Historisk arkiv

Styrking av NRK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 16/02
Dato: 28.02.2002
Kontaktperson: Eksp.sjef Roy Kristiansen, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 04

Styrking av NRK

- Regjeringa meiner det er svært viktig å halda ved lag ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar med eit breitt tilbod av program til heile folket. Dette tilbodet har ein pris. Målsetjinga må følgjast opp med stabile og betra økonomiske rammevilkår, sa kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland i si orientering om NRK i Stortinget i dag.

Ho uttrykte ein klar vilje til å betre NRKs rammevilkår, og trakk opp tre alternativ for å betre den økonomiske stoda i NRK; anten å auka inntektene til NRK direkte gjennom ei heving av kringkastingsavgifta, å redusera kostnadene til NRK gjennom endringar i avgiftssystemet eller ved ekstraordinære løyvingar til NRK over statsbudsjettet.

- Regjeringa har ikkje trekt nokon endeleg konklusjon, men kjem attende med konkrete framlegg i samband med statsbudsjettet, sa statsråd Svarstad Haugland.

Ho viste til at utgangspunktet for den statlege mediepolitikken er å sikra ytringsfridomen som ein føresetnad for eit levande folkestyre. Eit anna hovudmål for mediepolitikken er å sikra kulturelt mangfald og eit norskspråkleg medietilbud. - Meir enn nokon gong er det trong for ei truverdig kjelde til informasjon og underhaldning, på norsk og med grunnlag i norsk kultur og tradisjon. Lisensfinansieringa gir NRK ein fridom frå kommersielle omsyn som gjer det mogleg å produsera program som reklamefinansierte allmennkringkastarar ikkje kan tilby, sa statsråden.

Statsråden orienterte også om den utlysingsmodellen som er valt i land som Storbritannia, Finland og Portugal. Modellen inneber at den kapasiteten som ikkje er sett av til allmennkringkastarane blir disponert av eitt selskap, som så deler kapasiteten ut til andre i samsvar med retningsliner frå styresmaktene.

- Regjeringa vurderer om det bør leggjast opp til dei same prinsippa i Noreg, noko som vil innebera at kapasiteten vil bli tildelt ein aktør som vil få konsesjon etter kunngjering. - Regjeringa har ikkje konkludert endeleg, men vil no senda dette opplegget på allmenn høyring. Når vi har fått inn alle synspunkt, vil det bli tatt endeleg stilling, understreka Svarstad Haugland.

Ho tok ikkje berre opp den økonomiske stoda i verksemda, men også prinsippa for styringa av NRK.

- Utgangspunktet må vera – for NRK som for andre statseigde aksjeselskap – at staten si styring skjer på eit overordna nivå. Innanfor rammene av allmennkringkastings-oppdraget må styret og leiinga i selskapet ha stort handlingsrom.

- Avgjerder som har direkte og vesentlege konsekvenser for sjølve allmennkringkastingstilbodet er derimot ei politisk sak, påpeika kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland si orientering om NRK finn du på http://odin.dep.no/kkd