Pressemelding

Nr.: 80/02
Dato: 28.06.02

Frå 1. juli: Nye trafikkreglar – for tryggare køyring med snøskuter

Som hovudregel skal det vere forbode å køyre på offentleg veg med snøskuter, eller såkalla beltemotorsykkel.

For køyring med snøskuter i terrenget skal det vere ei fartsgrense på 70 kilometer i timen.

Fartsgrensa for køyring i terrenget med slede, utan passasjer, skal vere 60 kilometer i timen. For køyring med slede, med passasjer, er fartsgrensa 40 kilometer i timen.

Alle som køyrer med snøskuter skal som hovudregel bruke godkjend styrthjelm.

Dette er nokre av dei viktigaste nye reglane i forskrifter som gjeld køyring med snøskuter eller beltemotorsykkel. Endringane vart vedtekne i desember i fjor og skal setjast i verk frå 1. juli i år.

Dei nye reglane legg opp til at det lokale vegkontoret, i visse tilfelle og på visse vilkår, kan gjere unntak frå hovudregelen om forbod mot køyring med snøskuter på offentleg veg. Det kan elles gjerast unntak for politi- og ambulansekøyring og anna utrykkingsteneste og for mellom anna køyring som er ein nødvendig del av reindrift, husdyrbruk eller skogbruk.

I dei særlege tilfella der det ikkje er forbode å køyre med snøskuter på offentleg veg, skal fartsgrensa for slik køyring vere 30 kilometer i timen.

Påbod om bruk av styrthjelm

Det nye påbodet om bruk av styrthjelm under køyring med snøskuter vil i praksis vere på line med det hjelmpåbodet som i dag gjeld for køyring med motorsykkel og moped.

Køyring med snøskuter i samband med reindrift eller skogbruk er ikkje omfatta av det nye påbodet om bruk av hjelm.

Det vil ikkje lenger vil være høve til å gjere unntak for hjelmpåbod på grunnlag av erklæring frå lækjar. Denne endringa omfattar køyring med motorsykkel, moped og snøskuter.

Informasjonstiltak

Samferdselsdepartementet har tidlegare i år, i samarbeid med Politiet og Statens vegvesen, gjennomført tiltak for å gjere kjent dei nye reglane. Dette arbeidet vil bli ført vidare og styrkt i tida fram til vintersesongen tar til.


Til redaksjonen

Pressemeldinga ligg òg føre på samisk

For fleire opplysningar – sjå:

”Forskrift om forbud mot bruk av beltemotorsykkel (snøscooter) på offentlig veg”, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

”Forskrift om kjøring med motorvogn i terrenget og på veg ikke åpen for alminnelig ferdsel”, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

”Forskrift om endring i forskrift 21. mars 1986 nr. 747 om kjørende og gående trafikk (trafikkregler)”, fastsett ved kongeleg resolusjon av 14. desember 2001.

”Forskrift om endring i forskrift 21. september 1979 nr. 7 om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn”, fastsett av Samferdselsdepartementet 19. desember 2001.