Svalbard er ei av Europas siste villmarker

Dei særeigne og samanhengande villmarksområda på Svalbard er svært sårbare for klimaendringar og menneskeleg påverknad. Eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den unike naturen i ei av Europas siste villmarker.

Isbre
Isbrea rundt Kongsfjorden på Vest-Spitsbergen har minka kraftig i storleik dei siste åra. Foto: Snorre Tønset

Store delar av den spesielle villmarksnaturen på Svalbard er verna som naturreservat og nasjonalpark. Flora, fauna og kulturminner har eit særleg vern. 

Svalbard er ein av dei stadane i verda der klimaendringane er venta å bli størst. Truga dyreartar har allereie fått mindre havis å leve på.

  • Klima- og miljødepartementet har overordna ansvar for å forvalte det særeigne miljøet på Svalbard.
  • Sysselmesteren på Svalbard har det daglege ansvaret.
  • Miljødirektoratet og Riksantikvaren har viktige forvaltingsoppgåver.
  • Norsk Polarinstitutt er fagleg rådgjevar i miljøsaker på Svalbard.

Miljøvernstyresmaktenes viktigaste verkemiddel er svalbardmiljølova frå 2001. Lova har som føremål å oppretthalde eit tilnærma urørt miljø når det gjeld samanhengande villmark, landskap, flora, fauna og kulturminne. Innan­for denne ramma gir lova rom for miljøforsvarleg busetting, forsk­ing og næringsdrift.

Klimaendringar og auka aktivitet

Svalbard og hav- og drivisområda utanfor er lite påverka av lokal aktivitet, og miljøtilstanden er i hovudsak god. Men temperaturane i Arktis aukar dobbelt så raskt som ellers i verda. Svalbard er blant dei områda i Arktis der temperaturen har auka mest. Nordaust på Svalbard er oppvarminga heile 5-7 gonger så høg som det globale gjennomsnittet.

Dei siste tiåra har havisen minka raskt, både om sommaren og om vinteren. På vestkysten av Spitsbergen har mangel på havis allereie ført til at ungane til ringselen har problem med å overleve.

I løpet av dette århundret vil klimaendringane sannsynlegvis føre til at fleire artar blir borte frå Svalbard-området.

Isbre med smeltevann
Kongsbreen på Vest Spitsbergen er ein av breane som stadig minkar i omfang på grunn av klimaendringane. Foto: Snorre Tønset

Eit varmare klima gjer Svalbard meir tilgjengeleg for aktivitet. Forvaltinga av Svalbards natur- og kulturminne må ta omsyn til at både lokalsamfunn og miljøet på Svalbard er i endring. Det er naudsynt å leggje til rette for omstilling i samsvar med dei måla regjeringa har satt.

Miljøstyresmaktene nyttar svalbardmiljølova, forskrifter og forvaltningsplanar til å sette rammer for korleis lokalbefolkninga, reiselivet, forskinga og forvaltninga kan nytte områda på Svalbard.

Gruvedrift og vern

Sidan tidleg på 1900-talet har koldrift vore den viktigaste økonomiske aktiviteten på Svalbard. Mineralverksemd har påverka naturen i enkelte område. Naturinngrep og køyretøy har gitt betydelege sporskadar i landskapet, men berre ein liten del av Svalbard er påverka.

I dag er gruvedrifta konsentrert rundt Longyearbyen og Barentsburg. Gruvedrifta i Svea er lagt ned for godt. Ei storstilt opprydding skal restaurere området til slik det var før gruvedrifta starta. 

Van Mijenfjorden nasjonalpark, som ligg ved dei nedlagde gruvene, blei offisielt opna sommaren 2021. Vernet av Van Mijenfjorden og områda rundt sikrar viktige leveområde for isbjørn og ringsel. 

Van Mijenfjorden nasjonalpark
Sommaren 2021 ble Van Mijenfjorden nasjonalpark opna i eit område der naturen har blitt tilbakeført etter mange tiår med gruvedrift. Fjorden og områda rundt er viktige leveområder for blant anna isbjørn og ringsel. Foto: Snorre Tønset

Verneområde

I 1973 blei over halvparten av Svalbard og det meste av territorialfarvatnet verna som nasjonalpark, natur- eller fuglereservat. Seinare er desse verneområda utvida og fleire verneområde er etablert. Dei nye verneområda omfattar også øyane Bjørnøya og Hopen.

Verneområda omdekkjer heile 67 prosent av landarealet og 88 prosent av territorialfarvatnet på Svalbard. Verneområda har eit strengt vern mot fysiske inngrep i naturen. Snøscooterkøyring er tillat i enkelte nasjonalparkar nær busettingane.

Dyre- og planteliv

Frå Svalbard blei oppdaga i 1596, blei dei levande ressursane overutnytta i fleire hundre år. Då Noreg fekk suverenitet over Svalbard i 1925, var fleire dyreartar nærast utrydda.

Eit utstrakt vern har betra situasjonen betydeleg, og dei fleste bestandane er no bygde opp att.

Villrein
Den spesielle villreinen på Svalbard beveger seg helt inn i busetnadene, som her i Ny-Ålesund. Villreinen blei freda mellom 1925 og 1983, og bestanden har vakse dei siste tiåra.

Målet er at dyrelivet skal få utvikle seg mest mogleg uforstyrra av jakt og anna menneskeleg påverknad. Mangfaldet i naturen på Svalbard er tilpassa det arktiske klimaet , som no er i rask endring.

Desse endringane i livstilhøve gjer både plantelivet og dyrelivet meir sårbart. Eit eksempel er at isbjørn og andre artar knytte til havisen får mindre område å leve på.

Kulturminne

Svalbard har unike kulturminne frå mange nasjonars fangst- og industriverksemd. Alle kulturminne frå før 1946 er automatisk freda. Dei meir enn 1800 kjente lokalitetane er til dels godt bevart og spenner frå ei enkelt tuft til heile gruvebyar som Grumant.

Kulturminna på Svalbard er truga av klimaendringar og naturleg nedbryting, men også av utbygging i busetjingane og ferdsel. Det er utarbeidd ein eigen Kulturminneplan for Svalbard.

Gammel taubanestasjon
Den gamle taubanestasjonen i Hiorthamn er ett av mange fredede kulturminner på Svalbard. Foto: Snorre Tønset

Svalbard har kulturminne- og naturverdiar som er unike i internasjonal målestokk.

Forureining

Hav- og luftstraumar fører med seg miljøgifter til Arktis. Det er særleg eit problem for artar på toppen av næringskjedene, som isbjørn og polarmåke. Sjølv om nivået av enkelte miljøgifter minkar, aukar førekomsten av nye og miljøfarlege kjemikaliar.

Plast og anna avfall som driv i land på strendene på Svalbard er eit betydeleg miljøproblem. Ei undersøking har vist at ni av ti havhestar har plastbitar i magen. Det er og målt høge verdiar av mikroplast i sjøisen.

Gammelt damplokomotiv med fjord og isbre i bakgrunnen.
Det gamle kulltoget i Ny-Ålesund er ett av mange kulturminner på Svalbard. Isdekket på Kongsfjorden har blitt mindre og mindre dei siste åra. Foto: Snorre Tønset

Forvalting av havmiljø

På Svalbard er det en nær samanheng mellom livet i havet, i drivisen og på land. Sjøfugl og sjøpattedyr hentar all si næring i havet og er svært sårbare for akutte oljeutslepp. Miljøet på Svalbard er difor avhengig av ein berekraftig forvalting av havet rundt øygruppa.

I forvaltningsplanane for dei norske havområda er det bestemt at det ikkje skal setjast i gang petroleumsverksemd i områda ved iskantsona eller i ein 65 km sone rundt Bjørnøya.

Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond tildeler årleg betydelege beløp til miljø- og kulturminneprosjekt og på Svalbard. Fondet er finansiert gjennom ei miljøavgift på 150 kroner for tilreisande til Svalbard.

Verksemder, organisasjonar og privatpersonar kan søke om støtte til prosjekt der føremålet er å ta vare på miljøet på Svalbard.

Sidan oppstarten i 2007 har miljøvernfondet gitt midlar til 710 ulike miljøprosjekt. Erfaringane viser at fondet er eit vel etablert økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard.

Meir informasjon