St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Antarktistraktaten er av 1. desember 1959. Noreg ratifiserte traktaten 24. august 1960, og han tok til å gjelde 23. juni 1961. Antarktistraktaten regulerer det internasjonale samarbeidet om Antarktis. Traktaten er supplert med ein protokoll om miljøvern av 4. oktober 1991, som også Noreg er part i. I den overordna målsetjinga i protokollen seier partane at dei bind seg til eit omfattande vern av miljøet i Antarktis og avhengige og tilknytte økosystem og peikar ut Antarktis til eit verneområde, som skal vere vigd til fred og vitskap. Det formaliserte samarbeidet etter traktaten går føre seg i samrådsmøte mellom samrådspartane i traktaten.

På det 28. samrådsmøtet under Antarktistraktaten (ATCM XXVIII) i Stockholm 14. juni 2005 vart det etter mange års forhandlingar semje om eit vedlegg til miljøprotokollen som regulerer ansvar for miljøskadar i Antarktis. Vedlegget vart vedteke av ATCM som eit såkalla tiltak (eng. «measure») etter Antarktistraktaten artikkel IX nr. 4.

For at tiltaket skal ta til å gjelde må det vere godkjent av alle samrådspartane. Tiltaket er til no godkjent berre av Sverige, som godkjente vedlegget 8. juni 2006. Andre samrådspartar arbeider no med å godkjenne vedlegget.

Gjennomføring av vedlegget i norsk rett krev lovendring og må òg reknast som ei særleg viktig sak. Det krevst difor samtykke til godkjenning frå Stortinget etter Grunnloven § 26, andre ledd.

Vedlegget i engelsk originalversjon med norsk omsetjing følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.