St.prp. nr. 14 (2006-2007)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2006 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2006.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2006 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap pr. 30. september 2006. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet, fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og likestillingsdepartementet, har sett på overslaga i møte 17. oktober 2006. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og inkluderingsdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fremmar forslag om å auke løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Sosiale formål med 2 194,5 mill. kroner, å setje ned løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 2 942,9 og å setje ned løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med om lag 1 898,1 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og inkluderingsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla blir sett ned med 2 646,7 mill. kroner. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer framlegg om å sette ned løyvinga for inntekter under inntektskapitla med om lag 65,6 mill. kroner.

Til forsida