St.prp. nr. 66 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Fiskeri- og kystdepartementet (garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa)

Til innhaldsliste

1 Statsbudsjettet 2009 - garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa

Kap. 2415 Innovasjon Norge, fiskeri- og andre regionalpolitiske tiltak

Post 50 Tapsavsetning garantiar

I samband med behandlinga av St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, jf. Innst. S. nr. 139 (2008-2009), vedtok Stortinget ei eiga ordning for garantiar knytt til førstehandsomsetning av fisk. Garantiramma for ordninga vart sett til 525 mill. kroner, medan løyvinga på post 50 Tapsavsetning garantiar vart sett til 175 mill. kroner. Garantiordninga er heilt ut skilt frå dei andre verkemidla under Innovasjon Norge. Løyving til tapsavsetning blir difor også halden skilt frå Innovasjon Norge sine andre tapsfond og verkemiddel. Dersom det blir høgre tap enn tapsavsetningane frå kap. 2415 post 50, må forslag om auka tapsløyvingar fremmast av Fiskeri- og kystdepartementet som ansvarleg departement for ordninga.

Ordninga er avgrensa til to år, det vil seie at garantiar maksimalt kan gjelde ut 2010. Det er også ein føresetnad at Innovasjon Norge på vanlig måte skal vurdere dei enkelte søknadene, inkludert kor stor risiko selskapet skal akseptere i det enkelte tilfellet (normalt maksimalt 50 prosent statleg garantidel, men med høve til inntil 75 prosent i særlege tilfelle og så lenge risikopotensialet i porteføljen av garantiar blir ivareteke).

Innovasjon Norge har til no inngått garantiavtalar med to fiskesalgslag med samla garantirammer på 570 mill. kroner.

Innovasjon Norge har nytta 427,5 mill. kroner av garantiramma på 525 mill. kroner. Det er sett av til saman 107 mill. kroner til avsetning for tap.

Dei andre fiskesalslaga har fått tilbod om garantiavtalar på tilsvarande vilkår, men har ikkje søkt. Det står dermed att 97,5 mill. kroner av garantiramma og 68 mill. kroner av løyvinga til tapsavsetningar.

Samtidig er det mange fiskeindustribedrifter som manglar driftskapital for å kunne kjøpe inn meir fisk. Garantiar for driftskreditt vil kunne bidra til å auke tilgangen på driftskapital i fiskeindustrien. Det blir difor fremma forslag om at Stortinget gir fullmakt til at Innovasjon Norge kan nytte attståande garantiramme og løyving til tapsavsetningar til garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa elles. Dette vil gi Innovasjon Norge høve til å gi garantiar for driftskreditt for enkeltbedrifter i fiskerinæringa for ein samla driftskreditt på 130-195 mill. kroner, avhengig av kva risikodel Innovasjon Norge bestemmer å stille med i den enkelte saka (50-75 prosent risikodel).

Forslaget blir fremma som eiga sak for å sikre at fullmakta kan vedtakast tidsnok til at nye garantiar kan bli gitt allereie våren 2009. Det vil vere viktig for å avhjelpe gjennomføringa av vårtorskefisket i Finnmark og for seifisket langs kysten. Nye garantiar kan vere eit viktig bidrag for auka aktivitet i fiskeindustrien, og for at fiskarane kan få levert fangstane sine i eit år der torskekvotane er større enn på lenge.

Det blir lagt til grunn følgjande innretning for garantiar for driftskreditt som skal bli gitt innanfor den attverande garantiramma på 97,5 mill. kroner:

  • Det leggjast framleis til grunn simpel kausjon og garantiane skal bidra til auka driftskreditt og ikkje overta risikoen for eksisterande driftskreditt. Dette vil normalt innebere at det blir etablert ei auka kredittramme, på toppen av ei allereie løpande kassakredittramme.

  • Det stillast vilkår om at auka garantiar for driftskreditt skal bidra til å styrkje kjøp av råstoff til produksjon av produkt som marknaden i større grad etterspør, med sikte på å unngå ytterlegare lageroppbygging særleg av saltfisk av torsk.

  • Kriteria for tildeling av garantiar blir ikkje endra, og det blir på vanleg måte stilt krav til tilfredsstillande kredittverdigheit. Innovasjon Norge er eit særlovsselskap som sjølv vurderer og tek avgjerd i enkeltsaker. Dette inneber blant anna at Innovasjon Norge, innanfor dei fastsette rammene i regelverket (normalt maksimalt 50 prosent statleg garantidel, men med høve til inntil 75 prosent i særlege tilfelle og så lenge risikopotensialet i porteføljen av garantiar blir ivareteke), må bestemme nivået på garantidelen i kvar enkelt sak.

  • Det ligg framleis til grunn at ordninga skal gjelde for 2009 og 2010.

Det er ein normal føresetnad for ei garantiordning i staten at ordninga skal vere sjølvfinansierande gjennom innkrevjing av garantiprovisjon/gebyr, som skal dekkje både venta utgifter på grunn av tap og administrative utgifter. Det er venta at garantiar for driftskreditt innanfor den attverande garantiramma regelmessig vil måtte føre med seg eit høgt garantiansvar for Innovasjon Norge og relativt høg risiko for tap. Det blir difor vurdert slik at heile risikoen ikkje kan prisast inn i garantiprovisjon og gebyr. Eventuelle tap vil måtte dekkast av tapsfond.

Ei kortsiktig ordning ut 2010 til enkeltbedrifter er også venta å kunne føre til auka netto administrasjonskostnader for Innovasjon Norge på inntil 1,5 mill. kroner utover standard garantiprovisjonssatsar. Det blir foreslått at eventuelle auka administrasjonskostnader blir dekka innanfor løyvinga til tapsavsetning til ordninga.

Fiskeri- og kystdepartementet har vurdert tiltaka opp mot relevant internasjonalt regelverk. Det er ingen endringar i vurderinga i høve til då ordninga vart etablert i februar 2009. Offentleg støtte til fiskerisektoren blir regulert i protokoll 9 til EØS-avtalen. Reglane om støtte til fiskerisektoren blir ikkje handheva av EFTA sitt overvakingsorgan, men av avtalepartane til EØS-avtalen sjølve. Hittil har verken EU eller andre avtalepartar angripe støtte til fiskerisektoren i Noreg etter protokollen til EØS-avtalen.

WTO-avtalen om subsidiar og utjamningstiltak skil mellom forbodne subsidiar og subsidiar som kan angripast gjennom mottiltak. Eksportsubsidiar er forbodne. Den aktuelle ordninga blir ikkje rekna for å vere ein forboden subsidie. Faren for at eit WTO-medlem set i verk mottiltak overfor denne garantiordninga, blir vurdert som liten.