Nordsamisk blir snakka hovudsakleg i Finnmark og Troms fylke, og i kommunane Tjeldsund og Evenes i Nordland.

5.

Rasmussen, Torkel 2004–2005.

6.

St.prp. nr. 80 (1997–98) kap. 3.6.4 og Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 27-28.

7.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 27.

8.

Aasland, Tora et al. 2006: 34.

9.

Kulbrandstad, Lars Anders 2004: 1.

10.

SSB, Utdanningsstatistikk. Elevar i grunnskolen. Endelege tal, 1. oktober, tabellane 6, 7 og 8.

11.

SOU 2002:27: 469.

12.

St.meld. nr. 15 (2000–2001) kap. 3, innledningen.

13.

St.prp. nr. 80 (1997–98), kap. 3, underkapittel 3.3.2

14.

St.prp. nr. 80 (1997–98) kap. 3.7.

15.

St.meld. nr. 55 (2000–2001), kap. 7, jf. underkapittel 7.2.

16.

St.meld. nr. 23 (2007–2008): 15.

17.

Kulbrandstad, Lars Anders 2004: 13.

18.

Vikør, Lars S. 1994.

19.

Å gjenreise urfolkenes kulturelle identitet. (The Revival of the Cultural Identity of Indigenous peoples). Ole Henrik Magga, professor i samisk ved Sámi Allaskuvla, Guovdageaidnu og Universitetet I Tromsø.

20.

Her nærare bestemt nordsamisk.

Til forsida