Momsfritak for branntenester
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Finansdepartementet
74/2002
Pressemelding | Dato: 22.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Finansdepartementet har gitt momsfritak ved brannvesenet sin omsetnad av brannberedskapstenester. Departementet vonar at fritaket for moms kan vere eit bidrag til å auke brannberedskapen for kommunane. (22.10.02)
Pressemelding
Nr.: 74/2002
Dato: 22.10.02
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09,
mobil 913 22 811 /
Heidi Heggenes, telefon 22 24 42 20, mobil 906 48 216
Momsfritak for branntenester
Finansdepartementet har gitt momsfritak ved brannvesenet sin omsetnad av brannberedskapstenester. Departementet vonar at fritaket for moms kan vere eit bidrag til å auke brannberedskapen for kommunane.
Vedtaket inneber for eksempel at mindre kommunar som kjøper brannberedskapstenester frå ein større kommune slepp å berekne moms.
For små kommunar kan store investeringar og høg brannberedskap være ei økonomisk utfordring. Momsfritaket vil gjere det lettare for disse kommunane å kjøpe seg slike tenester, eller inngå i et samarbeid fleire kommunar i mellom.
Sjå brev til Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern