St.prp. nr. 11 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd iEØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalaav fellesskapshandlingsprogrammet ommotkjemping av diskriminering (2001-2006)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Fellesskapshandlingsprogrammet om motkjemping av diskriminering (2001-2006) vart formelt vedteke i EU 27. november 2000 ved rådsvedtak 2000/750/EF.

Handlingsprogrammet skal fremje tiltak til motkjemping av direkte og indirekte diskriminering på grunnlag av etnisk opphav, religion eller tru, funksjonshemming, alder eller seksuell legning. Programmet skal nyttast i åra 2001-2006.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med eit budsjettvedtak over fleire år, og i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet frå 1. januar 2004 er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda i EØS-komiteen. Det er venta ei avgjerd i EØS-komiteen på møtet i komiteen 5. desember 2003, men datoen kan verte endra.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk versjon av rådsvedtak 2000/750/EF om innføring av fellesskapeshandlingsprogrammet til motkjemping av diskriminering (2001-2006) følgjer som vedlegg til denne proposisjonen.