V-006/2023 N: Rundskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2025

1. Innleiing

Rundskrivet gir retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2025.

Budsjettsøknaden skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i institusjonen sin innboks i Altinn i perioden 1. november–1. desember 2023.

Den som søkjer på vegner av verksemda, må nytte sin eigen elektroniske ID for å logge inn. Digitaliseringsdirektoratets nettsider inneheld meir informasjon om elektronisk ID.

For å få tilgang til budsjett- og statistikkskjema må den eller dei som skal fylle ut på vegner av verksemda, først logge seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir her om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjettskjema.

Den første sida i søknadsskjemaet inneheld gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst, og korleis ein undervegs i arbeidet kan sjå ein PDF-versjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar.

Vi oppmodar om å lese informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstar nøye, og å byrje på arbeidet med søknaden i god tid.

Les meir her om ofte stilte spørsmål om Altinn. Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, sjå Altinns hjelpeside om innlogging.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjettskjema, ta kontakt på denne e-posten veiledning.budsjettsoknad@kulturdirektoratet.no. I emnefeltet på e-posten skriv du “statstilskot” og namn på verksemda du fyller ut for.

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalde:

  • arbeidsbudsjett 2024
  • søknadsbudsjett for 2025
  • mål og nye tiltak 2025

2.1 Arbeidsbudsjett for 2024

Søkaren må utarbeide arbeidsbudsjett for 2024 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved verksemda. Arbeidsbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter som tilskotsmottakar reknar med å få i løpet av budsjettåret.

Summen i feltet for ordinært driftstilskot frå Kultur- og likestillingsdepartementet under «Budsjett 2024» er førehandsutfylt med det tilskotsbeløpet som er foreslått for Stortinget i departementets budsjettframlegg for 2024. Det vil vere mogleg å redigere feltet.

Eingongstilskot, også dei som er løyvd som del av driftstilskotet, er førehandsutfylt i feltet for «Andre offentlege tilskot» frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Dette gjeld òg eventuelle særskilde husleigetilskot som er løyvde som del av driftstilskotet. Det vil vere mogleg å redigere feltet.

Søkarar som har fått tilskot eller planlegg å søkje tilskot i 2024 frå Norsk kulturfond -eller frå ordningar i Kulturdirektoratet, skal leggje inn desse midlane som «Andre offentlege tilskot» frå «Norsk kulturråd/Kulturdirektoratet» i nettskjemaet, og spesifisere i kommentarfeltet under dette.

2.2 Søknadsbudsjett for 2025

Talbudsjettet for 2025 må innehalde alle utgifter og inntekter verksemda reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i eigne felt.

2.3 Mål og nye tiltak for 2025

Søkaren må i søknaden for 2024 opplyse om måla for verksemda. Søkaren skal sjølv definere måla for verksemda innanfor dei overordna måla for løyvingane til museum. Desse måla er: solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking, aktiv samhandling. Søkaren kan òg fylle ut eit valfritt mål, jf. «anna mål» i
skjemaet. Måla må formulerast slik at det i ettertid er råd å måle og vurdere om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.

Søkaren skal omtale strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er strategiane og planane for søkaren i ein situasjon der statstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Framlegg til slike tiltak krev særskild grunngjeving med plan for finansiering. Eventuelle framlegg må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må søkaren vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle framlegg om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

3. Fristar

Frist for å levere søknaden for 2025 er 1. desember 2023 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vere tilgjengeleg i Altinn frå 1. november, og verksemda kan arbeide med og gjere endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknader som blir sende inn etter fristen vil bli avvist.

Frist for å sende inn rapport for 2023 i eige nettskjema, og revidert rekneskap for 2023 vil vere 1. mars 2024. Vi kjem tilbake til meir informasjon om når skjemaet vil vere tilgjengeleg i verksemda sin innboks i Altinn.

Med helsing

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

Kopi: Kulturdirektoratet

Adresseliste:

Anno museum 
Aust-Agder museum og arkiv IKS
Baroniet Rosendal 
Blaafarveværket
Bymuseet i Bergen 
Dalane Folkemuseum 
Drammens Museum for kunst og kulturhistorie
Galleri F 15
Gudbrandsdalsmusea AS
Hardanger og Voss museum
Haugalandmuseet 
Helgeland Museum
Henie Onstad Kunstsenter
Jærmuseet
KODE Kunstmuseer og komponisthjem
Kraftmuseet
MiA – Museene i Akershus
Midt-Troms Museum
Mjøsmuseet
Musea i Sogn og Fjordane
Museene Arven AS
Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS
Museene i Sør-Trøndelag
Museet Midt
Museum Nord
Museum Stavanger AS
Museum Vest
Museumssenteret i Hordaland
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Nordlandsmuseet
Nordmørsmusea
Nordnorsk Kunstmuseum
Nord-Troms Museum
Norsk Bergverksmuseum
Norsk Folkemuseum
Norsk Industriarbeidermuseum
Norsk Luftfartsmuseum
Norsk Teknisk Museum
Nynorsk kultursentrum
Næs Jernverksmuseum
Oslo Museum
Perspektivet Museum
Preus museum
Randsfjordmuseet
Romsdalsmuseet
Ryfylkemuseet
Stiftelsen Buskerudmuseet
Stiftelsen Lillehammer museum
Sunnhordland Museum
Svalbard Museum
Sørlandets Kunstmuseum
Sør-Troms Museum
Telemark Museum
Valdresmusea AS
Varanger museum IKS
Verdensarvsenter for bergkunst - Alta Museum IKS
Vest-Agder-museet IKS
Vestfoldmuseene IKS
Vest-Telemark Museum
Viti
Østfoldmuseene