Pressemelding

Nr.: 45/2006
Dato: 27.10.06
Kontaktperson: Informasjonsrådgiver Jan-Anders Dam-Nielsen, 415 07 554

Eit eNoreg i god utvikling

Regjeringa har det siste året tatt eit langt steg nærare realiseringa av eNoreg 2009. Status i oktober 2006 viser at det er ei markant utvikling i forhold til mange av måla, og at vi er i fremste rekkje internasjonalt på mange områder innan IKT.

- Dei fleste tiltaka for 2007 i eNoreg-planen er allereie utkvitterte. Rapporten viser at det har skjedd ei markant utvikling berre på eitt år, seier ein nøgd Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, som i dag presenterte undervegsrapporten for eNoreg 2009.

Dei ambisiøse målsetjingane for IKT-utviklinga i Noreg som ligg i eNoreg 2009-planen blir realiserte i form av ein brei dugnad, der mange aktørar både innanfor og utanfor forvaltninga deltek. Planen har som mål å sikre at alle skal ha tilgang til informasjonsteknologi og tenester, og at offentlege tenester i størst mogeleg grad skal gjerast digitalt tilgjengelege.

Eit langt sprang nærmare
Undervegsrapporten som Heidi Grande Røys presenterte i dag skildrar korleis Regjeringa har følgt opp eNoreg-planen. Rapporten gir ei samla vurdering av status, med 70 indikatorar som grunnlag for analysen.

eNoreg-initiativet blei fyrste gong lansert i juni 2000 av den fyrste Stoltenberg-regjeringa. Fokus og innhald i planane har endra seg i takt med utviklinga, men hovudbodskapen har i stor grad vore den same. Den noverande planen blei lagt fram av Bondevik-regjeringa i 2005.

- Vi er i fremste rekkje internasjonalt med omsyn til offentlege tenester på nett, spreiing av mobilteknologi, bruk av IKT i industri og næringsliv og gode offentlege register og tenester, seier Grande Røys.

Eit sentralt mål i eNoreg-planen er at Noreg skal vere leiande internasjonalt når det gjeld å tilby elektroniske tenester frå det offentlege. I 2005 var det heile 1,3 millionar unike brukarar av tenesteportalen Altinn og to av tre føretak er nøgde eller svært nøgde med offentlege digitale tenester. Regjeringa skal vidareutvikle Altinn som eit verkty for å nå målsetjingane om elektronisk kommunikasjon mellom det offentlege og brukarane, og for effektivisering- og samordningsgevinstar for både offentleg og privat sektor.

eNoreg-planen seier òg at alle skal ha tilgang til Internett. Regjeringa sitt verkemiddel for utvikling av breibandsinfrastruktur og elektroniske tenester i offentleg sektor er Høykom-programmet, som i revidert nasjonalbudsjett i fjor blei tilført ytterlegare 50 millionar kronar. For 2007 har regjeringa foreslått ei total løyving til breiband på nær 122 millionar kronar. Ferske tal viser at 95% av alle nordmenn har tilgang til breiband, og løyvingane i fjor førte til at ein tredel av dei som ikkje hadde tilgang før no skal få logge seg på ei rask line ut på verdsveven.

Varslar auka samordning
Rapporten peikar på at det vil krevjast auka samordning på tvers av statlege verksemder og overfor kommunesektoren. Samordninga vil dreie seg både om politikk og strategiar, og ikkje minst om erfaringsformidling og kompetanseutvikling.

– Derfor skal vi og jobbe for å lyfte IKT-politikken endå høgare på den politiske dagsordenen, seier Grande Røys.

Rapporten peikar på sentrale utfordringar for å nå måla i eNoreg. Ei hovudutfordring er arbeidet med å sikre digital inkludering. Nordmenn generelt har solid bruk av IKT, men det er framleis demografiske forskjellar. I følgje undersøkingar meiner om lag halvparten av den norske arbeidsstyrken at PC-kunnskapane deira ikkje er fullstendige eller tilstrekkelege i forhold til krava som blir stilte i arbeidslivet. Det er vidare ei utfordring å utnytte digitalisering til fornying og til å etablere fleire og betre digitale tenester retta mot innbyggjarar og næringsliv. Raskare overgang til bruk av elektroniske forretningsprosessar og ehandel i offentleg sektor i tillegg til forsking på IKT blir også peikt på som sentrale utfordringar.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet arbeider no med ei omfattande stortingsmelding om IKT-politikk som skal leggjast fram før jul.

– Min intensjon er at vi i denne meldinga skal svare aktivt på dei utfordringane som undervegsrapporten for eNoreg tek opp, avsluttar Grande Røys.