Historisk arkiv

Broen og den blå hesten 02

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

2. KORLEIS BYGGJE BETRE BRUER?

Handlingsplanen er avgrensa til å omfatte tiltak som kan fremje den kunstnariske, estetiske og skapande dimensjonen i kvardagen for barn og unge, og leggje til rette for den kulturen og leiken barna og dei unge sjølve har. Det kan vere kunstnariske opplevingar eller aktivitetar skapte og formidla av profesjonelle kunstnarar, aktivitetar der barn og unge sjølve er aktive og skapande, og tiltak der barn og unge samhandlar med vaksne. Planen set krav til ein medveten innsats, men handlar òg om å utvikle haldningar og kunnskap om behovet barn og unge har for slike tilbod.

Målgruppene for planen er barn og unge i grunnskolen. Ei rekkje tiltak vil òg vere rele-vante for andre institusjonar som arbeider med barn og unge, t d ulike fritidsaktivitetar, skolefritidsordning, barnehage, kunst- og musikkskolar, og vidaregåande opplæring.

Lista over tiltak er ikkje fullstendig, og det vil vere behov for lokale prioriteringar og tilpassingar. For å oppnå dei effektane av planen ein ønskjer, er det behov for innsats på alle forvaltningsnivå. I planen blir dette understreka ved at ansvaret for tiltaka er forankra i kom-munen, fylket/fylkeskommunen og/eller sentralt nivå. Det er òg grunn til å understreke at det er naudsynt å prøve nye samarbeidsformer på tvers av tradisjonelle skiljelinjer og nivå.

Tiltaksdelen består av kortsiktige såvel som langsiktige tiltak innanfor 8 ulike innsatsområde:

  1. Tverrkulturell brubygging og kunnskap om barne- og ungdomskulturar
  2. Kulturaktivitetar og kunstformidling på alle alderssteg
  3. Det estetiske miljøet på skolen
  4. Samarbeid mellom institusjonar, sektorar og forvaltningsnivå
  5. Tverrfagleg samarbeid mellom dei estetiske faga og kunstartene
  6. Kunnskaps- og kompetanseheving
  7. Informasjon og læremiddelutvikling
  8. Evaluering, dokumentasjon og forsking

Under kvart av innsatsområda finst det ein forklarande tekst der det mellom anna blir vist til aktivitetar og tiltak som er gjennomførde på ulike stader i landet. Vi viser elles til litteraturlista i planen for fleire opplysningar.


2.1 Tverrkulturell brubygging og kunnskap om barne- og ungdomskulturar

MÅLSETJING:

  • barn og unge skal uavhengig av kulturell bakgrunn få delta i utvikling av eit stimulerande fleirkulturelt fellesskap

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Mange av skolane i landet har elevar med svært ulik bakgrunn. Kunnskap om dei interessene og den kulturen elevane har er derfor svært viktig, og ulike kunst- og kulturuttrykk kan nyttast som ressurs i undervisninga. For dei fleste lærarane vil eit viktig pedagogisk prinsipp nettopp vere å ta utgangspunkt i noko elevane kjenner til, for så å knyte dette til det ukjente temaet eller kunnskapsområdet ein skal formidle. Ettersom leik, kulturaktivitetar og kunstopplevingar har ei særleg evne til å kommunisere direkte til barn og unge, vil dei estetiske faga i særleg grad kunne brukast som brubyggjarar på tvers av andre kulturelle skilnader.

Ungdomskulturane blir ofte uttrykt gjennom livstil, språk og kulturaktivitetar som t d musikk eller idrett. Ungdom blir tiltrekte av internasjonale sjangrar og motar. Sjølv om mange vil hevde at media kan medverke til kulturell forflating, er det grunn til å understreke den rolla media spelar som tverrkulturell brubyggjar og formidlar av ungdomskultur.

Barne- og ungdomskulturen kan ofte stå i eit visst motsetningsforhold til skolen sitt ønske om å formidle tradisjon og kvalitetskultur. Det vil like fullt vere viktigare å fokusere på likskapspunkt og fellestrekk enn skarpt å framheve skilnadene mellom desse uttrykksformene.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Arrangere kulturdagar med vektlegging på tverrkulturelle markeringar.
  • Lette tilgangen til profesjonell kunst og kultur frå ulike kulturar, og stimulere til kulturopplevingar og aktivitetar på tvers av generasjonar.
  • Oppmode lærarar til å skaffe seg relevant kunnskap om barne- og ungdomskulturelle ytringsformer og knyte dette til den kulturelle bakgrunnen og interessene elevane har.
  • Leggje til rette for at dei naturlege uttrykks- formene barn og unge har, blir stimulerte gjennom fri leik og planlagde aktivitetar.
  • Auke den innverknaden barn og unge har på planlegging og innhald i kunst- og kulturtiltak i og utanfor skolen.

b. Fylkesnivå:

  • Stimulere til vidare utvikling av lokale kulturmønstringar tilpassa barn og unge.
  • Nytte kunnskap om barne- og ungdomskulturar ved utarbeiding av fylkesplanar, og i samsvar med rikspolitiske retningslinjer vedrørande barn og unge i fylkesplanarbeidet.

c. Nasjonalt nivå:

  • Hente inn og systematisere kunnskap om elevane sine interesser og behov for kulturtiltak i skolen.
  • Utarbeide materiell som omhandlar barne- og ungdomskulturar og korleis ulike aspekt ved dette kan utnyttast i skolen.

2.2Kulturaktivitetar og kunstformidling på alle alderssteg

MÅLSETJING:

  • kulturformidlinga skal vere av høg kvalitet og inngå som ein del av den ordinære verksemda på skolen
  • skolen og kultursektoren skal etablere eit forpliktande samarbeid om kulturformidlinga

Læreplanen for grunnskolen føreset at kvar skole utfyller, arbeider vidare med og konkretiserer lærestoffet. Sentralt i dette arbeidet står utviklinga av lokale læreplanar for skolen i form av årsplanar for undervisninga. Gjennom dette interne planarbeidet har kvar skole høve til å profilere seg fagleg, pedagogisk, sosialt og kulturelt. Særleg det siste er viktig dersom kulturdimensjonen skal bli teken vare på i skolekvardagen.

Utviklinga av musikkskolane har vore omfattande og har hatt mykje å seie for det høvet barn og unge har hatt for utfalding av musikalske evner. Frå å vere eit tilbod knytt til fritida for barn og unge, har musikkskolane fleire stader i landet vore med og styrkt kvaliteten på musikkundervisninga i skolen. Som ledd i ei utvida musikk- skoleforståing har fleire fylke delteke i forsøk med utvikling av kulturskolar der ulike kunstformer er integrerte. Erfaringane med lokal nettverksbygging gjennom prosjektet "Positivt skolemiljø" har vore svært gode og har vore med og styrkt miljøet på skolen gjennom varierte og skapande aktivitetar. Prosjektet starta i 1987 som eit samarbeidsprosjekt mellom skolar, kulturliv og offentlege institusjonar i Nord- og Sør-Trøndelag, og har sidan utvikla seg til å omfatte fleire fylke. Norsk Musikkskoleråd har stått sentralt i dette arbeidet. Norsk kulturråd har i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gitt alle fylke høve til å delta i forsøks- og utviklingsarbeid om etablering av kunstskolar med vektlegging av biletkunst og annan kunst.

I fleire kommunar har skolane utvikla eigne kulturplanar. Ein bør vurdere om kommunane

i eit samarbeid mellom kultur- og skolesektoren kan utvikle ein forpliktande kulturplan for alle grunnskolane i kommunen. For å vidareføre eit slikt planarbeid med konkrete tiltak, er det viktig at skolane blir klare over kva ressursar som finst i kunst- og kulturlivet; lokalt, regionalt og nasjonalt. Den enkelte grunnskolen har sjeldan fullgod oversikt over moglege tilbod og sam-arbeidspartnarar. Her vil den kommunale og fylkeskommunale kulturadministrasjonen kunne vere til hjelp.

I tillegg til riksinstitusjonane er det i kunst- og kulturinstitusjonane elles utvikla mykje kompetanse og erfaring med formidling og aktivitetar for barn og unge. Musikkskolane, biblioteka og musea bør her nemnast spesielt. Slike institusjonar bør ein gjere seg nytte av i planarbeidet lokalt. Like eins skal det leggjast vekt på å styrkje den rolla skolebiblioteka har i kulturformidlinga.

TILTAK :

a. Lokalt nivå :

  • Stimulere til oppleving som grunnlag for skapande aktivitet og uttrykk.
  • Utvikle pedagogiske opplegg knytte til profesjonelle kunst- og kulturarrangement slik at oppleving og kunnskap blir bundne saman.
  • Kartleggje dei ressursane som finst i kunst- og kulturlivet lokalt.
  • Auke formidlinga av kunst og kultur i alle faga og fagområda på skolen og i all verksemd som omfattar elevane.
  • Leggje til rette for fleksibilitet med omsyn til sambruk av lokale som eignar seg til ulike kunstnariske ytringsformer.
  • Stimulere til bruk av biblioteket på skolen og utnytting av det lokale skolefilmtilbodet.
  • Etablere ein kunst- og kulturkontakt (lærar, anna personell, forelder) på kvar skole som får i oppgåve å vere koordinator mellom skole og kulturliv.
  • Utarbeide ein kulturplan for alle grunnskolane i kommunen, i samarbeid med ulike kunst- og kulturinstitusjonar og organisasjonar.

b. Fylkesnivå:

  • Arrangere kurs for dei lokale kultur- kontaktane i samarbeid med riksinstitusjonane på lokalt eller regionalt nivå.
  • Etablere samarbeid mellom fylkeskommunen og Statens utdanningskontor når det gjeld formidling, samordning og bruk av kulturtilbodet til skolane i fylket.
  • Utvikle eit teknisk støtteapparat tilpassa turnéverksemda institusjonane har i skolane.
  • Medverke til utveksling av lokale kulturprogram.
  • Initiere utviklingsprosjekt i eit samarbeid mellom skole- og kultursektor.

c. Nasjonalt nivå:

  • Utarbeide tilstandsrapportar som omhandlar gjennomføring av tiltak i handlingsplanen og oppnådde resultat på lokalt og regionalt nivå.
  • Vidareutvikle den formidlinga riksinstitusjonane driv overfor skolane.
  • Vurdere om læreplanane for grunnskolen fører til styrking av kulturdimensjonen i verksemda på skolen.
  • Vidareføre det interdepartementale samarbeidet om å styrkje kunst- og kulturdimensjonen i grunnskolen.
  • Utarbeide ein plan for styrking av kulturdimensjonen i skolefritidsordninga.

2.3Det estetiske miljøet på skolen

MÅLSETJING:

  • det estetiske inne- og utemiljøet på skolen skal betrast
  • elevane skal få kunnskap om eigne omgivnader

Offentlege utgreiingar understrekar kor viktig det haldningsskapande arbeidet er for å styrkje det estetiske miljøet på skolane. Mange skolebygg og uteanlegg er i dag i ein slik tilstand at dei kan svekkje den estetiske sansen og kvalitets-medvetet hos barn og unge. Arbeidet med å betre kvaliteten i omgivnadene våre må begynne med skolen - på haldningsplanet, i undervisninga og i praktisk arbeid for å gjere det indre og ytre miljøet på skolen vakrare. Klasserom, felles-område og skolegardar kan med enkle middel gi betre tilhøve for arbeid, læring og leik. Ein diskusjon om det fysiske miljøet på skolen bør derfor førast i alle kommunale organ. Lokala og uteområda på skolen må vere funksjonelle for alle brukarane av skolen. Barn og unge må bli stimulerte til leik og få høve til å velje aktivitetar og uttrykksformer. Dette har vorte meir aktualisert gjennom grunnskolereforma (GR 97) og innføringa av skolefritidsordninga.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i 1995 utgitt heftet "Skoleanlegg, forbedring og fornyelse". Formålet er å gi kommunane og fylkeskommunane rettleiing i arbeidet med planlegging, ombygging og nybygging av skoleanlegg. Tiltaket er følgt opp med gjennomføring av statlege og fylkesvise konferansar der temaet har vore utvikling av skolemiljøet. Det er behov for å utvikle undervisningsmateriell som omhandlar det estetiske miljøet på skolen og som er tilpassa grunnskolen. Skoleprosjektet "Arkitektur og omgivelser" hos Riksantikvaren har gjort eit foregangsarbeid på dette området. Det er vidare utvikla eit nytt valfag i vidare-gåande skole, "Arkitektur og omgivnader", som ein har tenkt skal gi elevane kulturell og samfunnsmessig innsikt og forståing.

Kulturdepartementet har lagt til rette for at statsmidlar kan nyttast til etablering av nærmiljøanlegg som inngår i ein kommunal plan. Nærmiljøanlegg kan lokaliserast på eit eige område eller inntil eit skoleanlegg og/eller idrettsanlegg. Samlokalisering med eit skoleanlegg eller idrettsanlegg føreset at det primært blir brukt til uorganisert idrettsleg aktivitet. Slike anlegg må komme i tillegg til ordinære skoleanlegg og idrettsareal.

På same måte som skolen har eit utval av litteratur i biblioteket, burde det òg finnast eit utval av kunst og/eller kunsthandverk i lokala på skolen. I dag er mange skolar utan biletkunst i fellesareal og i klasserom. Det vil vere viktig å arbeide planmessig med omsyn til kunstnarisk utsmykking av skolane. Det finst fleire måtar å utsmykke skolane på, ved kjøp eller leige av kunst gjennom Kunst i skolen, gjennom avtalar med kunstnarsentra, galleri eller enkeltkunstnarar i lokalmiljøet, og ved utstillingar formidla av Riksutstillingar. Dessutan bør plakatar og reproduksjonar inngå som pedagogisk materiell i undervisninga. I forslaget til den nye lære-planen for faget Kunst og handverk er søkjelyset retta mot den estetiske dimensjonen og det estetiske miljøet som elevane er knytte til. Mange skolar har late elevar samarbeide med kunstnarar om konkrete utsmykkingsoppgåver i skolemiljøet med godt resultat. Desse erfaringane bør systematiserast og bringast vidare til andre skolar. Gode barneteikningar og elevarbeid har òg ein naturleg plass i fellesareala på skolen, men er inga erstatning for profesjonelle kunstuttrykk.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Utvikle undervisningsopplegg med utgangspunkt i skolen si historie og estetiske miljø, om korleis ulike estetiske og arkitektoniske tradisjonar og ideal har nedfelt seg.
  • Samarbeide med kunstinstitusjonane om formidling av kunst og kunsthandverk og engasjement av kunstnarar i skolen.
  • Bruke fagpersonell (bl a kunstnarar, arkitektar) i planlegging og utsmykking av skoleanlegget.

b. Fylkesnivå:

  • Gjennomføre fylkeskonferansar om utvikling av skoleanlegg.
  • Hjelpe til å auke formidlinga av kunst til skolane i fylket.

c. Nasjonalt nivå:

  • Utvikle rettleiingar til læreplanar som fokuserer på verdien av det estetiske miljøet.
  • Vidareføre ordninga med statlege midlar til nærmiljøanlegg og setje krav til den estetiske utforminga av slike anlegg.
  • Spreie informasjon om og gi rettleiing om forbetring og fornying av skoleanlegg.
  • Utarbeide undervisningsmateriell til eit temaopplegg omkring historia og det estetiske miljøet til skolen, som kan tilpassast grunnskolen.

2.4Samarbeid mellom institusjonar, sektorar og forvaltningsnivå

MÅLSETJING:

  • betre utnytting av alle ressursane som er avsette til formidling av ulike kulturtiltak i skolen og nærmiljøet

Det er mange institusjonar, interessegrupper og sektorar som kan vere med og utvikle eit mangfaldig kulturtilbod til barn og unge. Regjeringa er oppteken av at offentleg barne- og ungdomspolitikk blir organisert slik at samarbeid, samordning og heilskapstenking kan fremjast på alle forvaltningsnivå. Også i kommunane er det viktig at kulturarbeidet framstår som sektor-overgripande og slik at ulike etatar og sektorar blir dregne med. Arbeidet som blir gjort i mange kommunar med sikte på ein meir heilskapleg og samordna innsats for barn og unge, blir følgt med interesse.

På fylkesplan kan eit samarbeid mellom fylkeskulturetatane og Statens utdanningskontor ha mykje å seie for ei betre samordning av kulturtilbod til grunnskolen. Statens utdanningskontor har i lengre tid hatt ansvar for tilrettelegging av skolekonsertar frå Rikskonsertane. Dei seinare åra har òg delar av produksjonen gått føre seg regionalt i fylkeskommunen, mens koordineringsansvaret har vore forankra i Rikskonsertane. Ein kunne tenkje seg ein liknande samarbeidsmodell for dei andre riksdekkjande institusjonane.

Eit interessant tiltak er etableringa av såkalla kulturfora. Eit kulturforum er ein felles samarbeidsarena der heim, skole og kulturliv kan møtast som likeverdige partar. Ideen vart lansert av Norsk Musikkråd i handlingsprogrammet for 1991-93, men modellane bør òg kunne utvidast til å omfatte dei andre kunstartene.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Samarbeide med det lokale kunst- og kulturlivet om iverksetjing av pedagogiske utviklingsprosjekt knytte til kunst- og kulturformidling i læreplanane på skolen.
  • Styrkje formidlingskompetansen hos institusjonane gjennom samarbeid med skolen.
  • Utvikle skolen som lokalt kultursenter gjennom samarbeidsavtalar med kunst- og
  • og organisasjonar og andre frivillige lag og foreiningar.

b. Fylkesnivå:

  • Etablere eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og Statens utdanningskontor for å styrkje samarbeidet mellom skole- og kultursektoren.

c. Nasjonalt nivå:

  • Formidle modellar for samarbeid mellom skole og kulturliv på ulike forvaltningsnivå.
  • Vidareutvikle samarbeidet mellom riks-
  • Vurdere samlokalisering av riksinstitusjonane.

2.5Tverrfagleg samarbeid mellom dei estetiske faga og kunstartene

MÅLSETJING:

  • elevar i grunnskolen skal delta i samarbeid med kunstnarar og oppleve eit mangfald av kunstnariske uttrykksformer

Kunstartene har sine eigne institusjonar og formidlingsformer. Differensiering, spesialisering og profesjonalisering har vore drivkrafta i utviklinga av høg kvalitet. Barn og unge må få høve til å møte eit breitt spekter av uttrykksformer i skolen. Men barn har òg behov for mindre spesialiserte tilbod. Dette set krav til ei meir heilskapleg forståing av kunstformidling og større grad av tverrfaglege prosjekt.

Fellesprosjekt vil synleggjere heile den kulturelle dimensjonen i skolemiljøet. Slike prosjekt vil òg kunne vere med og fremje uttrykksformer som ikkje er forankra som eigne skolefag, t d drama/teater, dans, film og andre mediefag.

Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg i denne handlings-planen vekt på å utvikle tiltak som kan stimulere til samarbeid mellom kunstartene. Stortinget har teke initiativ til ei forsøksordning med utvikling av musikkskolar/kunst- og kulturskolar. Vi viser til tidlegare omtale under pkt. 2.2. Norsk kulturråd og Kulturdepartementet har teke initiativ til forsøk i to bydelar i Oslo (Stovner og Ullern) der Rikskonsertane, Riksteatret og Riksutstillingar samarbeider med skolane. Det er òg sett i verk eit prosjekt der Norsk forfattarsentrum og Det norske filminstituttet samarbeider med riksinstitusjonane. Målet er å stimulere til utvikling av nye samarbeidsformer på tvers av kunstområde og faggrenser. Dei estetiske faga i skolen har fått eit særleg ansvar for å utvikle kunnskap om estetikk, om kreative prosessar og om korleis estetiske opplevingar blir skapte og stimulerte. Ønsket om å styrkje sambandet mellom kunstartene er vidareført i vidaregåande opplæring gjennom opprettinga av eit grunnkurs i drama, musikk og dans.

Fleire fylkeskulturetatar, m a i Østfold, Hedmark og Oppland, har prioritert skolerelaterte prosjekt der skapande og utøvande kunstnarar er engasjerte. Det er òg grunn til å nemne Norsk forfattarsentrum som dei siste 25 åra har formidla forfattarar til skolane i landet. Norsk forfattarsentrum har formidla litteratur såvel som forståing for arbeidsmåtar og verkemiddel forfattarar har. Dei har vidare gitt barn og unge erfaringar i å arbeide med eigne tekstar og uttrykk. Dette er erfaringar som kan overførast til andre ytringsformer og kunstarter. Barnas Hus i Bergen har utvikla ein interessant modell på kunst- og kulturområdet i samspel mellom skole- og kultursektoren i kommunen. Det er viktig å understreke at skolar bør oppsøkje og delta i aktivitetar utanfor skolen. For å oppleve og forstå korleis kunstnariske prosessar blir til og utviklar seg, bør elevar få høve til å møte kunstnarar i arbeid.

TILTAK :

a. Lokalt nivå:

  • Leggje til rette for eit nærmare samarbeid mellom musikk-, kunst- og kulturskolane for barn og unge.
  • Sikre at barn og unge får oppleve og delta i eit breitt spekter av kunstnariske ytringsformer i og utanfor skolen.
  • Stimulere til prosjekt som omfattar samarbeid med kunstnarar i og utanfor skolen og utvikle undervisningsmateriell for slik verksemd.

b. Fylkesnivå:

  • Koordinere og leggje til rette for formidling av prosjekt til lokalt nivå.
  • Sikre gjennomføring av nasjonale mål- setjingar for turnéverksemd til skolane ved å klargjere ansvaret for slike tiltak og styrkje samarbeidet mellom skolane og riksinstitusjonane.

c. Nasjonalt nivå:

  • Initiere eit utviklingsprosjekt for grunnskolen i samarbeid med Fellesrådet for kunstfag i skolen, dei kunstpedagogiske miljøa på høgskolane, riksinstitusjonane og andre sentrale kunst- og kulturinstitusjonar.
  • Stimulere til nye forsøksprosjekt i skolen på tvers av faga på skolen og på tvers av ulike kunstarter.

2.6Kunnskaps- og kompetanseheving

MÅLSETJING:

  • kunstnarar, formidlingsansvarlege i kultur- institusjonar og personellet på skolen må få høve til å styrkje sin pedagogiske og kunstfaglege kompetanse

I grunnskolen står behovet for kompetanse-utvikling sentralt. Lærarane er pedagogiske tilretteleggjarar av det eksterne kulturtilbodet overfor elevane. Den generelle læreplanen føreset at den estetiske dimensjonen skal lyftast fram i alle fag. Dette set krav til utvikling av kompetanse og inngåande kjennskap til omgrep som omhandlar estetikk. Ved auka bruk av kunstnarar i skolen aukar òg behovet for pedagogisk kompetanse hos desse faggruppene.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Leggje til rette for kompetanseutvikling for personellet på skolen innan områda kunst og kultur.
  • Utvikle kurstilbod og nettverk for kunst- og kulturformidlarar i skolen.
  • Styrkje formidlingskompetansen hos institusjonane.

b. Fylkesnivå:

  • Styrkje kompetansen på administrativt nivå.
  • Etablere nettverk med representantar frå regionalt og nasjonalt kunst- og kulturliv.
  • Arrangere skole- og kulturkonferansar for utveksling av erfaringar og skolering på tvers av faggrupper.

c. Nasjonalt nivå:

  • Utvikle innhaldet i dei estetiske faga i allmennlærarutdanninga og førskolelærar-utdanninga i tråd med ny læreplan for grunnskolen.
  • Motivere høgskolane til å hjelpe til å skaffe kunstpedagogisk og didaktisk ekspertise for å styrkje grunnutdanning, vidareutdanning og etterutdanning av lærarar.
  • Stimulere Noregs Forskingsråd til auka forsking på kunstformidling, herunder kunstformidling til barn og unge i skolen og samspelet skole- og kultursektoren.
  • Auke kunnskapen om forholdet barn, estetikk og skole ved å stimulere fagmiljø tilknytt Noregsnettet til eit nærmare samarbeid med praksisfeltet.

2.7 Informasjon og læremiddelutvikling

MÅLSETJING:

  • læremidla til bruk i kunst- og kultur-formidlinga på skolen skal betrast
  • det skal utviklast relevant informasjon til alle nivå og målgrupper

Kunstinstitusjonar legg stor vekt på den kunstnariske kvaliteten i framsyninga, utstillinga eller konserten. I mindre grad blir den såkalla sekundærformidlinga, dvs informasjonsmateriell og tilrettelegging for ulike målgrupper, vektlagd. For at lærarane skal kunne fungere som pedagogiske formidlarar, er det viktig at dei får tilstrekkeleg og relevant førehandsinformasjon frå produsentane.

I skolen er det generelt behov for fleire og betre læremiddel til bruk i dei estetiske faga, ikkje berre bøker og rettleiingshefte, men òg lysbilete, videofilmar, CD-plater og andre tekniske hjelpemiddel. Utvikling av desse hjelpemidla og den nødvendige informasjonen bør gå føre seg i samarbeid mellom forlaga, skolesektoren og dei større kulturinstitusjonane. Modellar kan hentast frå bl a Riksteateret. Prosjektrapportar, utstillingskatalogar og programhefte kan ein på ein rimeleg måte gjennomarbeide og gi ut som idé- og inspirasjonshefte til glede for fleire.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Utvikle lære- og hjelpemiddel til bruk i kunst- og kulturformidlinga på skolen.
  • Utarbeide plan for utveksling/sambruk av tilgjengelege læremiddel.
  • Evaluere og vidareutvikle tilbodet om materiell og informasjon til skolane gjennom årlege møte med dei institusjonane og organisasjonane som er aktørar i kulturplanane skolen har.

b. Fylkesnivå:

  • Kartleggje og evaluere distribusjon av informasjon til skoleverket.
  • Koordinere produksjon og distribusjon av informasjon til skolen.

c. Nasjonalt nivå:

  • Utarbeide rettleiingshefte til læreplanar for grunnskolen, som kan vere med og styrkje dei estetiske faga og kulturdimensjonen i alle faga på skolen.
  • Gjere Nasjonalt læremiddelsenter ansvarleg for å utvikle nye metodar og leggje til rette for bruk av media i dei estetiske faga.
  • Gjere det lettare for biblitoteka å kunne bruke ny teknologi i formidlinga til barn og unge.

2.8Evaluering, dokumentasjon og forsking

MÅLSETJING:

  • registreringa av kunst- og kulturtiltak for barn og unge må betrast
  • kunnskap om behovet barn og unge har for kulturtiltak i og utanfor skolen, og effektar av slike tiltak må utviklast vidare

I offentlege dokument og utgreiingar blir behovet for betre dokumentasjon og evaluering av kunst- og kulturtiltak for barn og unge understreka. Det finst i dag ingen nasjonal institusjon eller noko forvaltningsorgan som har spesielt ansvar for å systematisere og vidareutvikle kunnskap om slike tiltak.

Med midlar frå Norsk kulturråd og Kultur-departementet gjennomførte Norsk senter for barneforsking i 1993 ei kartlegging av det profesjonelle kunst- og kulturtilbodet som blir formidla til barn og unge (Arbeidsrapport 13, 1993). Kartlegginga viste manglande dokumentasjon av både tilbod og effektane av slike tiltak. Rutinane som institusjonane bruker for registrering og evaluering blir òg omtalt som delvis mangelfulle og lite eigna for jamføring. Kulturdepartementet har under arbeid eit forprosjekt i samarbeid med Statistisk sentralbyrå som skal munne ut i eit forslag om ein forbetra nasjonal kulturstatistikk. Det er m a behov for auka kunnskap både med omsyn til kvalitative og kvantitative data når det gjeld kulturtilbodet til barn og unge.

For prosjekt med statlege tilskott frå departementa og/eller andre statlege organ blir det sett krav til rapportering. Slike rapportar skal utarbeidast og publiserast. Men det er liten kunnskap om bruken av slike rapportar og om dei er tilgjengelege og blir opplevd som nyttige for aktuelle brukarar lokalt og regionalt.

For ei vidareutvikling vil det vere nødvendig at kvar skole dokumenterer og evaluerer si eiga kulturformidling og forsøksverksemd - både innan dei estetiske faga, andre fag og i skole-

fritidsordninga. Dette arbeidet bør prioriterast, ikkje minst for å synleggjere den kulturelle verksemda på skolen for lærarane, elevane og nærmiljøet. Motivering for eit meir medvete og systematisk arbeid på dette feltet set krav til utdanninga til lærarane, til ressursbruken på skolen og profileringa.

TILTAK:

a. Lokalt nivå:

  • Forplikte arrangørar som får offentleg støtte til kulturtiltak for barn og unge til å gjere ei systematisk registrering og rapportering av deltaking og erfaringar.
  • Stimulere lærarar til å samle erfaringar frå kulturelt utviklingsarbeid.

b. Fylkesnivå:

  • Innhente og formidle erfaringar frå bruk av kunstnarar i skolen, deltaking av elevar i kunstlivet utanfor skolen og korleis kunst- og kulturressursar på fylkesplan blir brukte i skoleverket.
  • Stimulere til utviklingsarbeid og samarbeid på regionalt nivå og hjelpe til med kvalitetssikring i slike prosjekt.

c. Nasjonalt nivå:

  • Initiere eit samarbeid mellom departement og andre som gir støtte til kulturtiltak for barn og unge for å utarbeide retningslinjer for registrering og rapportering av tiltak og deltaking.
  • Opprette ein idébank for kulturprosjekt i skole og nærmiljø.
  • Nytte barn og unge som informantar i undersøkingar om barn og unge sin bruk av kultur, og gjere barn og unge kjende med resultata frå kulturforskinga.
  • Samle og formidle metodar og fagleg utviklingsarbeid til alle som arbeider med kunst og kultur i høve til barn og unge.
  • Stimulere universitet og høgskolar med lærarutdanning til i større grad å knyte forskings- og utviklingsressursen sin mot skolenivået.
Oppdatert 31 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen